Uventa funn: Jon Fosse gir materiale som var rekna som tapt, til Nasjonalbiblioteket
Jon Fosse: – Eg var heilt sikker på at manuset til Raudt, svart var forsvunne.
Jon Fosse har overlate ni kassar med arkivmateriale til Nasjonalbiblioteket, mellom anna eit manuskript som lenge har vore rekna som tapt. Materialet, som omfattar fleire tidlege manuskriptversjonar og ei rekkje skisser og teikningar, blir no eit sensasjonelt supplement til Fosse-arkivet ved Nasjonalbiblioteket.

Fosse overlet materialet til Nasjonalbiblioteket i samband med at han og familien rydda ut av barndomsheimen, som skal bli museum. Nasjonalbiblioteket er framleis i startfasen med å gå gjennom det.
– Vi er overraska over omfanget og rikdomen i dette materialet. Det er ei sjeldan gåve å få innblikk i dei aller første forsøka, setningane og skissene som viser ein ung Fosse på veg til å finne si stemme. Det er eit materiale av stor verdi vi no vil ta vare på i Fosse-arkivet, seier Hege Stensrud Høsøien, direktør for fag og forsking ved Nasjonalbiblioteket.
Fyrstemanuset til Raudt, svart?
Det er funne kladdar og utkast til meir enn eit titals verk av Fosse, mellom anna fleire tidlege utkast til debutromanen Raudt, svart (1983). Eitt maskinskrive manuskript med mange handskrivne rettingar skil seg tydeleg frå den endelege utgåva og viser ein ung forfattar som er i ferd med å finne si litterære stemme.
– Eg var heilt sikker på at manuset til Raudt, svart var forsvunne. Det kan verka som om det er fyrstemanuset, som i så fall faktisk er interessant også for meg! Eg meiner jo at romanen vart dårlegare og dårlegare di meir eg strauk, seier Jon Fosse.

Den første romanen til Fosse skil seg vesentleg frå dei seinare utgivingane hans, både i stil og språk. Dette har ofte blitt forklart med at den debuterande forfattaren retta seg etter sterke tilbakemeldingar frå forlaget. Konsulenten til Samlaget meinte til dømes at manuset kunne kortast ned med to tredelar, og karakteriserte stilen som prega av «redundant redundans».
– Otto Hageberg skreiv ei entusiastisk konsulentfråsegn , der han skreiv om «redundant redundans» og bad meg kutta manuset ned med to tredjedelar. Det hugsar eg at eg prøvde på, men måtte ta inn igjen ein god del, elles vart det liksom ingenting.
Ved å samanlikne dei ulike utkasta kan vi no følgje heile prosessen frå dei første, uferdige sidene til den stramt redigerte boka som blei debuten til Fosse. Dermed kan forskarar og lesarar for første gong sjå korleis ein av dei største forfattarane i vår tid utvikla sitt særmerkte språk og uttrykk.
– I si tid planla Samlaget å gje ut den opprinnelege versjonen av Raudt, svart, men eg fann ikkje att noko manus. Eg har sjølv meint at den fyrste versjonen var den klart beste, seier Fosse.
Allereie under konferansen «Det poetiske hos Fosse» 4.–5. september 2025 – parallelt med Fossefestivalen på Det Norske Teatret – vil Nasjonalbiblioteket vise fram det omtalte manuset til Raudt, svart og fleire utvalde høgdepunkt frå arkivmaterialet.
Oppsiktsvekkande skisser
I kassane låg det òg blokker med sjølvportrett og andre skisseteikningar, truleg frå 1980-åra, i tillegg til nokre få dias som viser oljemåleri. Dokumentasjonen av den biletkunstnarlege verksemda til Fosse opnar for heilt nye inngangar til kunstnarromanane hans, som Melancholia og Septologien.
– Dette er materiale vi aldri hadde venta å få inn i arkivet. Teikningane og dei visuelle spora frå dei tidlege åra til Fosse opnar heilt nye perspektiv på kunstnarromanane hans og på korleis litteratur og biletkunst er fletta saman i forfattarskapen, seier Høsøien.
Supplerer det største Fosse-arkivet i verda
Dei nye funna blir no ein del av Fosse-arkivet ved Nasjonalbiblioteket, som alt er den største samlinga i verda av og om Jon Fosse. Arkivet omfattar brev, notat, manuskript, foto, lyd og video – og blir jamleg supplert med nytt materiale frå både inn- og utland.
– At dette materialet no kjem til Nasjonalbiblioteket, gjer at det ikkje berre blir teke vare på, men òg blir tilgjengeleg for forskarar, studentar og lesarar i framtida, seier Høsøien.
Kontakter
Nina BræinPresseansvarligNasjonalbiblioteket
Tel:95 15 09 12presse@nb.noBilder


Lenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket inngår historisk avtale med landets aviser om innhold til kunstig intelligens19.12.2025 12:50:49 CET | Pressemelding
Kopinor og Nasjonalbiblioteket har i dag signert en historisk avtale om bruk av innhold fra landets aviser i trening av norsk kunstig intelligens. Staten betaler 45 millioner kroner årlig for avtalen, som gjør det mulig å utvikle språkmodeller av høy kvalitet til fri bruk i samfunnet. Norge er først i verden med å få på plass en slik avtale.
Nasjonalbiblioteket får ansvar for ny global KI-organisasjon for bibliotek, arkiv og museer4.12.2025 11:44:57 CET | Pressemelding
Mer enn 40 institusjoner fra hele verden møttes i London 3. desember for å inngå en samarbeidsavtale om bruk av kunstig intelligens i bibliotek, arkiv og museer. Med dette er AI4LAM (Artificial Intelligence for Libraries, Archives, and Museums) etablert som en global organisasjon. Nasjonalbiblioteket får det administrative ansvaret for AI4LAM de tre første årene.
Opplev samisk utvandringshistorie i Blodspor på Nasjonalbiblioteket24.11.2025 11:21:46 CET | Pressemelding
Blodspor, en spesiallaget forestilling fra Tromsø-kompaniet Ferske Scener, fyller Nasjonalbiblioteket lørdag 29. november. Med utgangspunkt i samisk utvandring til USA og den norske migrasjonen til Sápmi, inviteres publikum til delta i rom som for anledningen er gjort om til Sápmi, USA … og framtiden.
Opplev samisk utvandringshistorie i Blodspor på Nasjonalbiblioteket24.11.2025 11:21:46 CET | Pressemelding
Blodspor, ei spesiallaga framsyning frå Tromsø-kompaniet Ferske Scener, fyller Nasjonalbiblioteket laurdag 29. november. Med utgangspunkt i samisk utvandring til USA og norsk migrasjon til Sápmi blir publikum inviterte til å ta del i rom som for høvet er gjorde om til Sápmi, USA … og framtida.
Terje Tvedt gir nye perspektiver på Norges historie i foredragsrekke på Nasjonalbiblioteket27.10.2025 11:55:00 CET | Pressemelding
Hvordan ble Norge det landet det er i dag? I en serie på fem foredrag tar Terje Tvedt, publikum med fra istidens slutt for 12 000 år siden og fram til dagens samfunn – i en fortelling om Norges historie du neppe har hørt før.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom