Fleire sommarreisande enn venta - rekorddag på Oslo lufthavn
11.8.2025 12:00:00 CEST | Avinor | Pressemelding
Det var ein liten auke i sommartrafikken i juli samanlikna med i 2024 - og landets største lufthamn har passert ein milepæl.

Fleire enn fem millionar passasjerar reiste gjennom norske lufthamner i juli.
Dette er ein auke på to prosent samanlikna med same månad i fjor. Så langt i år har det vore fire prosent fleire reisande enn i 2024 – med auke både blant innanlands- og utanlandsreisande. I juli reiste over 2,7 millionar til og frå Noreg, noko som tilsvarer ein auke på éin prosent blant utanlandsreisande.
Fleire enn forventa
Ser ein isolert på innanlandsreisande i juli, er det to prosent fleire i år samanlikna med same månad i fjor.
– Sommaren har vore god og noko betre enn venta. Tala for innanlandsreisande har særleg utmerkt seg, med ein auke på to prosent samanlikna med i fjor. Samstundes ser vi ei utflating i veksten som prega første halvår. Vi ventar at denne utflatinga held fram, med lågare vekst i andre halvår enn det vi har opplevd i første halvår, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Han trekkjer òg fram frakt, som hadde ein vekst i juli.
– Fraktutviklinga over Oslo lufthavn er framleis sterk, med ein vekst på seks prosent i juli og elleve prosent så langt i år. Auka rutekapasitet på langdistanseruter har bidrege til å redusere transporttid og avstand for sjømat som skal ut av landet. Samstundes blir importen i større grad sendt direkte til Oslo i staden for via andre knutepunkt i Europa, avsluttar han.
På nivå med før pandemien
Prognosane for talet på reisande gjennom Oslo lufthamn i perioden 20. juni til 20. august var seks millionar. Allereie i juni og juli samla ser ein at over 5,3 millionar reisande har ferdast til og frå Noregs største lufthamn. Den 13. juli reiste 100 296 passasjerar gjennom lufthamna. Det er første gong at så mange besøkte lufthamna på ein dag, sidan pandemien braut ut i mars 2020.
Flyrørsler
Det var 53 517 kommersielle flyrørsler i juli. Dette er ein liten auke frå juli i fjor, og det er tre prosent fleire flyrørsler i år så langt.
Veksten i droneflyging held fram i juli
Interessa for ansvarleg droneflyging viser ingen teikn til å flate ut. I juli vart det meldt inn 3 265 droneflygingar i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar.
– Dette er 50 prosent fleire flygingar enn i juli i fjor, seier Mats Gjertsen, leiar for droneprogrammet i Avinor.
– Vi har no sett ein tydeleg vekst gjennom heile året, og juli-tala stadfestar at utviklinga held fram i same positive retning. Både godt sommarvêr og auka turisme har bidrege til aktiviteten.
Så langt i år ligg talet for innmelde droneflygingar 30 prosent høgare enn på same tid i 2024.
– Det er inspirerande å sjå at fleire vel å fly på ein trygg og synleg måte. Når vi får så mange innmelde flygingar midt i høgsesongen, viser det at ansvarleg dronebruk har fått eit solid fotfeste i Noreg, seier Gjertsen.
Sjå fleire tal for Avinors lufthamner i vedlegg.
Kontakter
Pressetelefon (ikke SMS)Kun til bruk for journalister.
Vi svarer ut mediehenvendelser mellom 08.00-17.00 med mindre det inntreffer større hendelser. For generelle henvendelser ber vi om at det sendes e-post. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Bilder



Dokumenter
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av elfly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Avinor starter forprosjekt for utvikling av Trondheim lufthavn29.5.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Avinor starter nå et forprosjekt for videre utvikling av Trondheim lufthavn, Værnes. Arbeidet skal gi et oppdatert beslutningsgrunnlag for hvordan lufthavnen kan utvikles videre på en helhetlig og fremtidsrettet måte.
Avinor leverer et solid første kvartal i urolige tider18.5.2026 14:42:51 CEST | Pressemelding
Til tross for geopolitisk uro, leverer Avinor et godt første kvartal med økt passasjertrafikk og inntekter. De langsiktige utsiktene er positive, men det er nå betydelig usikkerhet knyttet til utviklingen fremover og hvor lenge den vil vare.
Avinor lyser ut nye kontrakter innen servering og kiosk: Skal løfte mat- og drikkeopplevelsen på norske lufthavner18.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Avinor lyser ut nye kontrakter ved åtte lufthavner med en estimert samlet verdi på rundt 3,5 milliarder kroner. Konkurransen består av 35 kontrakter med henholdsvis fem eller syv års varighet, og omfatter serveringsenheter, kiosker og selvbetjente løsninger.
Bunadsslusa opnar igjen på Oslo lufthamn 16. og 17. mai12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Som tradisjonen tilseier, opnar Oslo lufthamn eiga bunadssluse i tryggleikskontrollen 16. og 17. mai. Slusa er pynta med norske flagg og er open for alle reisande i bunad, kofte og andre tradisjonelle festdrakter.
Stabil april - vekst så langt i år11.5.2026 14:30:00 CEST | Pressemelding
Talet på passasjerar ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabilt i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom