Kyrkjebevaringsfondet utvidar tilskota
18.9.2025 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Kyrkjebevaringsfondet lyser ut tilskota for 2026. No kan også kulturaktørar søkje midlar til prosjekt som formidlar eller engasjerer fleire i den kyrkjelege kulturarven.

I to år har dei kulturhistorisk viktige kyrkjene i landet fått midlar frå kyrkjebevaringsfondet til istandsetjing. For 2025 vart også kunnskap og kompetansetiltak inkluderte, slik at til dømes handverkarar, foreiningar og opplæringsinstitusjonar kunne søkje om midlar.
No opnar kyrkjebevaringsfondet søknadsmoglegheiter for endå fleire innanfor områda oppleving, formidling, engasjement og deltaking:
– Vi håpar at det kjem mange gode søknader, og er spesielt spent på den heilt nye søknadsordninga, seier dagleg leiar for kyrkjebevaringsfondet, Oddbjørn Eide.
– Det handlar om å gi auka kunnskap om bruken og betydninga av kyrkja som symbol for identitet og tilhøyrsel, slik at fleire får forståing av kvifor samfunnet tek vare på kyrkjene.
Døme på prosjekt innan oppleving og formidling kan vere utvikling av omvisingar, formidling av tradisjonshandverk, opplevingsbaserte aktivitetar og forteljingar om kyrkja som kulturminne.
Engasjement og deltaking kan innebere prosjekt som inviterer lokalbefolkning og publikum til medverknad, som opne dagar på byggjeplass, verkstader og liknande.
Istandsetjing held fram
Til saman har 181 kyrkjeprosjekt fått midlar til istandsetjing. Her kan kyrkjeeigarane søkje om midlar til forprosjekt, både på overordna og detaljert nivå, og dessutan byggjeprosjekt. Utlysingane for desse tilskotsordningane er bygde over same lest som tidlegare år.
Innan kunnskap og kompetanse fekk totalt 15 prosjekt støtte for 2025. Desse prosjekta spenner frå opplegg for vidareutdanning og kurs, til kunnskapsutvikling om tema som tjøring, kalking og treverk.
–Søknadsbunkane har vorte høgare for kvart år vi har lyst ut tilskota, seier Eide.
–Vi er klare for å behandle endå fleire søknader om istandsetjing og kompetanseutvikling for 2026.
Søknadsfristen er 3. november, og søkjarane kan vente svar i starten av mars 2026.
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder






Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Ber om droneforbud over 27 stavkirker27.4.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Stavkirkene er blant Norges nasjonalskatter. Nå søker Riksantikvaren om droneforbud over kirkene av hensyn til sikkerheten.
Ber om droneforbod over 27 stavkyrkjer27.4.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Stavkirkene er blant Noregs nasjonalskattar. No søkjer Riksantikvaren om droneforbod over kyrkjene av omsyn til tryggleiken.
Enklere å spare strøm i freda bygninger21.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Varmepumper er effektivt for å spare strøm og klimautslipp, og det er skånsomt for freda bygninger. Nå mener Riksantikvaren at også flere kirker kan vurdere varmepumper.
Enklare å spare straum i freda bygningar21.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Varmepumper er effektivt for å spare straum og klimautslepp, og det er skånsamt for freda bygningar. No meiner Riksantikvaren at også fleire kyrkjer kan vurdere varmepumper.
Skal lage nytt forslag til områdefredning15.4.2026 10:49:20 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren har laget en ny versjon av fredningsforslaget til området rundt Bergenhus festning. Nå blir det en rekke dialogmøter i Bergen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom