Tekstilbransjen kan få strengare krav som aukar ombruk
Tekstilprodusentar må ta ansvar for produkta sine – også når dei hamnar i søpla. Miljødirektoratet føreslår nye krav for ein meir berekraftig bransje.

– Dagens produksjon, forbruk og avfallshandtering av tekstilar må bli meir berekraftig, og då blir eit utvida produsentansvar viktig. Vi veit at mange kommunar, organisasjonar og avfallsaktørar har ynskja seg dette, og vi ser fram til å få innspel til Miljødirektoratet sitt forslag, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
I 2022 vart det sett over 105 000 tonn nye tekstil i form av klede, fottøy og hushaldstekstilar på marknaden i Noreg. Dette svarer til cirka 19 kilo tekstilar per nordmann, ifølgje Norsk institutt for bærekraftsforskning.
– Nordmenn har eit høgt forbruk av tekstilar. Med forslaget vårt om produsentansvar må dei som sel tekstilar ta ansvar for desse, også når dei ikkje lenger er i bruk. Dette vil vere eit viktig steg mot ein meir sirkulær økonomi for tekstilar, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd eit forslag til forskrift til produsentansvar for tekstilar.
Forslaget inneber at bedrifter (frå no omtalt som produsentar) som sel klede og tekstilar til norske forbrukarar – også via netthandel – får ansvar for produkta når dei blir kasta. Formålet er å auke ombruk av tekstilar og materialgjenvinning av tekstilavfall.
Miljødirektoratet føreslår at reglane trer i kraft 1. januar 2027.
Forslaget byggjer på EUs siste endring av rammedirektivet om avfall, som krev at medlemslanda innfører utvida produsentansvar for tekstilar.
Produsentar må betale for innsamling og behandling av tekstilar
Utvida produsentansvar inneber mellom anna at produsentane skal betale nødvendige kostnader for innsamling, transport og behandling av tekstilar som dei gjer tilgjengelege på marknaden i Noreg. Produkta det gjeld er mellom anna klede og sko, men også hushaldstekstilar som sengetøy og gardiner.
Produsentane skal melde seg inn i eit godkjend produsentansvarsselskap, som skal sikre at pliktene deira blir varetekne. Produsentane betaler inn ein sum til produsentansvarsselskapet som skal dekkje kostnadene ved å oppfylle krava til produsentansvaret.
Faktaboks: Tekstilprodusent
- Ein produsent er litt forenkla eit samleomgrep for framstiller, importør og distributør som uavhengig av salsform (inkludert netthandel) gjer tekstilar tilgjengeleg for første gong på den norske marknaden.
- Definisjonen inkluderer også tilfelle der aktørar etablert i eit anna land gjer tekstilar tilgjengeleg direkte til sluttbrukarar i Noreg ved fjernsal. Det er viktig å lese definisjonen nøye for å forstå kven som er produsent i ulike tilfelle.
Faktaboks: Utvida produsentansvar
- Utvida produsentansvar sørgjer for rett handtering og materialgjenvinning av visse typar avfall.
- Produsentar får, gjennom utvida produsentansvar, ansvar for å finansiere at produkta dei gjer tilgjengeleg på marknaden blir handterte når desse produkta blir avfall.
- Produsentar oppfyller sine plikter ved å melde seg inn i eit godkjend produsentansvarsselskap for produkta sine. Utvida produsentansvar blir ofte forkorta og berre omtalt som produsentansvar.
- Det inneber at kostnaden for avfallshandtering blir inkludert i prisen på produktet, i samsvar med prinsippet om at forureinar skal betale. Dermed blir produsenten gitt insentiv til å redusere denne kostnaden gjennom å lage produkt som er meir haldbare, lette å ombruke og å materialattvinne.
- Dette verkemiddelet har vore i bruk på ei rekkje område sidan 1990-talet, primært som eit avfallspolitisk verkemiddel for å fremje materialgjenvinning og forsvarleg avfallshandtering.
Lenkje: Utvida produsentansvar - miljodirektoratet.no
Lenkje: Kva plikter har produsentansvarsselskap? - miljodirektoratet.no
Byggje vidare på eksisterande ordningar
Miljødirektoratet tilrår at innsamlingssystemet byggjer vidare på dagens ordningar, og at ansvaret til kommunane blir vidareført. Sosiale økonomiske aktørar – som Fretex og liknande – skal framleis kunne samle inn tekstilar.
Det betyr at produsentansvarsselskap må samarbeide med kommunar og sosiale økonomiske aktørar, og dekkje dei nødvendige kostnadene deira til innsamling og avfallshandtering.
– Vi veit at mykje av tekstilavfallet er ombrukbart og det er viktig at ombruk blir prioritert då det gir størst klima- og miljøgevinst. Det er fleire aktørar i dag som gjer ein viktig jobb med å fremje ombruk av tekstilar. Å innføre produsentansvaret vil derfor støtte opp under aktivitetane deira. Ei utfordring i dag er at det ikkje er tilstrekkelege behandlingsløysingar for tekstilavfallet som blir samla inn. Forventninga vår er at produsentansvaret vil bidra til å finansiere eksisterande, men også nye løysingar, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Enklare for forbrukarar å ta miljøvennlege val
Produsentane skal sørgje for å informere befolkninga om korleis tekstilane kan brukast om igjen og kastast rett. Det skal mellom anna informerast om tilgjengelege ordningar for ombruk og reparasjon, og dessutan korleis forbrukaren kan bidra til å redusere mengda tekstilavfall.
Rom for justeringar i ordninga
Dette er ei ny produsentansvarsordning, og Miljødirektoratet tilrår å ikkje regulere meir enn nødvendig for å gjennomføre direktivet i første omgang. Erfaring frå andre ordningar tilseier at det vil dukke opp problemstillingar som kan krevje forskriftsendringar etter forholdsvis kort tid. EU vil også kome med detaljerte regelverk som kan påverke utforminga.
Relevante lenkjer
Lenkje: Kunnskapsstatus for tekstil og tekstilavfall i Noreg, Norsus, 2023
Nøkkelord
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ny rapport: Slik kan klimaet i Norge bli framover27.10.2025 11:00:46 CET | Pressemelding
Norge står foran store klimaendringer. Klima i Norge-rapporten gir et oppdatert kunnskapsgrunnlag for å tilpasse samfunnet til et endret klima.
Ny rapport: Slik kan klimaet i Noreg bli framover27.10.2025 11:00:46 CET | Pressemelding
Noreg står framfor store klimaendringar. Klima i Noreg-rapporten gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for å tilpasse samfunnet til eit endra klima.
Brannskum med PFAS blir forbudt23.10.2025 12:39:38 CEST | Pressemelding
En ny restriksjon forbyr bruk av stoffgruppen per- og polyfluoralkylstoffer (PFAS) i brannskum. Flere overgangsperioder gjelder.
Sedimentene i Oslofjorden består av opptil tre prosent bildekk22.10.2025 18:01:16 CEST | Pressemelding
Miljøovervåkning bekrefter at bildekkpartikler er den største kilden til mikroplast i norsk natur.
Sedimenta i Oslofjorden består av opptil tre prosent bildekk22.10.2025 18:01:16 CEST | Pressemelding
Miljøovervaking stadfestar at bildekkpartiklar er den største kjelda til mikroplast i norsk natur.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom