Ny verdsarvutstilling opna på Lillehammer
«Vår verdsarv» opna på Maihaugen på Lillehammer 29. august. Utstillinga skal styrkje formidlinga og forståinga av verdsarven.

– Verdsarv er stader og område som er umisselege, og noko av det viktigaste vi gjer er å spreie kunnskap om desse eineståande stadene, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Målet er at utstillinga «Vår verdsarv» skal stå på alle norske verdsarvstader, og det er utstillinga som tilhøyrer Røros bergstad og Circumferensen som no opnar på Maihaugen.
Innlandet og Trøndelag deler verdsarv
Utstillinga «Vår verdsarv» formidlar dei åtte norske verdsarvområda, og besøkjande får bli med ut på ei storslått reise til den viktigaste natur- og kulturområda i verda. Verdsarvområdet Røros bergstad og Circumferensen ligg både i Innlandet og Trøndelag fylke:
– 333 års bergverksdrift på Rørosvidda skapte rikdom for eigarar og staten, eit levebrød for arbeidarar og verdsarv for ettertida, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– Med utstillinga håpar vi at endå fleire blir merksam på dei unike verdiane som Noregs verdsarvstader kan by på.
Samarbeid mellom Lillehammer og Røros
Utstillinga på Maihaugen er eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Stiftelsen Lillehammer museum og Mist Rørosmuseet. På Røros kan ein besøkje utstillinga utandørs.
–Utstillinga «Vår verdsarv» vil bli presentert i den noregshistoriske utstillinga vår «Langsamt vart landet vårt eige». Verdsarv-utstillinga vil då gi eit svært verdifullt supplement til denne viktige utstillinga midt i hovudbygningen på Maihaugen, seier direktør for Stiftelsen Lillehammer museum, Audun Eckhoff.
I 1980 vart bergstaden Røros skriven inn på verdsarvlista, og i 2010 vart verdsarvområdet utvida til også å omfatte delar av området rundt, den såkalla Circumferensen.
– Eg er glad for at det gode samarbeidet med Riksantikvaren og Maihaugen har gjort det mogleg å realisere denne utstillinga, seier museumsdirektør Runa Finborud på Mist Rørosmuseet.
I Noreg er det Riksantikvaren og Miljødirektoratet som har ansvaret for oppfølginga av konvensjonen. Stiftinga Noregs Verdensarv har bidrege i arbeidet med konsept for utstillinga.
Fakta om verdsarven i Noreg
Noreg har åtte verdsarvområde på Unescos prestisjetunge liste:
- Røros bergstad og Circumferensen
- Bergkunsten i Alta
- Bryggen i Bergen
- Rjukan-Notodden industriarv
- Fire punkt på Struves meridianboge
- Urnes stavkyrkje
- Vestnorsk fjordlandskap ved Geirangerfjorden og Nærøyfjorden
- Vegaøyan
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder







Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
– Den farligste tiden for et bygg28.11.2025 10:50:57 CET | Pressemelding
Brann rammer en rekke kulturminner hvert år. To ting er spesielt farlige: oppussing og desember måned.
Disse 26 stedene i Trøndelag kan få nasjonal status21.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Se oversikt: Et utvalg av landskap i Trøndelag vurderes som nasjonalt viktige.
Desse 26 stadene i Trøndelag kan få nasjonal status21.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Sjå oversikta: Eit utval av landskap i Trøndelag vurderast som nasjonalt viktige.
Kirkebevaringsfondet: ny topp i søknader20.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Kirkebevaringsfondet har fått inn 374 søknader for 2026. Se lista.
Kyrkjebevaringsfondet: ny topp i søknader20.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 374 søknader for 2026. Sjå lista.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom