Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket deler ut 27,5 millionar til biblioteka

Del

Nasjonalbiblioteket fordeler 27,5 millionar kroner til utvikling av bibliotek og tiltak for leselyst i 2025. Om lag ein tredel av dei 67 søknadane som kom inn, har fått støtte, og dei omfattar bibliotek frå Vadsø i nord til Grimstad i sør.

En gruppe unge voksne sitter i en sirkel på sofaer og gulv i et bibliotek, og de leser eller diskuterer.
Foto: Shutterstock

Prosjekta som får støtte, skal fremje lesing, prøve ut nye samarbeidsformer og styrkje biblioteka som demokratiske møteplassar. Midlane er ein del av løyvingane frå regjeringa til biblioteksektoren.

– Vi held fram satsinga med å styrkje leselyst og leseglede, og her speler biblioteka våre ei nøkkelrolle. Med desse midlane vil bibliotek over heile landet skape eit mylder av aktivitet og engasjement, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Leselyst for alle aldrar

Fleire prosjekt rettar seg mot grupper som tradisjonelt er mindre synlege i biblioteket. Drammen bibliotek satsar på å trekkje fleire vaksne menn inn i biblioteket, medan Grimstad bibliotek styrkjer lesekulturen i vaksenopplæringa gjennom høgtlesingsprosjekt. På Vestre Toten blir ungdommar inviterte til å utforske leseglede gjennom fellesskap og tilhøyrsle.

Leselyststrategien til regjeringa blir òg følgd opp gjennom prosjektet Lesevenn, eit samarbeid mellom storbybiblioteka for å styrkje lesegleda hos barnehagebarn. I tillegg får fylkeskommunane midlar til samarbeid mellom barnehagar og bibliotek, og den nasjonale kampanjen Sommerles er sikra vidareføring fram til 2030.

– Leseglede er noko som må byggjast heile livet. Difor er det viktig at biblioteka utviklar nye måtar å nå både barn, ungdommar og vaksne på, seier Svein Arne Tinnesand, direktør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket.

Biblioteket som demokratisk arena

Biblioteka får òg støtte til prosjekt som utviklar rolla deira som opne møteplassar for demokrati, samtale og debatt.

  • Demokratiløftet, eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket og folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold, skal kartleggje og utvikle nye verktøy for biblioteket som demokratisk arena.
  • I Innlandet set prosjektet Folkedialog i bibliotek i gang møteplassar som skal bidra til mindre polarisering i samfunnet.
  • Vadsø bibliotek og fleire samarbeidspartnarar i Finnmark startar prosjektet Sannhet og forsoning: Store spørsmål - små samtaler, som skal skape samtalar, utstillingar og verkstader med bakgrunn i rapporten frå Sannhets- og forsoningskommisjonen.

– Biblioteka er ein av dei få arenaene der alle kan møtast fritt og likeverdig. Gjennom prosjekt som stimulerer til samtale og refleksjon, bidreg biblioteka til å styrkje både fellesskap og ytringsfridom. Frå Vadsø i nord til Grimstad i sør ser vi korleis biblioteka utviklar tiltak som er tilpassa lokale behov. Det viser mangfaldet og styrken i den norske biblioteksektoren, seier Tinnesand.

Du finn ei oversikt over tildelingane nederst.

Kontakter

Dokumenter

Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Presseinvitasjon: Lansering av ny rapport om KI og store språkmodeller i helse- og omsorgstjenesten12.5.2025 07:00:00 CEST | Presseinvitasjon

Kunstig intelligens – og spesielt store språkmodeller – er i ferd med å endre samfunnet vårt. I helse- og omsorgstjenesten kan teknologien gi nye muligheter, men også introdusere flere risikoer. Hvordan kan vi ta i bruk denne teknologien på en trygg og ansvarlig måte? Tid: Fredag 16. mai 2025 kl. 08.30–10.00 Sted: Nasjonalbiblioteket, Solli plass i Oslo

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye