Statens vegvesen etablerer døgnkvileplass mellom Førde og Lavik
26.9.2025 14:16:47 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen skal bygge døgnkvileplass på E39 mellom Førde og Lavik.

Konkurransen omfattar etablering, drift og vedlikehald av ny døgnkvileplass for tungtransport langs den seks mil lange strekninga nord for Sognefjorden.
Frist for prekvalifisering er 24. oktober klokka 12.00. Frist for å levera tilbod er 25. november klokka 12.00.
Tilbodskonferansen finn stad 30. september klokka 13.00 på Teams. Her finn du lenke til utlysinga.
Det er aktuelt å inngå kontrakt med ein privat aktør/leverandør. Statens vegvesen legg opp til ei ordning med betaling for årleg leige.
Dette er krava til døgnkvileplassen
– Det er behov for mellom 12 og 15 oppstillingsplassar på strekninga. Vi krev at døgnkvileplassen må ha serviceanlegg med toalett, dusj og oppholdsrom/spiserom med moglegheit for matlaging, seier byggeleiar Andrea Holsen Horstad i Statens vegvesen.
Køyreavstand frå E39 til døgnkvileplassen skal vera maksimalt éin kilometer.
Det vil bli etablert ladeinfrastruktur for tungbil.
Kvifor døgnkvileplass?
Målet med denne anskaffinga er å gje eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføra normal døgnkvile, redusert vekekvile (maks 45 timar) eller ta pausar (45 minutt) innanfor regelverket om køyre- og kviletid.
Køyre- og kviletidsreglane pålegg sjåførane som køyrer tunge bilar å ta pausar og kvila tilstrekkeleg lenge til å få ein normal søvnperiode.
Utkvilte sjåførar er trygge sjåførar. Trygge sjåførar er oppmerksame sjåførar som bidreg til betre trafikktryggleik for oss alle, i tråd med nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken.
Statens vegvesen ynskjer å vera ein ansvarleg vegeigar for alle trafikantar.
Å leggja til rette for at tungtransportsjåførar kan ta si lovpålagde døgnkvile, er ein del av dette samfunnsoppdraget.
Når skal døgnkvileplassen opna?
Statens vegvesen ønskjer å signera kontrakt våren 2026, og opna døgnkvileplassen innan 1. januar 2027.
Avtaleperioden gjeld i utgangspunktet 10 år, men opsjon for leigetakar å forlenga avtalen 1 + 1 år til totalt 12 år.
Statens vegvesen har døgnkvileplassar over heile landet. Oversikta finn du her.
Nøkkelord
Kontakter
Andrea Holsen HorstadByggjeleiar Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:90252912andrea.holsen.horstad@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Offisiell åpning av rasteplass og utsiktspunkt på Sjonfjellet avlyses31.8.2026 14:07:10 CEST | Pressemelding
Den planlagte åpningsmarkeringen av det nye utsiktspunktet og rasteplassen på Sjonfjellet langs Nasjonal turistveg Helgelandskysten 9. september er avlyst.
Gjer ferdig asfaltering på rv. 13 sør i Ullensvang31.8.2026 12:25:46 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer no ferdig asfalteringa frå Hegerland til Kolåsnes lengst sør i Ullensvang, like nord for fylkesgrensa til Rogaland.
Nattestenger E6 mellom Halsan og Mule31.8.2026 11:01:14 CEST | Pressemelding
E6 mellom Halsan og Mule i Levanger blir stengt på nattestid fra tirsdag 1. september. Trafikantene må benytte skiltet omkjøringsrute via Levanger sentrum.
Arbeidet i Brattlitunnelen forlenges31.8.2026 09:24:18 CEST | Pressemelding
Brattlitunnelen på riksveg 827 nord for Kjøpsvik i Narvik kommune blir fortsatt nattestengt ut september.
AVLYST: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september28.8.2026 16:04:21 CEST | Pressemelding
På grunn av Hans Majestet Kong Haralds bortgang er den planlagte markeringen på tirsdag avlyst inntil videre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom