SurvivingSOGICE leiter etter stemmer frå overlevende etter konverteringsterapi i Europa
16.9.2025 15:30:22 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding
UiB lanserer digital plattform som framhever overlevendes stemmer.

Senter for digitale forteljingar (CDN) ved Universitetet i Bergen lanserer SurvivingSOGICE – ein digital plattform og menneskerettsinitiativ som samlar historier om praksisar ofte omtalt som «konverteringsterapi» (SOGICE – Seksuell orientering og kjønnsidentitetsendrande tiltak).
«Ved å dokumentere og ta vare på vitnesbyrd frå overlevande, byggjer vi både eit minnerom og eit kraftfullt verktøy for påverknad,» forklarer Sérgio Roxo, doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen.
«Denne plattforma avdekkjer direkte praksisar som framleis påfører djupe sår hos LGBTQIA+-personar, og inspirerer forskarar, aktivistar og skapande menneske til å halde samtalen levande – særleg i dagens krevjande politiske klima.»
Trass i fordømming og diskreditering frå leiande medisinske og psykologiske organisasjonar verda over, held SOGICE fram med å skade LGBTQIA+-personar i Europa og elles i verda. SurvivingSOGICE tek tak i dette alvorlege menneskerettsproblemet ved å setje overlevande sine vitnesbyrd i sentrum, kuratere viktige ressursar og byggje eit omfattande digitalt arkiv for forsking, påverknad og undervisning – med særleg fokus på overlevande i Europa og dei som har migrert til kontinentet.
«SurvivingSOGICE handlar i djupna om å skape synlegheit og anerkjenning for dei som har fått stemma si stilna,» seier Roxo.
Nøkkelord
Kontakter
Sergio RoxoDoktorgradsstipendiatSenter for digitale fortellinger (CDN), Universitetet i Bergen
info@survivingsogice.euLenker
Om Senter for digitale fortellinger (CDN)
Humaniora-styrt forskning innen elektronisk litteratur, spillstudier, digital kultur og beregning for å fremme forståelsen av digitale fortellinger.
CDN er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Norges Forskningsråd for perioden 2023-2033. Senteret fokuserar på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar og skiftande kulturelle samanhengar.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Når Norge scorer mål, rister hele Bergen23.6.2026 10:31:47 CEST | Pressemelding
Bergensernes VM-jubel natt til tirsdag 23.juni var så kraftig at det ble registrert tre små jordskjelv.
Eksperter fra UiB: Hetebølger og ekstremvær23.6.2026 10:05:57 CEST | Pressemelding
Universitetet i Bergen har flere eksperter som kan uttale seg om ekstremvær og hetebølgen som rammer Europa denne uken.
Gjennombrot for forskarar frå Bergen - teknologi kan bli del av vaksine mot alvorleg diarésjukdom23.6.2026 10:01:45 CEST | Pressemelding
Forsking leia frå Universitetet i Bergen (UiB) og NORCE kan bidra til utvikling av ein ny vaksine mot ein av verdas viktigaste årsaker til alvorleg diarésjukdom. No har teknologien blitt lisensiert til det internasjonale vaksineselskapet Valneva, som skal vidareutvikle forskinga mot ei mogleg framtidig vaksine.
UiB får fornyet mandat som verdens havuniversitet8.6.2026 11:45:33 CEST | Pressemelding
Siden 2018 har Universitetet i Bergen (UiB) vært utpekt som knutepunkt for FNs arbeid med bærekraftsmål 14, Livet i havet. UiB har vært utpekt i tre perioder. Nå har FN kunngjort at dette mandatet forlenges ut 2030.
Holbergprisen overrakt til professor Lyndal Roper4.6.2026 15:16:00 CEST | Pressemelding
(Bergen, 5. juni 2025) Forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland overrakte i dag Holbergprisen til den australsk-britiske historikeren Lyndal Roper.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom