Nytt norsk forskarlag til FNs klimapanel
FNs klimapanel (IPCC) får med seg tolv norske fagekspertar når dei skal i gang med neste runde med rapportar om klimaendringar og tiltak.

– Dette er ei tydeleg anerkjenning av norske klimaforskarar og forskingsmiljø. Samtidig er det viktig at Noreg støttar opp om Klimapanelet sitt arbeid, og bidreg til at kunnskapen om utfordringane og løysingane for eit klima i endring blir så gode som mogleg, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Noreg vil vere godt representert når FNs klimapanel (IPCC) går inn i den sjuande runden med å samanfatte internasjonal forsking på klimaendringar og klimatiltak. Av dei tolv som er valde ut av Klimapanelet sitt byrå, har tre av dei også fått ansvar for å koordinere arbeidet med kvart sitt kapittel.
Rapportane frå Klimapanelet er det viktigaste faglege grunnlaget om klimaendringane for dei internasjonale klimaforhandlingane under FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Sjuande hovudrapport blir lansert i 2028 og/eller 2029.
Lenkje: Norske forskarar i sjuande hovudrapport
Ekspertar frå over 100 land
Til saman er 664 fagekspertar frå 111 land valde ut til å skrive den sjuande hovudrapporten. Klimapanelet driv ikkje eiga forsking, men går gjennom og samanliknar funn frå fagfellevurdert forsking og annan ny kunnskap. Rapportutkasta blir gjorde tilgjengeleg slik at styresmakter og tusenvis av ekspertar kan kommentere før dei blir ferdigstilte.
Ingen tvil om årsaka til global oppvarming
Forsking har slått grundig fast at brenning av kol, olje og gass er den desidert viktigaste årsaka til global oppvarming det siste hundreåret. Dei tidlegare rapportane frå Klimapanelet slår heller ingen tvil om at oppvarminga vil halde fram så lenge utsleppa held fram, og at dette gir alvorlege og kostbare konsekvensar i alle verdsdelar.
Treng kunnskap for å kunne planleggje
Det trengst betre forståing av korleis livsviktige system i naturen vil reagere på oppvarminga. Det er også viktig å få betre kunnskap om løysingar, for å få til både raskare og større utsleppskutt og effektiv klimatilpassing.
– Isen på Grønland og i Antarktis smeltar, men vi veit ikkje nøyaktig kor fort det vil skje framover. Vi veit at permafrost tiner og slepper ut mykje klimagassar, men vi har ikkje noko sikkert anslag på korleis det vil utvikle seg over tid. Tørke og heite kan gi mykje meir skogbrann i verda, også i Noreg, og fisk og andre artar i havet flyttar på seg, med potensielt store konsekvensar for miljø og samfunn. Betre svar på korleis desse og andre mekanismar fungerer, vil vere enormt viktig for korleis Noreg og andre land planlegg for framtida, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Spesialrapport om byar og klima
I den sjuande arbeidssyklusen har Klimapanelet fleire rapportar ut over hovudrapportane. Først ut er spesialrapporten om byar og klimaendringar som skal publiserast i mars 2027. I siste halvdel av 2027 kjem ein rapport med metodikk for å rapportere utslepp av partiklar og klimagassar med kort levetid. Dette er utslepp som har noko å seie både for global oppvarming og luftforureining. Fire norske fagekspertar deltek i arbeidet med desse to rapportane.
Det er også vedteke at Klimapanelet skal lage ein metoderapport for rapportering av karbonfjerningsmetodar (CDR, CCS og CCU) i denne syklusen, forfattarteam og tidsløpet vil bli avklart på eit seinare tidspunkt.
Lenkje: Norske forskarar blir forfattarar i FN-rapportar
Norske fagekspertar til IPCCs sjuande hovudrapport
Delrapport 1 om dei fysiske klimaendringane
Regine Hock, Universitetet i Oslo, hovudforfattar, kapittel 4 (Advances in process understanding of Earth system changes)
Benjamin Sanderson fra Cicero, hovudforfattar, kapittel 5 (Scenarios and projected future global temperatures)
Helene Muri, NILU, hovudforfattar, kapittel 9 (Earth system responses under pathways towards temperature stabilization, including overshoot pathways)
Delrapport 2 om verknadene av klimaendringane på natur og samfunn
Vigdis Vandvik, Universitet i Bergen, koordinerande hovudforfattar, kapittel 14 (Terrestrial, freshwater and cryospheric biodiversity, ecosystems and their services)
Mette Skern-Mauritzen, Havforskningsinstituttet, hovudforfattar, kapittel 11 (Europa)
Shilpa Roa-Skirbekk, Folkehelseinstituttet, hovudforfattar, kapittel 19 (Health and well-being)
Jana Sillmann, Cicero, høyringsredaktør, kapittel 3 (Current adaptation progress, effectiveness and adequacy)
Delrapport 3 om utsleppsreduksjon, opptak og verkemiddel
Glen Peters, Cicero senter for klimaforskning, koordinerande hovudforfattar, kapittel 2 (Past and current anthropogenic emissions and their drivers)
Anders H. Strømman, NTNU, koordinerande hovudforfattar, kapittel 11 (Transport and mobility services and systems)
Rona Thompson, NILU, hovudforfattar, kapittel 2 (Past and current anthropogenic emissions and their drivers)
Steffen Kallbekken, Cicero, hovudforfattar, kapittel 5 (Enablers and barriers)
Elin Lerum Boasson, Universitetet i Oslo/Cicero, hovudforfattar, kapittel 6 (Policies and governance and international cooperation)
Hovudrapportane er flaggskipet til FNs klimapanel (IPCC). Rapportane er breitt anerkjende som det viktigaste faglege grunnlaget om korleis klimaet er i endring, korleis menneskelege aktivitetar påverkar, og sist, men ikkje minst, kva som må til for å reversere denne utviklinga. Den består av tre delrapportar, og ein synteserapport som samanfattar og ser dei tre delrapportane i samanheng.
Nøkkelord
Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Musegift blir forbudt11.9.2025 09:06:57 CEST | Pressemelding
Musegift hoper seg opp i næringskjeden og skader både hunder og rovdyr. Miljødirektoratet forbyr nå private å bruke alle typer musegift.
Musegift blir forboden11.9.2025 09:06:57 CEST | Pressemelding
Musegift hopar seg opp i næringskjeda og skadar både hundar og rovdyr. Miljødirektoratet forbyr no private å bruke alle typar musegift.
Rekordhøy klimasats-støtte til hurtigbåter5.9.2025 16:31:37 CEST | Pressemelding
Vestland og Trøndelag fylkeskommune får til sammen 388 millioner kroner i støtte for å redusere utslipp fra hurtigbåter i rutetrafikk.
Rekordhøg klimasats-støtte til hurtigbåtar5.9.2025 16:31:37 CEST | Pressemelding
Vestland og Trøndelag fylkeskommune får til saman 388 millionar kroner i støtte for å redusere utslepp frå hurtigbåtar i rutetrafikk.
Nå starter den siste avgjørende kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris27.8.2025 11:40:59 CEST | Pressemelding
I dag starter et fireårig prosjekt for å utrydde lakseparasitten fra smittede elver i Drammensregionen – siste smitteregion for Gyrodactylus salaris.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom