Første salve på det som skal bli Noregs fjerde lengste tunnel
29.9.2025 14:18:46 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
29. september blei ein merkedag for E134 Røldal-Seljestad. No har drivinga av den 12,4 km lange eitløps-tunnelen starta.

I dag trykka Ullensvang kommune sin ordførar, Roald Aga Haug, på utløysarknappen som markerte starten for drivinga av den nye Røldalstunnelen. Vegprosjektet skal gjere fjellovergangen E134 til ein meir føreseieleg reiseveg året rundt, og fjernar også 1000 høgdemeter på strekninga.
– I dag kan vi endeleg feire at vi er eit steg nærmare å gjere fjellovergangen E134 til ein tryggare transportåre mellom aust og vest, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
Sikkerheit i sentrum for tunneldrivinga
Den nye Røldalstunnelen blir over 12 kilometer lang, og krev difor ei eiga godkjenning etter tunnelsikkerheitsforskrifta. For å sikre trygg ferdsel for alle køyretøy, har prosjektet også prosjektert fem store, sirkulære snunisjar som er dimensjonerte for at modulvogntog skal kunne snu. I tillegg kjem to snunisjar for brøytebilar ved tunnelmunningane, som vil gjere vinterdrifta enklare.
– Dette er den lengste vegtunnelen i landet der entreprenøren sjølv har utarbeidd søknad om sikkerheitsgodkjenning. Det har vore eit krevjande arbeid, men arbeidsfellesskapet har levert eit godt stykke arbeid, skryter prosjektleiar Frode Lykkebø.
Vegomlegging før jul
Når påhogget er klart i slutten av oktober startar entreprenøren også driving frå austsida ved Vetlehovden på Liamyrane, slik at tunnelarbeidet skjer frå begge ender.
– Utover hausten blir det viktig å finne ein god rytme i tunnelarbeidet. Boring, sprenging, sikring og utlasting må gå saumlaust for å sikre effektiv drift, forklarar prosjektleiar Frode Lykkebø.
Hausten fører også med seg endringar i vegnettet ved Liamyrane. Allereie før jul blir det vegopning med permanent omlegging av trafikken til det som i framtida skal bli Riksveg 13. Omlegginga vil sikre god trafikkflyt, også når dumparane fraktar stein ut frå fjellet.
Om prosjektet:
Prosjektet er ei totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel mellom Seljestad og Røldal med dagsoner og kryss i kvar ende. 31. mars signerte Statens vegvesen kontrakt med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS
Kontrakten omfattar bygging av:
- 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
- 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
- Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
- Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.
Ny veg vil gi:
- Ei innkorting av køyrelengda på 6,4 km.
- Ny veg gir redusert reisetid på om lag 18 minutt for tyngre køyretøy og om lag 12 minutt for personbilar.
- Ny Røldalstunnel blir ca. 12,4 km, og skal erstatte dagens Røldalstunnel og Seljestadtunnelen og dei tunge stigningane i Håradalen.
- Ny Røldalstunnel vil ha ei tilnærma flat helling.
- Det vil bli etablert en ny og stor kolonneoppstilling på Liamyrane.
Kontakter
Frode LykkebøProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging
Tel:91595865frode.lykkebo@vegvesen.noBilder




Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Forventer lange og saktegående køer på E1814.10.2026 14:08:57 CEST | Pressemelding
Innsnevringer på E18 kan gi store forsinkelser ut av Oslo vestover de siste helgene i oktober. Statens vegvesen oppfordrer til å la bilen stå.
Gang- og sykkelvegen langs E14 får ny sluttfrist14.10.2026 11:23:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har vedtatt å justere sluttfristen for byggingen av gang- og sykkelvegen langs E14 mellom Stjørdal og Hegramo. Ny sluttfrist for kontrakten er 11. mai 2027.
E134 Oslofjordtunnelen stengt i perioder grunnet sprengning13.10.2026 13:07:38 CEST | Pressemelding
Denne uken starter de forberedende arbeidene ved Storsand i Hurum for den nye E134 Oslofjordtunnelen. Tunnelen blir stengt i perioder på 30 minutter.
Sikringsarbeid langs E6 ved Ronglan13.10.2026 12:07:01 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter 19. oktober sikringsarbeider i bergskjæringene langs E6 ved Ronglan i Trøndelag.
Nå kan tungtransporten lade gjennom hele Østerdalen12.10.2026 15:43:11 CEST | Pressemelding
Tre nye døgnhvileplasser for tungbillading på riksveg 3 gjennom Østerdalen gjør en av Norges viktigste transportkorridorer grønnere.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom