Nerstua på Tussøy blir freda
13.9.2025 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Den gamle handelsstaden og våningshuset utanfor Tromsø blir no sikra for æva.

Riksantikvaren fredar Nerstua på Tussøy i Tromsø kommune. Sjølve fredinga vil bli markert på staden laurdag 13. september.
Nerstua vart oppført ein gong mellom 1868 og 1875 av Hans Erik Brox.
– I Noreg har me levd ved og av havet til alle tider, og kysten fortel ein viktig del av historia vår. Ein handelsstad som Nerstua spelte ei viktig rolle den gongen sjøvegen var hovudfartsåra. Å ta vare på den rike kulturarven langs kysten er difor viktig, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Stod forlaten i tre tiår
Nerstua var i bruk og busett heilt fram til 1960-talet, og vart brukt både til handel, rekreasjon og gardsdrift.
Etter det stod garden forlaten i tre tiår før dagens eigar John Hansen kjøpte det i 1999.
Han har sidan sett Nerstua i stand, og bruker det i dag som både ferie- og formidlingshus for lokalhistorie, antikvarisk restaureringsarbeid og handverkstradisjonar.
– Bruk er det beste vern for kulturminne og kulturmiljø! Nerstua er eit glimrande døme på dette. Her har eigar gjort ein fantastisk jobb og sikra dette unike kulturminnet for ettertida, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Denne garden vitnar om ein viktig periode for omfattande handelsverksemd i Nord-Noreg. Nerstua har både nasjonal og regional verneverdi, seier Geiran.
– Det er viktig å ta vare på og bruka kulturmiljøet til kysten som ein ressurs. Det ligg store moglegheiter i å sjå bevaring og bruk i samanheng, seier Geiran.
Historiske dimensjonar
Fredinga omfattar både eksteriør og interiør på våningshuset, med unntak av badet. Dette blir gjort for å sikra dei kulturhistoriske og arkitektoniske verdiane av staden.
Nerstua er eit typisk døme på eit nordlandshus, som var vanleg i regionen på 1800-talet. Haner godt tatt vare på, og har gjennom åra vorte svært lite modernisert, noko som gir bygningen ei høg grad av autentisitet.
Dette gjer Nerstua til eit sjeldan og verdifullt kulturminne med betydeleg nasjonal, regional og lokal kulturhistorisk betydning.
Nerstua ligg i tillegg på ein automatisk freda gardshaug datert til jernalderen. Dette gir staden ein ekstra historisk dimensjon, og knyter bygningen til ei langt eldre busetjingshistorie.
Eigar har sjølv teke initiativ til fredinga, og Riksantikvaren fekk fredingsforslaget frå Troms fylkeskommune tidlegare i år.
– Nerstuas lange og varierte historie, saman med arkitekturen, gjer bygningen unikt. I Troms har me få freda bygningar og anlegg av denne typen. Troms fylkeskommune er derfor glad for at me har fått eit nytt tilskot til kulturarven i fylket. Det er fint å vita at Nerstua blir tatt godt vare på av ein eigar som ønskjer det beste for bygningen, og fører vidare historia til bygget og området, seier fylkesordførar i Troms, Kristina Torbergsen.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder






Om oss:
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Se oversikten: 6,6 millioner til arkeologiske kulturminner13.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er årets tilskudd til Norges eldste kulturminner fordelt.
Sjå oversikta: 6,6 millionar til arkeologiske kulturminne13.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er årets tilskot til Noregs eldste kulturminne fordelt.
Verdsarvutstillinga i Aurland opnar8.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er utstillinga Vår verdsarv på plass i Heradshuset på Aurlandsvangen.
Luftskipsmasta i Vadsø fredes6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark spiller en sentral rolle i norsk polarhistorie. Nå sikres 100-åringen for evigheten.
Luftskipsmasta i Vadsø blir freda6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark speler ei sentral rolle i norsk polarhistorie. No blir 100-åringen sikra for æva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom