Lyser ut E39 Veibustkrysset
28.8.2025 15:06:32 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen lyser ut byggearbeida for E39 Veibustkrysset, med tilbodsfrist 1. oktober. No skal den ulykkesbelasta flaskehalsen ved Ålesund byggjast om til toplans-kryss.

-Det er svært gledeleg at vi no er ute av startgropa, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.
Veibustkrysset på E39 rett sør for Ålesund skal byggast om til eit nytt toplanskryss med tilhøyrande av- og påkøyringsramper. Eksisterande bru under E39 skal rivast, og det skal byggjast ny bru med to køyrebaner og fortau under brua. Eksisterande busslommer inntil E39 skal stå omtrent som før, og det skal byggjast nødvendig gangvegsystem frå busslommene og fram til kommunalt vegnett.
Det er utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39. Dette er også med på å skape farlege situasjonar.
Ministeren nøgd
I samband med framlegg av forslag til statsbudsjett 2025, vart prosjektet føreslått med oppstartsmidler i 2025. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård stadfesta personleg at prosjektet fekk finansiering, under eit besøk til Ålesund i september i fjor. Nygård er no nøgd med at prosjektet er ute på marknaden:
-Eg er glad for at Statens vegvesen no har lyst ut arbeidet med E39 Veibustkrysset. Denne utbedringa vil gjere det tryggare og meir forutsigbart for bilistar i Ålesundsområdet, og nytt fortau under brua vil gjere det tryggare for dei som velger sykkel og gange, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Startar førebuande arbeid
Medan tilbodsprosessen går sin gang ut over hausten, vil det no i september bli satt i gang førebuande arbeid i Veibustkrysset. Dette inkluderer omlegging av høgspentkablar og lagring av stein som skal nyttast på veganlegget.
Kontakter
Ole Kristian BirkelandProsjektleder Statens vegvesen Utbygging
Tel:90968712ole.birkeland@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 over Haukeli åpner ikke før seint i kveld15.5.2026 16:50:36 CEST | Pressemelding
Det er usikkert når E134 Vågslidtunnelen vil åpne igjen, og vegen over Haukelifjell vil dermned være stengt.
Nattestengd på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen15.5.2026 14:27:18 CEST | Pressemelding
Natt til tysdag 19. mai tar Statens vegvesen til med å skifte ut stikkrenner på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen i Stad kommune. Det inneber at vegen vil vere stengd ved Lid mellom midnatt og klokka 04 fram til natt til laurdag.
Asfaltering i Bodø kan gi ventetid og støy15.5.2026 13:39:56 CEST | Pressemelding
Mandag kveld starter asfaltering på riksveg 80 i Bodø. Dette innebærer trafikkregulering og kan medføre noe ventetid på kvelden og natta de neste ukene.
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom