Statens vegvesen etablerer døgnkvileplass mellom Knarvik og Oppedal
6.10.2025 13:29:36 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen skal opprette døgnkvileplass på E39 mellom Knarvik og Oppedal.

Konkurransen omfattar etablering, drift og vedlikehald av ny døgnkvileplass for tungtransport langs den åtte mil lange strekninga sør for Sognefjorden.
Frist for prekvalifisering er 7. november klokka 12.00. Frist for å levera tilbod er 09. desember klokka 12.00.
Tilbodskonferansen finn stad 17. oktober klokka 12.00 på Teams. Her finn du lenke til utlysinga.
Det er aktuelt å inngå kontrakt med ein privat aktør/leverandør. Statens vegvesen legg opp til ei ordning med betaling for årleg leige.
Dette er krava til døgnkvileplassen
– Det er behov for mellom 15 og 20 oppstillingsplassar på strekninga. Vi krev at døgnkvileplassen må ha serviceanlegg med toalett, dusj og oppholdsrom/spiserom med moglegheit for matlaging, seier byggeleiar Henrik Knarvik i Statens vegvesen.
Køyreavstand frå E39 til døgnkvileplassen skal vera maksimalt éin kilometer.
Det vil bli etablert ladeinfrastruktur for tungbil.
Kvifor døgnkvileplass?
Målet med denne anskaffinga er å gje eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføra normal døgnkvile, redusert vekekvile (maks 45 timar) eller ta pausar (45 minutt) innanfor regelverket om køyre- og kviletid.
Køyre- og kviletidsreglane pålegg sjåførane som køyrer tunge bilar å ta pausar og kvila tilstrekkeleg lenge til å få ein normal søvnperiode.
Utkvilte sjåførar er trygge sjåførar. Trygge sjåførar er oppmerksame sjåførar som bidreg til betre trafikktryggleik for oss alle, i tråd med nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken.
Statens vegvesen ynskjer å vera ein ansvarleg vegeigar for alle trafikantar.
Å leggja til rette for at tungtransportsjåførar kan ta si lovpålagde døgnkvile, er ein del av dette samfunnsoppdraget.
Når skal døgnkvileplassen opna?
Statens vegvesen ønskjer å signera kontrakt våren 2026, og opna døgnkvileplassen innan 1. april 2027.
Avtaleperioden gjeld i utgangspunktet 10 år, men opsjon for leigetakar å forlenga avtalen 1 + 1 år til totalt 12 år.
Statens vegvesen har døgnkvileplassar over heile landet. Oversikta finn du her.
Nøkkelord
Kontakter
Henrik KnarvikByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:41223062henrik.raymond.knarvik@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 over Haukeli åpner ikke før seint i kveld15.5.2026 16:50:36 CEST | Pressemelding
Det er usikkert når E134 Vågslidtunnelen vil åpne igjen, og vegen over Haukelifjell vil dermned være stengt.
Nattestengd på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen15.5.2026 14:27:18 CEST | Pressemelding
Natt til tysdag 19. mai tar Statens vegvesen til med å skifte ut stikkrenner på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen i Stad kommune. Det inneber at vegen vil vere stengd ved Lid mellom midnatt og klokka 04 fram til natt til laurdag.
Asfaltering i Bodø kan gi ventetid og støy15.5.2026 13:39:56 CEST | Pressemelding
Mandag kveld starter asfaltering på riksveg 80 i Bodø. Dette innebærer trafikkregulering og kan medføre noe ventetid på kvelden og natta de neste ukene.
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom