15 000 nye næringsareal planlagde i naturen
22.9.2025 07:00:00 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Ein ny rapport frå Norkart viser at majoriteten av dagens planlagde næringsområde er naturområde.

Sjå oversikt over planlagt næringsareal fordelt på fylke nedst i saka. Rapporten ligg som vedlegg.
– Dette viser endå ein gong at det er planlagt bit-for-bit nedbygging av store naturområde i Noreg. Eg oppmodar kommunane til å gjennomføre planvask og styre utbygginga mot grå areal. Regjeringa har sett i gang arbeidet med eit kart over grå areal som skal gjere det enklare å finne eigna areal, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Alle kommunar treng ikkje nødvendigvis å ha sitt eige store næringsareal. Dersom alle kommunar byggjer ut sine eigne store næringsareal vil vi miste mykje viktig natur og få store klimagassutslepp. Eg vil oppmode kommunane til å sjå på tvers av kommunegrenser, og planleggje næringsareal i eit regionalt perspektiv, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
På oppdrag frå Miljødirektoratet har Norkart gjennomført ein analyse av næringsareal som er avsette til utbygging i kommune- og reguleringsplanar, men som enno ikkje er realiserte. Analysen, som omfattar både nye utbyggingsområde og eksisterande næringsareal med potensial til fortetting, blir presenterte i rapporten «Analyse av planlagt utbyggingsareal for næring i Noreg».
Rapporten viser det finst over 15 000 planlagde næringsareal i Noreg. 25 av næringsområda er godt over 1 kvadratkilometer store, noko som svarer til heile området frå Slottsparken til Oslo S, inkludert Bjørvika.
Krev smartare arealbruk
Det er planlagt mykje utbygging på naturområde i Noreg i åra som kjem. I 2024 presenterte Miljødirektoratet ei oversikt som viste at det totalt var planlagd utbygging av i underkant av 4000 km2. Av det totale utbyggingsarealet som vart analysert i 2024 er 356 km2 sette av til næringsverksemd, og dei fleste av desse områda er i dag natur.
Planlegg utbygging av 4000 km² - miljodirektoratet.no
– Utbygging er den viktigaste årsaka til tap av natur. Samtidig treng vi areal når Noreg skal omstille seg til ein grønare industri, særleg gjeld dette fornybar energi. Derfor må vi velje areal som gir minst mogleg konflikt med klima- og naturomsyn, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Norkart-rapporten, som viser tilgjengelege næringsareal i Noreg, gir forvaltninga betre kunnskap for å kunne vurdere om det allereie finst eigna næringsareal i regionen der nye prosjekt blir planlagde.
– Oversikta over næringsareal gjer det enklare for fylkeskommunar og statsforvaltar å gjere regionale vurderingar. Dei kan vurdere om det er mogleg å bruke dei allereie avsette områda, i staden for å setje av endå fleire naturområde. Bruk av allereie godkjende areal gir betre føreseielegheit i planlegginga og vi kan i tillegg velje løysingar som gir minst mogleg skade på miljø og natur, seier Hilde Singsaas.
Samtidig viser oversikta også behovet for å gjennomføre såkalla planvask. Ein vesentleg del av næringsareala som er sette av berører viktige naturareal, dette kan endrast i ein planvask. Dette er det mogleg å få tilskot til å gjere gjennom tilskotsordninga Natursats.
Natursats – Tilskot til arbeid med å vareta naturmangfald - Søknadssenter
Dette viser tala:
- Det er sett av 356 km2 næringsareal i kommunale planar. Rundt halvparten av områda er ferdig regulert.
- Mesteparten av områda som er avsette til næring ligg i område som i dag er naturareal. Nesten halvparten av det avsette næringsarealet ligg i skog.
- Berre 41 km2 (12 %) av næringsareala ligg i grå areal, som allereie er bygd ut. Dette viser likevel at det er stort fortettingspotensial innanfor eksisterande og opparbeidde næringsareal.
- 31 km2 er myrareal. Dette er område som ikkje bør byggjast ut sjølv om dei tidlegare har vorte avsette til utbyggingsformål i kommunale planar.
Planlagt næringsareal fordelt på fylke:
|
Fylke |
Totalt areal i km2 |
|
Agder |
34,2 |
|
Akershus |
20,1 |
|
Buskerud |
14,5 |
|
Finnmark |
24,0 |
|
Innlandet |
34,9 |
|
Møre og Romsdal |
39,2 |
|
Nordland |
29,0 |
|
Rogaland |
29,9 |
|
Telemark |
15,5 |
|
Troms |
13,9 |
|
Trøndelag |
36,1 |
|
Vestfold |
8,8 |
|
Vestland |
45,3 |
|
Østfold |
11,4 |
|
Totalt |
356,8 |
Sjå areala på kart her: Arealressurskart
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder

Dokumenter
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
Klare til å følge opp ulven10.7.2026 15:10:43 CEST | Pressemelding
Statens naturoppsyn er på plass med personell for å følge opp den genetisk verdifulle ulven som har skadet sau i Trøndelag og Innlandet.
Retting: Feil i melding om laksefisket8.7.2026 20:10:36 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer inn fisket i seks elver, ikke ni slik det stod i opprinnelig pressemelding.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom