Forskaren et ikkje blåskjel lenger på grunn av kjemiske stoff som hopar seg opp
4.9.2025 07:55:59 CEST | UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet | Pressemelding
Plastflasker og gummidekk i havet frigjev kjemikaliar til vatnet. Mykje av dei hamnar i vår eiga næringskjede, men vi veit ikkje kva effekten er.

Forureining av mikroplast og gummigranulat har fått mykje merksemd. Mykje av effekten er ukjend. Då snakkar ein fyrst og fremst om partiklane. Men dei lek òg kjemiske substansar til miljøet rundt seg.
– Forskarar har identifisert meir enn 16 000 kjemiske tilsetjingsstoff i plast. Mange av dei er ikkje tilverkarane pålagde å gjera greie for. Utanforståande veit ikkje kvifor dei er der, seier Maria Elisabetta Michelangeli.
Ho tok nyleg doktorgraden ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo.
– Sjølv for tilsetjingsstoffa som er regulerte, skjer reguleringa for eitt stoff om gongen. Ulike stoff kan reagera på kvarandre på ulike måtar. Dei kan forsterka eller kansellera funksjonen. Men slike kombinasjonar er ikkje regulerte.
Kjemiske stoff frå PET-flasker
I doktorgradsarbeidet sitt har Michelangeli studert nettopp forureining frå både plast og gummi i havvatn. Funna har fått henne til å gjera justeringar i kosthaldet sitt.
– I laboratoriet såg vi at kjemiske stoff som lak frå plast og gummi hemma funksjonen til immunceller hjå blåskjel. Desse stoffa byggjer seg opp i blåskjela over tid. Så blåskjel et eg ikkje lenger, slår ho fast.
Heller ikkje vanlege brusflasker er heilt trygge, ifylgje Michelangeli.
– PET-flasker slepper ut kjemiske stoff som antakeleg minner om hormon. Vi finn òg ei mengd potensielt giftige substansar i daglegdagse produkt av gummi. Til dømes i oppvaskhanskar og ballongar for barn, seier ho.
Gummilukt på kunstgrasbanar
– Vi finn ei mengd potensielt giftige substansar i daglegdagse produkt som oppvaskhanskar og ballongar for barn, seier Maria Elisabetta Michelangeli. Foto: Privat.
– Det er ikkje dermed sagt at kjemikalia som er brukte i plast er farlege. Nokon kan visa seg å vera heilt ufarlege. Andre meir problematiske. Problemet er at vi rett og slett ikkje har nok kunnskap. Utan den kunnskapen kan vi ikkje utelukka potensielt alvorlege effektar.
Sjølv om det er utslepp frå plast- og gummiavfall i havet som er tema for avhandlinga hennar, forklarar ho at utslepp skjer på landjorda òg.
– Sollys har ein stor effekt på mange ting. Berre tenk på stoff som mistar fargen i sola. Når eg er ute og går om sommaren og ser alle Cola- og Solo-flaskene i sola, tenkjer eg at der vert det sannsynlegvis frigjort tungmetall eller andre giftige metall, seier ho.
– Og når lukta av gummi på kunstgrasbanar er sterkare i sola, er det fordi dei kjemiske stoffa fordampar raskare når dei vert varma opp. Ultrafiolett lys kan òg bryta ned materialet og gjera at endå fleire kjemiske stoff vert frigjorde.
Leita etter berekraftige alternativ
Det er eit urovekkjande bilete Michelangeli teiknar opp. Men ho understrekar at det er mangelen på kunnskap som er det største problemet.
– Frå gummidekk fann vi om lag 14 000 førekomstar. Vi klarde berre å identifisera dryge 60 prosent med noko sikkerheit. Kjemiske analysar krev tid og pengar. Sjølv om du gjerne skulle ha gjort alt, let det seg ikkje gjennomføra i dette prosjektet. Håpet er at andre kan ta forskinga vidare, seier ho.
– Det er ein gong slik at dagens samfunn er avhengig av plastprodukt. Men plast blir ikkje berre borte. Det blir brote ned til mikroplast, som i sin tur kan leka kjemikaliar. Sidan vi alt veit at nokre av desse tilsetjingsstoffa er giftige, bør vi leita etter berekraftige alternativ.
Kontakter
Gina AakreRedaktør, Titan.uio.no
Tel:92879847gina.aakre@mn.uio.noDet matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område. Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no - https://titan.uio.no/, som også er på Facebook - https://www.facebook.com/Titan.uio.no/ og Twitter - https://twitter.com/unioslo_titan, eller abonner på nyheitsbrevet - http://uio.us11.list-manage.com/subscribe?u=161573052011290883a1202af&id=9c6531d 3ab. * UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet * Sem Sælands vei 24 * 0371 Oslo * 22 85 56 00 * http://www.mn.uio.no/
Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Presseinvitasjon: Gift på avveie16.10.2026 14:32:05 CEST | Presseinvitasjon
Hva forgifter Oslofjorden? Hvordan havner miljøgifter i Arktis, og hva vet vi egentlig om kjemikaliene vi får i oss? Onsdag 21. oktober samler Universitetet i Oslo forskere for å diskutere PFAS, mikroplast og miljøgifter, og hva forskningen forteller oss om risikoen for mennesker og natur.
Ny bachelor skal styrke tilgangen på kritisk teknologikompetanse6.10.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Studieprogrammet Technology Systems: Science & Engineering skal utdanne folk som kan utvikle og forstå teknologisystemer. UiOs første engelskspråklige bachelorgrad tilbys fra høsten 2027.
Ting du kan dø av i 2040 – og hvordan overleve2.10.2026 08:30:00 CEST | Presseinvitasjon
Svartedauden tilhører historiebøkene, men bakterien som forårsaket den, lever fortsatt. Hva skjer dersom fugleinfluensa blir bedre til å smitte mellom mennesker? Kan kroppens egne fettsyrer brukes til å bekjempe infeksjoner? Kan bakterier som ikke lenger lar seg stoppe av antibiotika, gjøres sårbare igjen? Og hvordan kan radioaktive stoffer brukes til å behandle kreft?
Bæret inneholder dobbelt så mye antioksidanter som blåbær1.10.2026 14:02:53 CEST | Aktuelt
Og du finner det i veikanter og hager. Nå vil forskere bruke den naturlige magien i et plaster.
Det finst mange stader bier kan trivast, men dei treng skogkantar for å kunne spreie seg27.5.2026 11:25:21 CEST | Aktuelt
Forskarar jobbar med kart over spreiingsrutene til biene. Nedbygging av natur kan skape for store avstandar mellom ulike populasjonar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom