Rensa tunnelvatn inneheld skadelege miljøgifter
Ein ny studie frå Nord universitet syner at vaskevatn frå norske vegtunellar inneheld miljøgifter som kan skade fisk – sjølv etter rensing.

Noreg har over 1 000 vegtunnelar med ei samla lengde på over 800 kilometer. Flesteparten av desse manglar renseanlegg for vaskevatnet etter at tunnelane er reingjort med høgtrykk og såpe. Dette vaskevatnet inneheld ei kompleks blanding av miljøgifter – mellom anna tungmetall, mikroplast og kjemikaliar frå bildekk og bremser – som ofte sleppast rett ut i naturen.
Den nye studien frå Nord universitet, publisert i Toxicology Reports, har undersøkt kor effektivt renseanlegget i Bodøtunnelen er til å fjerne slike miljøgifter, og kva effekt både rensa og urensa vaskevatn har på sebrafisklarvar – ein modellorganisme som ofte nyttast i miljøtoksikologisk forsking.
Vaskevatnet frå Bodøtunellen vart analysert før og etter rensning.
Giftig – også etter rensing
Studien syner at renseprosessen i Bodøtunnelen reduserer konsentrasjonen av fleire miljøgifter vesentleg. Mellom anna vart nivået av det svært giftige stoffet 6PPD-quinone – eit nedbrytingsprodukt frå bildekk – redusert med heile 1 800 gonger etter rensing. Likevel synte eksperiment med sebrafisklarvar at også det rensa vatnet kunne forstyrre utviklinga, endre åtferda og gje gentoksisk effekt.
– Det var litt overraskande å sjå at sjølv det rensa vaskevatnet kunne påverke utviklinga og symjeåtferda til sebrafisklarvar, seier masterstudent Chinmayi Ramaghatta, som gjennomførte studien ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur i samarbeid med Ph.d.-student Shubham Varshney.
– Dette syner at dagens rensemetodar ikkje er tilstrekkelege for å verne vasslevande organismar.
Overraska over resultata: Masterstudent Chinmayi Ramaghatta saman med rettleiar og professor Pål Asgeir Olsvik framfor Bodøtunellen. Foto: Nord universitet.
Bodøtunnelen som testarena
Bodøtunnelen, som opna i 2019, er ein av få norske tunnelar med eit moderne renseanlegg. Vaskevatnet går gjennom sandfang, oljeutskiljar og eit rensebasseng før det slepp ut i det kommunale avlaupssystemet. I studien vart både urensa og rensa vaskevatn samla inn etter ein såkalla "halvvask", og analysert for innhald av tungmetall, hydrokarbon og dekkrelaterte kjemikaliar.
– Vi fann høge nivå av jern, sink, koppar og aromatiske hydrokarbon i det urensa vatnet, forklarer professor Pål Asgeir Olsvik, som er rettleiar i studien.
– Renseprosessen reduserte nivåa i stor grad, men ikkje fullstendig. Rensevatnet som pumpast ut i avlaupssystemet inneheldt framleis ulike stoff som kan påverke utvikling og genuttrykk hos fisk.
Sebrafisklarvar vart eksponert for både urensa og rensa vaskevatn i laboratoriet. Resultata synte auka dødelegheit, redusert vekst, deformitetar og endra symjeåtferd – særleg i gruppane som fekk urensa vatn, men også i gruppane med rensa vatn.
Bør få konsekvensar for praksis
Studien er ein av dei fyrste som samanliknar toksisiteten av rensa og urensa tunnelvaskevatn, og som samstundes inkluderer kjemikaliar frå bildekkpartiklar som referanse.
– Dette er ikkje ein alarmistisk studie, men den syner at vi må ta miljøgifter frå biltrafikk meir på alvor som ei potensiell kjelde til forureining, seier Olsvik.
– Vi treng meir forsking på korleis desse stoffa påverkar økosystema.
Eit aukande problem
Med aukande trafikk og fleire tunnelar i drift, vil mengda vaskevatn som vert laga i Noreg berre auke. Ifylgje studien produserer ein nær tre kilometer lang tunnel som Bodøtunnelen kring 1,2 millionar liter vaskevatn per år – berre ved månedleg halvvask.
– Viss dette vatnet ikkje rensast skikkeleg, kan det få konsekvensar for dyrelivet i små bekkar og elver i nærleiken av tunnelane, seier Chinmayi Ramaghatta Venkataramegowda.
– Sebrafisk er ein modellart, men vi veit at også laks og aure kan vere særleg sårbare for desse stoffa.
Behov for meir forsking
Forskarne bak studien understrekar at det trengs fleire og større studier for å trekkje sikre konklusjonar, men håpar at funna kan bidra til auka medvit, betre praksis og meir forsking om temaet.
– Vi håpar dette kan vere eit bidrag til at tunnelvask og avrenning vert teken meir på alvor i miljøforvaltninga, avsluttar Olsvik.
Nøkkelord
Kontakter
Pål Asgeir OlsvikProfessorNord universitet
Tel:75517303pal.a.olsvik@nord.nowww.nord.no/om/ansatte/pal-asgeir-olsvikBilder



Lenker
Om forskning ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur (FBA), Nord universitet

Følg pressemeldinger fra Nord universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nord universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nord universitet
Nord universitet går inn i NorPal – skal bidra til å gjenoppbygge palestinsk utdanning19.9.2025 08:16:07 CEST | Pressemelding
Nord universitet har sluttet seg til NorPal, et nytt nettverk av norske utdanningsinstitusjoner som sammen vil støtte og styrke palestinsk høyere utdanning og forskning.
– Hvor mye skal samfunnet bruke på å holde oss i live lengst mulig?18.9.2025 11:22:08 CEST | Pressemelding
Professor Jarle Breivik synes det er på tide å diskutere om vi bør sette våre barn og barnebarns oppvekstsvilkår og utdanning høyere enn ønsket om å leve lenger selv.
Skal sikre utdanning under krig: – Må forberede oss på det uventede18.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
En ny modell skal vise hvordan universiteter kan fortsette å fungere under kriser. Nå deles de første erfaringene. Prosjektet har fått ca. 9,5 mill. i støtte og ledes av Nord universitet.
Ny forskning skal utvikle digitalt helseverktøy for samer og inuit17.9.2025 08:15:55 CEST | Pressemelding
Nord universitet skal lede et nytt forskningsprosjekt som skal styrke helse og livskvalitet blant eldre samer og inuit.
Forsker advarer: – Ikke ta demokratiet for gitt4.9.2025 13:22:59 CEST | Pressemelding
Det norske demokratiet er sterkt, men trues. Så ikke ta det for gitt. – Vi må jobbe for å beholde det, advarer forsker Steinar Aas.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom