Musegift blir forboden
Musegift hopar seg opp i næringskjeda og skadar både hundar og rovdyr. Miljødirektoratet forbyr no private å bruke alle typar musegift.
– Musegift blir spreidd i miljøet og har svært uheldige konsekvensar for både dyr og miljø. Når rovdyr et mus som er forgifta, hopar stoffa seg opp i næringskjeda. Høge dosar av stoffa er dødeleg, medan dei i mindre dosar mellom anna kan forstyrre reproduksjon og immunforsvar hos dyra. Miljødirektoratet vel derfor no å forby private å bruke produkt med desse stoffa for å redusere miljøbelastninga, seier Hilde Singsaas direktør for Miljødirektoratet.
Gjeld alle typar musegift
I 2020 skjerpa Miljødirektoratet regelverket for bruk av kjemisk musegift. Musegift som inneheldt stoffet alfakloralose vart ulovleg å bruke for privatpersonar. Bakgrunnen var at fleire nordiske land så at den auka bruken av alfakloralose-produkter førte til eit auka tal forgiftingstilfelle hos kjæledyr, og spesielt kattar.
All resterande musegift som har vore lov å bruke for privatpersonar, blir no også forboden. Dette gjeld antikoagulerande musegift, altså musegift som inneheld stoff som kan føre til blødingar, skadar på indre organ og ved høg nok dose død for dyr og menneske. Det er gjort mange funn av stoffa i rovfugl og rovdyr i Noreg. I Miljødirektoratets overvaking finn ein mellom anna antikoagulerande stoff i alle prøvene av raudrev. I tillegg har Miljødirektoratet funne høge nivå av musegift i hubro og kongeørn.
Veterinærar rapporterer også om forgiftingar av hundar som kan ete åteblokker med antikoagulerande musegift eller forgifta mus.
I perioden 1997-2017 fann Veterinærinstituttet antikoagulerande stoff i lever frå ulv, gaupe, jerv, raudrev, fjellrev og villmink. Dei høgaste nivåa vart funne i raudrevar frå Oslo. Dette er ikkje uventa fordi nivåa er etter alt å dømme høgast i dyr som lever tett på menneske. Miljødirektoratets overvaking viser at førekomsten har minka noko dei siste åra, men ein ser framleis høge verdiar.
Skadeleg for forplantninga
Stoff som skal brukast til kamp mot uønskte organismar skal godkjennast i samsvar med felleseuropeisk godkjenningsordning for biocid. Det er Biocidproduktkomiteen (BPC) som ligg under det europeiske kjemikaliebyrået ECHA som vurderer kva stoff som bør godkjennast i EU og EØS. Komiteen har nyleg diskutert fornya godkjenning av sju antikoagulerande aktive stoff i muse- og rottegift.
– Noreg ved Miljødirektoratet har hatt eit hovudansvar for vurdering av eitt av dei antikoagulerande stoffa. Som ein del av arbeidet har Miljødirektoratet utarbeidd ein analyse av alternative aktive stoff og ikkje-kjemiske metodar og konkluderer med at musefeller er eit effektivt og miljøvennleg alternativ for bruk mot mus av privatpersonar, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Den europeiske Biocidproduktkomiteen tilrår å ikkje fornye godkjenninga av bruk av musegift for privatpersonar. Dette blir grunngitt med dei uheldige konsekvensane av stoffa i miljøet og at feltforsøk viser at musefeller er eit effektivt alternativ i dei fleste tilfelle. For profesjonelle brukarar tilrår komiteen derimot å fornye godkjenninga av stoffa og også å godkjenne eit nytt aktivt stoff i same gruppe. Det er EU-kommisjonen som gjer endeleg vedtak, og det vil ta tid før sakene blir sende til avstemming i Ståande komité for biocidprodukt. Viss EU-kommisjonen følgjer tilrådinga frå biocidproduktkomiteen, vil det ikkje lenger vere tillate for private å bruke antikoagulerande musegift i EU og EØS. Miljødirektoratet vel å ikkje vente på utfallet i EU, og innfører forbod no, slik som enkelte EU-land allereie har gjort.
Tillate ut 2026
Musegift som er på marknaden i dag, skal fjernast i løpet av 2026. Det vil framleis vere tillate for privatpersonar å kjøpe godkjende musemidlar i ein utfasingsperiode fram til sommaren 2026, og det vil vere lov å bruk desse midlane endå eit halvt år etter dette. Miljødirektoratet tilrår likevel generelt at privatpersonar ikkje bruker gift i musenedkjemping, fordi stoffa kan spreiast i miljøet. Frå 2027 vil musefeller vere einaste alternativet for privat kamp mot mus.
Skadedyrbekjemparar kan bruke musegift
Musegift vil framleis vere tillaten for godkjende skadedyrbekjemparar og bønder med særskild autorisasjon. Ved store museproblem blir det tilrådd at ein kontaktar eit skadedyrfirma. Det same gjeld for kamp mot rotter.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Rekordhøye nivåer av lystgass truer klimamål og ozonlaget11.12.2025 12:09:44 CET | Pressemelding
Den kraftige klimagassen lystgass fortsetter å øke og nådde nok et år rekordhøye nivåer i atmosfæren, viser ny rapport.
Fuglen hortulan antatt utdødd i Norge11.12.2025 08:07:27 CET | Pressemelding
For andre år på rad er det kun observert to hanner av trekkfuglen hortulan. Den er en nær slektning av gulspurven, og var tidligere et vanlig syn.
Fuglen hortulan anteken utdøydd i Noreg11.12.2025 08:07:27 CET | Pressemelding
For andre året på rad er det berre observert to hannar av trekkfuglen hortulan. Den er ein nær slektning av gulsporven, og var tidlegare eit vanleg syn.
Flere tiltak i Oslofjorden godt i gang- men tempoet må opp2.12.2025 12:04:42 CET | Pressemelding
Stadig flere tiltak gjennomføres for å bedre tilstanden i Oslofjorden, men det går likevel for sakte.
Flytende mikroplast i Oslofjorden – mest isopor26.11.2025 14:10:57 CET | Pressemelding
Nye målinger viser at flytende småplast og mikroplast i Oslofjorden ikke er jevnt fordelt, men at det er ansamlingsområder med høye nivåer. Av mikroplasten som flyter, er det isopor som er den dominerende plasttypen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom