Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune

Del

Under opninga av den nasjonale ungdomskonferansen i Øystese kunngjorde barne- og familieminister Lene Vågslid at Kristiansand er kåra til Årets ungdomskommune. Kommunen får ein pris på 250000 kroner.

Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd.
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd. Bufdir.

— Kristiansand gjer ein strålande jobb med å inkludere ungdomar i politiske prosessar gjennom Ungdommens bystyre. Arbeidet kan gi nyttige erfaringar som andre kommunar kan lære av. Gratulerer så mykje til kommunen og ungdomsrådet med kåringa som Årets ungdomskommune, seier Vågslid.  

Årets ungdomskommune blir delt ut annakvart år til ein kommune som utmerkar seg i arbeidet for retten unge har til deltaking og medverknad i lokalsamfunnet. Vinnaren blir kåra under den nasjonale ungdomskonferansen, som i år blir halden i Øystese 21.-23. september.   

Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane.  

— Ungdom har rett til å bli inkludert i politiske prosessar som gjeld dei. Det må ikkje berre vere noko vi seier i festtalar. Difor er det fantastisk å kunne hylle dei som får det til i praksis. Både Kristiansand og dei andre finalistane har vist at dei meiner alvor når dei seier at dei trur på ungdom sin evne til å bidra, avsluttar Vågslid.

Konferansen blir arrangert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som i år samarbeider med vinnaren frå 2023, Kvam herad, og ungdomsrådet i Kvam.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 1/4
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 1/4
Bufdir
Last ned bilde
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 2/4
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 2/4
Bufdir
Last ned bilde
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 3/4
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 3/4
Bufdir
Last ned bilde
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 4/4
Barne- og familieminister Lene Vågslid overrekkjer prisen til Kristiansand kommune og deira ungdomsråd 4/4
Bufdir
Last ned bilde

Lenker

Om Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er underlagt Barne- og familiedepartementet , og er et fagorgan på områdene barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikke-diskriminering og vold og overgrep i nære relasjoner.

Følg pressemeldinger fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye