Blir barna våre oppslukt av "ingenting"?
- Barna våre er i ferd med å bli oppslukt av ei form for "ingenting", seier regissør for Den uendelege historia, Peer Perez Øian. Han siktar til den utstrakte skjermbruken dagens unge er utsette for, som øydelegg leiken og drep fantasien til barna våre. No tek regissøren opp kampen mot dette "ingentinget" med oppsetjinga av Michael Endes kjende roman Den uendelege historia.

DEN UENDELEGE HISTORIA
av Michael Ende
PREMIERE LAURDAG 18. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN
I ei tid da barn les stadig mindre og regjeringa set av penger til eit "leseløft" for dei yngste, slår regissør Peer Perez Øian også eit slag for å bidra til lesegleda og fantasien til dei som er så gamle at mange sluttar å leike, om dei ikkje alt har gjort det.

Fantasieggande univers
Med Den uendelege historia slår Det Norske Teatret på stortromma for barn, og tek heile Hovudscenen i bruk. I Peer Perez Øians regi blir framsyninga gjennomkomponert av artist Sol Heilo, Arne Nøst har laga ein scenografi som byr på spektakulære scenebilde i samarbeid med videodesignar Åsmund Bøe, og Bianca Deigners fantasirike kostme skapar spennande karakterar. Målet er å opne rom for at barna skal dikte med sjølve:
- Så vi eksperimenterer mykje med det litt abstrakte og antydande. Litt som ei barneteikning som blir levande, forklarar Perez Øian.
Les heile intervjuet.

Til kamp mot "ingentinget"
I Den uendelege historia møter vi mobbeofferet Bastian, som nett har mista mor si. Faren har nok med å takle si eiga sorg, og klarer ikkje vere ein god forelder. Men ein dag kjem Bastian over ei bok, som i teaterversjonen er eit sufflimanus, og blir bokstaveleg talt oppslukt av dette. Der inne møter han fantastiske og fantasirike skapningar som lykkedraken Fuchur og helten Atréju, som skal redde barnedronninga. Riket hennar, Fantásia, er i ferd med å bli slukt av den mystiske krafta "ingentinget" fordi barn i den verkelege verda er i ferd med å miste evna til å fantasere, drøyme og lage historier. Bastian blir venn med Atréju, og saman kjempar dei for å redde både dronninga og Fantásia.

Ina Svenningdal spelar hovudkarakteren Bastian, som etter kvart blir fortapt i si eiga fantasiverd og vender seg mot vennen Atréju og sårar han.
- Bastian blir faktisk radikalisert, seier regissøren.
- Men heldigvis blir han også redda av vennene, som gir verdsbildet hans motstand.
Klassikar i barnelitteraturen
Den uendelege historia er opphavleg ein roman, skriven av Michael Ende og utgitt i 1979. Ho blir rekna som ein klassikar innan barne- og ungdomslitteraturen. Boka blei filmatisert i 1984 av Wolfgang Petersen, og tittelsongen av den britiske artisten Limahl, blei ein monsterhit. No blir boka nok ein gong filmatisert i Hollywood, men først skal ein ny teaterversjon nå ut til norske barn.

Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder





























Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Suksessversjon av Les Misérables får noregspremiere6.11.2025 07:05:00 CET | Pressemelding
Danske kritikarar jubla da teaterversjonen av Les Misérables hadde premiere på Betty Nansen Teatret i København, og framsyninga hanka inn den gjæve teaterprisen Reumert for Beste samspel. No skal eit norsk publikum få oppleve "Les Mis" i rå teaterform.
Eit eventyr om kommersialisering av kunsten30.10.2025 08:04:15 CET | Pressemelding
Magic Mouse vs. Capitalism tek eit oppgjer med korleis kommersielle krefter tømmer kunsten for innhald.
Urpremiere: Forandre seg: metode av Édouard Louis15.10.2025 11:40:01 CEST | Pressemelding
Laurdag er det urpremiere på Kjersti Horns femte iscenesetjing av Louis’ romanar. Forandre seg: metode blir spelt i ein dusj og filma til ein skjerm som står på Scene 2.
SUKKER - svart komedie om kvite blindsoner7.10.2025 14:16:10 CEST | Pressemelding
Korleis er det å vere melaninrik i Noreg i dag? Og korleis fargar historia denne erfaringa? Med SUKKER set regissør og manusforfattar Linda Gathu spørsmålsteikn ved det vi trur vi veit om historia vår. Med eit skrått og humoristisk blikk tek ho oss gjennom dei siste 400 åra med afro-norsk historie, inspirert av historiske personar.
Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 311.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Only Slime overgår dei fleste i å blande sjangrar. I Dragonblood møter teater klubbkultur, viking live møter K-pop og salen blir sugd inn i eit spelinspirert eventyr som ikkje kan bli sett på pause. Ei på alle måtar omsluttande og radikal oppleving. Publikum er med dette åtvara.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom