33 landskap i Telemark med i nasjonal oversikt
No er Telemark fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Dei 33 landskapa strekk seg frå Møsstrond i nord til Kragerø i sør.
– Telemark er høgfjell og hav. Det unike kulturlandskapet i området har i praksis dei same grensene som Skien syssel hadde for 700 år sidan, seier Thea Aaberge Wikander, rådgjevar hjå Riksantikvaren.
– Landskapa og kulturmiljøa i Telemark er ei levande historiebok, som syner lange linjer frå pionerbusetnad til industrirevolusjon, seier Wikander.
Kulturhistoriske landskap i Telemark er ei oversikt som skal syne mangfaldet av landskap i fylket og i landet. Oversikta skal først og fremst vere eit kunnskapsgrunnlag for forvaltinga i kommunane og hjå andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og landskapa blir ikkje freda.
Les meir om kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.
– Vi vonar at oversikta bidreg til auka kunnskap og forståing for verdiane i landskapa våre, og vere til nytte i arealplanlegging og forvalting, seier Wikander.
Telemark fylkeskommune har foreslått område og utarbeidd skildringar, og oversikta var på høyring i 2024. Sidan då har Riksantikvaren arbeidd vidare fram mot ferdigstilling av oversikta.
Kva er spesielt med landskap i Telemark?
Telemark strekk seg frå høgfjell til ytterkyst. Landskapet er kupert og uoversiktleg. Det kjenneteiknast av fire vassdrag som bind regionen saman, og Hardangervidda i nord som rammar Telemark inn.
– Vassdraga har prega samfunnsutviklinga og påverka busetnadsmønster, bidrege til kulturutveksling og vore viktig for handel, ressursutnytting, og industriutvikling, seier Wikander.
Telemark har ei lang historie, frå nomadiske jegarar etter istida til etablering av jordbruk for om lag 6000 år sidan. Jakt, fangst og fiske har vore viktige næringar, og stølsdrift og bruk av utmark har forma kulturlandskapet.
Regionen har ein rik bondekultur med sterke tradisjonar innan kunst og handverk, og mange mellomaldergardar er bevarte. Industrihistoria starta med jernproduksjon og brynestein, og utvikla seg med gruvedrift og trelasthandel.
– På 1800- og 1900-talet vart Telemark eit pionerområde for vasskraftbasert industri. Papirfabrikkar og Norsk Hydros kunstgjødselproduksjon i Notodden og Rjukan markerte den andre industrielle revolusjonen, og kraftverk som Vemork og Såheim vart bygde, seier Wikander.
Rjukan-Notodden industriarv er i dag ein del av UNESCOs verdsarv. Telemark har òg vore prega av militær aktivitet, frå bygdeborgar i jernalderen til spor etter okkupasjonen under andre verdskrigen.
Dette er dei 33 landskapa
- Korsalen kalksteinsbrudd
- Langesund by
- Stathelle
- Moisesberg
- Folkestadbyen
- Hjartdal og Svartdal
- Kragerø sentrum med Øya
- Stråholmen
- Nes og Sauer
- Årnes brygge
- Høgefoss kraftstasjon
- Vrangfoss og Eidsfoss sluser
- Ulefoss
- Heddal
- Lifjell – stølsområde og skogdrift
- Svelgfoss kraftstasjon
- Notodden sentrum – Delområde Grønnebyen
- Notodden sentrum – Delområde Villamoen
- Notodden sentrum – Delområde Jugendbyen
- Vallermyrene leir
- Brevik
- Verksteds-, brynesteins- og porselensområdet
- Gjerpensdalen og Fossum
- Skotfoss
- Skien sentrum
- Snipetorp
- Vestfjorddalen
- Delområde Våer
- Delområde Rjukan Company Town
- Eidsborg og brynesteinslandskapet
- Åmdalsverk og Bandaksli
- Austbø, Lognvik og Øygarden
- Møsstrond
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder



Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Ekstremværet Amy truer 75 viktige områder med mange kulturminner3.10.2025 10:13:56 CEST | Pressemelding
– Ekstremværet kan treffe kulturarven vår midtskips, sier riksantikvar Hanna Geiran. – Liv og helse er alltid viktigst, men Agder, Vestfold og Telemark er også områder med rike kulturmiljøer.
Ekstremvêret Amy truar 33 viktige område med mange kulturminne3.10.2025 10:13:56 CEST | Pressemelding
– Ekstremvêret kan treffe kulturarven vår midtskips, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Liv og helse er alltid viktigast, men Agder, Vestfold og Telemark er også område med rike kulturmiljø.
15 landskap i Nordland med i nasjonal oversikt26.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er Nordland fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.
15 landskap i Nordland med i nasjonal oversikt26.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er Nordland fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.
Kirkebevaringsfondet utvider tilskuddene18.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Kirkebevaringsfondet lyser ut tilskuddene for 2026. Nå kan også kulturaktører søke midler til prosjekter som formidler eller engasjerer flere i den kirkelige kulturarven.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom