– Gjorde fleire utbetringar på tunnel når vi likevel var inne og gjorde vedlikehald
9.10.2025 12:00:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
– Jobben med Vågstunnelen viser kor mykje vi kan gjera i ein tunnel når vi likevel er inne, med god planlegging og godt samarbeid med ein dyktig og framoverlent entreprenør.

Det seier byggeleiar Espen Skjærbekk og praktisk tunnelforvaltar Karoline Bakken Bråthen i Statens vegvesen.
Dei snakkar om rv. 13 i Suldal i Rogaland, og jobben Vegvesenet har gjort i den 837 meter lange Vågstunnelen i Ryfylke, ikkje langt frå grensa til Vestland.
Suldal er landets største kraftkommune (står aleine for 4,5 prosent av landets samla kraftproduksjon), og den alt store næringstrafikken i området vil truleg auka i samband med meir kraftutbygging i området Suldal-Røldal.
– Dette var jobbane vi gjorde
Statens vegvesen har alt utbetra nokre tunnelar i området, og har førebudd resten.
I Vågstunnelen var vass- og frostsikring det aller mest nødvendige.
Ei anna utfordring i denne tunnelen frå 1980 var lav køyrehøgde. Med 4,10 meter var det ikkje uvanleg at høge køyretøy tok borti tunneltaket eller høgdeavgrensaren og gjorde skadar på desse.
Også dette var eit arbeid Statens vegvesen sterkt ynskte å få gjort, då det ville gje meirverdi i form av betre køyreoppleving for trafikantane.
– Takka vera godt samarbeid med entreprenør BMO Tunnelsikring, fekk vi ordna det slik at når vi likevel var inne i tunnelen, fekk vi også auka køyrehøgda til 4,50 meter. Med det vart høgdeproblemet for køyretøy heilt vekke. I tillegg monterte vi kabelbru med lys i taket, slik at belysninga vart langt betre.
– Dette bidreg til å minimera ulempene for trafikantane, noko som alltid er viktig for Vegvesenet
– Det er alltid avgjerande for Vegvesenet å freista å minimera ulempene for trafikantane. Med å gjera mykje arbeid når vi likevel var inne i tunnelen, vart det mindre ulemper for trafikantane enn om vi skulle gått inn seinare i same tunnel for å gjera eit nytt arbeid, seier Bråthen og Skjærbekk.
– Same arbeidsopplegg brukte me også i Suldalsporten, ein tunnel litt lenger ute på rv. 13 langs Suldalsvatnet, då med gjorde tilsvarande arbeid der etterpå, avsluttar dei.
Nøkkelord
Kontakter
Espen SkjærbekkByggeleiar Statens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:908 11 760espen.skjaerbekk@vegvesen.noKaroline Bakken BråthenPraktisk tunnelforvaltar, Statens vegvesen drift og vedlikehald
Tel:922 09 326karoline.bakken.brathen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nytt digitalt verktøy for dimensjonering av vegoverbygninger11.3.2026 09:14:10 CET | Pressemelding
Et nytt dimensjonseringsverktøy gir ny innsikt i hvordan oppbygging av nye veger påvirker tilstandsutvikling over tid.
E134 Etne: Opnar ikkje før neste veke10.3.2026 14:06:03 CET | Pressemelding
Statens vegvesen kan ikkje opna E134 ved Fjæra i Etne før i neste veke.
Ny brøytestasjon på vegen til Nordkapp styrker beredskapen for trafikantene10.3.2026 11:22:08 CET | Pressemelding
Den nye brøytestasjonen på Hønsa på E69 mot Nordkapp gjør livet lettere for de som brøyter noen av landets tøffeste vinterstrekninger, samtidig som værfaste trafikanter blir tryggere.
Øving i rv. 13 Butunnelen10.3.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Tysdag 17. mars held Statens vegvesen brannvernøving i rv. 13. Butunnelen i Eidfjord.
Fortsetter med arbeid i Brattlitunnelen10.3.2026 08:10:00 CET | Pressemelding
Mandag 16. mars starter Statens vegvesen opp igjen med utbedringsarbeidet i Brattlitunnelen på riksveg 827 nord for Kjøpsvik i Narvik kommune. Tunnelen blir stengt om natten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom