Sjå video: Sølvguttene heldt konsert i Lærdalstunnelen
15.8.2025 14:35:33 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Det er ikkje kvar dag det er live-musikk i verdas lengste vegtunnel.

Men det var nettopp som det skjedde onsdag denne veka rundt klokka 12.00.
Då song det legendariske gutekoret Sølvguttene i om lag ti minutt i blåhallen nærast Lærdal, ei av dei karakteristiske stopplommene i tunnelen, med trolsk blått bakgrunnsljos.
Kvifor konsert inne i ein 24.509 meter lang tunnel?
Bakgrunnen for den uvanlege konsertstaden, var at Sølvguttene uansett skulle ha konsert på Tørvis Hotell i Marifjøra i Luster.
– I samband med at dei skal opptre hjå oss, freista me å få til konsertar også andre stader i Sogn. Ein av stadene eg ynskte å få til, var verdas lengste tunnel på 24.509 meter. Difor kontakta eg Vegvesenet for å høyra om det var mogleg med ei kort framføring i Lærdalstunnelen, seier hotelldirektør Bjarte Lie som sjølv har ein son i koret.
Fekk raskt ja
Praktisk tunnelforvaltar Kenneth Lyngsgård i Statens vegvesen undersøkte saka og kom raskt med eit svar som var musikk i øyra på både hotell og kor.
– Vi fekk ein førespurnad om eit både uvanleg og hyggjeleg kulturelt stunt i Lærdalstunnelen. Då slike arrangement kan påverka trafikken, må vi som vegeigar gje løyve. Ei så kort mellombels stenging i ein liten del av tunnelen midt på dagen fekk vi til. Det er hyggjeleg å kunna bidra i ei type sak vi ikkje har kvar dag, seier Lyngsgård.
Velklingande venting
Sølvguttene kom med ein buss som måtte parkera i ei stopplomme, og heile koret skulle av bussen. Difor var det på grunn av trafikksikkerheita naudsynt å stoppa trafikken og stenga tunnelen ved konsertstaden. Det var gjort med trafikkdirigering på kvar side av stopplomma medan konserten fann stad.
Sjåførane som måtte venta om lag ti minutt, vart bedne om å slå av motoren medan konserten fann stad.
– Statens vegvesen har alltid forståing for at trafikantane ynskjer ein harmonisk køyretur med så lite hakk i plata mogleg. Når dei fekk sjølvaste Sølvguttene som lydspor til denne korte ventinga, håpar vi trafikantane hadde ei fin køyreoppleving utan for mange sure tonar, avsluttar Lyngsgård med glimt i auga.
Nøkkelord
Kontakter
Kenneth LyngsgårdPraktisk tunnelforvaltar Statens vegvesen
Tel:99169241kenneth.lyngsgard@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vegvesenet sender reguleringsplanen for ny rv. 22 til kommunen12.6.2026 15:16:27 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har sendt forslaget til reguleringsplan for rv. 22 Glommakryssing til Lillestrøm kommune.
Flere veier stenges i Trondheim på lørdag12.6.2026 13:00:08 CEST | Pressemelding
I forbindelse med sykkelrittet L’Étape Trondheim vil mange veier bli stengt. Statens vegvesen ber alle trafikanter sjekke sin kjørerute og være forberedt på redusert framkommelighet.
Starter arbeidet med reguleringsplan for E18 Oddemarka–Tordenskjolds gate, sykkelstamvei12.6.2026 12:48:10 CEST | Pressemelding
Nå kan alle som ønsker det, komme med innspill og kommentarer til planarbeidet.
Beredskapsøvelse stenger Vardøtunnelen12.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Tirsdag 16. juni holder Statens vegvesen en beredskapsøvelse i Vardø. Vardøtunnelen blir stengt mellom klokka 15.00 og 19.00. Trafikken vil bli sluppet gjennom i puljer med ledebil.
Kantklipp for bilister, blomster og bier12.6.2026 07:45:00 CEST | Pressemelding
Har du lurt på hvorfor vegkantene klippes mens de er på sitt vakreste? Her får du fire gode grunner, og tips til hva du selv bør gjøre om du møter på kantslått.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom