Aukar køyrehøgda i E16 Knoltatunnelen
9.10.2025 08:22:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
For å betra tilhøva for transportnæringa, aukar Statens vegvesen no køyrehøgda i E16 Knoltatunnelen mellom Evanger og Bulken i Voss herad.

For å betra tilhøva for transportnæringa, aukar Statens vegvesen no køyrehøgda i E16 Knoltatunnelen mellom Evanger og Bulken i Voss herad.
– Me senkar vegen for å auka køyrehøgda. Med dette grepet unngår me problemet med at høge køyretøy tek borti tunneltak eller høgdeavgrensar, seier Per Arne Blindheim som er teknisk byggjeleiar tunnel i Statens vegvesen.
I samband med arbeidet vert det alle dagar lysregulering klokka 06.00-20.00 (nokre dagar med fylgjebil) og fylgjebil kvar natt klokka 20.00-06.00.
Eitt køyrefelt vil til ei kvar tid vera stengt. Dette er naudsynt for å sikra tryggleiken både for arbeidarar og trafikantar.
– Me ber trafikantar berekna noko ekstra tid, og visa omsyn til mannskapar og skilting i området.
Arbeidet startar måndag 13. oktober, og tek etter planen ein månad.
– Me jobbar døgnkontinuerleg for å gjera arbeidsperioden så kort som mogleg, seier Blindheim.
Nøkkelord
Kontakter
Per Arne BlindheimTeknisk byggjeleiar tunnel, Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:976 35 290per.arne.blindheim@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Godt i gang med skredsikring på Skredestranda22.5.2026 12:57:02 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen er godt i gang med skredsikring på E39 Skredestranda i Stad kommune i Nordfjord.
Vegarbeid på E136 ved Førnessvingen i Vestnes kommune22.5.2026 12:49:23 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter i juni vegarbeid på E136 ved Førnessvingen, mellom Gjermundnes og Hjelvika i Vestnes kommune. Arbeidet skal pågå til desember 2026.
Lyser ut konkurranse om ny Fale bru i Sunndal22.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har lyst ut konkurransen om å bygge ny bru på Rv. 70 over elven Driva. Anslått kostnad er på 453 millioner kroner.
Brannøving i rv. 13 Fatlatunnelen21.5.2026 18:49:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, saman med nødetatane og Sivilforsvaret, fullskala brannvernøving i Fatlatunnelen tysdag 26. mai.
Statens vegvesen avslørte «postkassefirma»21.5.2026 12:53:21 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tilbakekalt alle transportløyvene til et transportselskap som kun var etablert i Norge med en postadresse, uten reell drift i landet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom