Sjøfartsdirektoratet

Vis respekt for ferjearbeidarane

Del

Dei ansatte på ferjene gjer ein viktig jobb under krevjande forhold. Likevel opplever nokre av dei truslar og trakassering frå passasjerar. Dette er uakseptabelt – dei fortener respekt, ikkje kjeft.

Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim. Foto: Grethe Nygaard

Av Alf Tore Sørheim, sjøfartsdirektør 

Ferjene er ein del av hovudvegen langs kysten vår. Kvar dag sørgjer mannskapet for at tusenvis av passasjerar kjem trygt over fjordane. Dei har krevjande arbeidsoppgåver i høgt tempo, og jobben dei gjer er avgjerande for at kvardagen til folk skal gå rundt. 

Difor er det uakseptabelt at ferjearbeidarar framleis blir utsette for truslar og trakassering frå enkelte bilpassasjerar. Vi i Sjøfartsdirektoratet deler Statens vegvesen si uro over denne utviklinga. Ingen skal kjenne seg utrygge eller mista motivasjonen på jobb fordi dei møter uberettiga sinne frå reisande. 

I ei pressemelding tidlegare i år konkretiserte Statens vegvesen det på denne måten: “Ferjemannskap rapporterer om gjentatte tilfeller av trakassering fra reisende, både verbalt og fysisk. Mannskap opplever truende, aggressive tilnærminger samt fysisk kontakt ved dytting og påkjørsler.” No ser ein at dette framleis er eit problem. Dette er ikkje akseptabelt. 

Ja, det kan vere frustrerande å måtte vente når ein er på reise. Men det gir ingen rett til å ta ut irritasjonen på dei som berre gjer jobben sin. Vi har sett liknande situasjonar ved vegarbeid, der dei som dirigerer trafikken òg blir møtt med ufine kommentarar og aggressiv åtferd. 

Her må kvar og ein ta ansvar. Vi må skjerpe oss. For dei som står ute i vêr og vind og sikrar flyt i trafikken – både på veg og ferje – fortener respekt, ikkje kjeft. 

La oss hugse at desse menneska er på jobb for oss. Dei sørger for at vi kjem trygt fram. Det minste vi kan gjere tilbake, er å møte dei med høflegheit og forståing.

Ferje%20p%E5%20vei%20ut%20fra%20Sandvikv%E5g%20ferjekai%20i%20Vestland%20fylke
Ferje på vei ut fra Sandvikvåg ferjekai i Vestland fylke - illustrasjonsfoto Dag Inge Aarhus / Sjøfartsdirektoratet

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ferje på vei ut fra Sandvikvåg ferjekai i Vestland fylke
Ferje på vei ut fra Sandvikvåg ferjekai i Vestland fylke (liggende format)
Dag Inge Aarhus / Sjøfartsdirektoratet
Last ned bilde
Ferje på vei ut fra Sandvikvåg ferjekai i Vestland fylke
Ferje på vei ut fra Sandvikvåg ferjekai i Vestland fylke (stående format)
Dag Inge Aarhus / Sjøfartsdirektoratet
Last ned bilde
Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Foto: Grethe Nygaard
Last ned bilde

Om Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet er forvaltnings- og tilsynsmyndighet for arbeidet med sikkerhet for liv, helse, miljø og materielle verdier på fartøy med norsk flagg og utenlandske fartøy i norske farvann. Direktoratet har også ansvar for å sikre rettsvern for norskregistrerte skip og rettigheter i disse. Aktivitetene blir bestemt av nasjonalt og internasjonalt regelverk, avtaler og politiske beslutninger.

Følg pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sjøfartsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye