Brannøving i to tunnelar i Gloppen
15.9.2025 08:00:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Gloppen Brann og redning har felles brannøving i to tunnelar i Gloppen 22. og 23. september.

22. september er det øving i Breimsfjell 2 på E39, og 23. september er det øving i Eikenestunnelen på fv. 615.
For begge øvingane vil tunnelen vera stengd klokka 18.30-20.00. Under opprigging 18.00-18.30 og nedrigging 20.00-2030 blir det trafikkdirigering.
Det vil bli brukt røykmaskin under øvingane, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Røyken vil komme ut av tunnelen og vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiarane Kjetil Larsen i Statens vegvesen og Marie S. Hatlen i Vestland fylkeskommune.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegeigarar skal halda slike beredskapsøvingar.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Larsen og Hatlen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar dei.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens og Vestland fylkeskommune sitt samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.
Dette er tunnelane
Den 838 meter lange Breimsfjell 2 vert gjennomsnittleg trafikkert av 2.370 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 16 prosent, eller 379, lange køyretøy (tungtrafikk).
Eikenestunnelen opna er 1010 meter lang. ÅDT er 300, tungtrafikk 30.
Nøkkelord
Kontakter
Kjetil LarsenBrannvernleiar, Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:921 12 311kjetil.larsen@vegvesen.noMarie S. HatlenBrannvernleiar Vestland fylkeskommune
Tel:93670997Marie.Svendal.Hatlen@vlfk.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Godt i gang med skredsikring på Skredestranda22.5.2026 12:57:02 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen er godt i gang med skredsikring på E39 Skredestranda i Stad kommune i Nordfjord.
Vegarbeid på E136 ved Førnessvingen i Vestnes kommune22.5.2026 12:49:23 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter i juni vegarbeid på E136 ved Førnessvingen, mellom Gjermundnes og Hjelvika i Vestnes kommune. Arbeidet skal pågå til desember 2026.
Lyser ut konkurranse om ny Fale bru i Sunndal22.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har lyst ut konkurransen om å bygge ny bru på Rv. 70 over elven Driva. Anslått kostnad er på 453 millioner kroner.
Brannøving i rv. 13 Fatlatunnelen21.5.2026 18:49:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, saman med nødetatane og Sivilforsvaret, fullskala brannvernøving i Fatlatunnelen tysdag 26. mai.
Statens vegvesen avslørte «postkassefirma»21.5.2026 12:53:21 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tilbakekalt alle transportløyvene til et transportselskap som kun var etablert i Norge med en postadresse, uten reell drift i landet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom