Kolonnekøyring på E16 ved Stanghelle frå og med 5. august
1.8.2025 14:28:01 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Frå tysdag 5. august blir det kolonnekøyring ved Stanghelle med faste kolonnetider i tidsrommet mellom klokka 07:00 og 19:30 måndag til søndag. Trafikantar må førebu seg på 30 minutt venting.

Trafikantar må rekne med opptil 30 minutt ventetid mellom kolonnane. Arbeidet på Stanghelle er venta å vere ferdig i løpet av september, og då vil kolonnekøyringa på strekninga verte avslutta.
Årsaka er arbeidet med berg- og skredsikring som Fellesprosjektet Arna-Stanghelle starta opp i mai. No skal ein stor fjellskjering på Stanghelle reinskast og sikrast. Skjeringa ligg tett på E16 og det er difor naudsynt å stenge vegen i periodar på inntil 30 minutt. Naboar må rekne med noko støy frå maskinar, helikopter og boring.
Kolonnetider
Sjå vedlegg under for kolonnetider. Vi gjer merksam på at oppgitt forseinking på bussrutene i tabellen kun er berekna med kolonnetider. Andre tilhøve kan påverke om bussen kjem i tide. Reisande bes halde seg oppdatert på busselskapets heimesider eller app.
Kolonnekøyringa vil skje med ledebil. Trafikantar som kjem frå, eller skal til Stanghelle sentrum verte sleppt inn/ut av kolonne.
Arbeid på Vaksdal
Det går og føre seg tilsvarande arbeid på Vaksdal. Områda som skal sikrast her vil ikkje påverke trafikken på E16, men naboar må og her rekne med noko støy frå maskinar, helikopter og boring. Arbeidet på Vaksdal vil etter planen gå føre seg ut året.
Hald deg oppdatert på trafikken
Vi gjer merksam på at det og går føre seg anna arbeid på E16 mellom Bergen og Voss som kan ha betyding for framkomme. Trafikantar kan halde seg oppdatert på vegvesen.no/ trafikk eller på mobilappen Vegvesen trafikk.
Nøkkelord
Kontakter
Tor Gunnar SkareFellesprosjektet Arna-Stanghelle
Tel:95991142tor.gunnar.skare@vegvesen.noDokumenter
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stenseth maskin skal bygge døgnhvileplass for tungtransport ved E39 Stormyra11.5.2026 11:56:51 CEST | Pressemelding
Orkanger-entreprenøren Stenseth maskin AS skal bygge den nye døgnhvileplassen for tungtransport ved Stormyra i Heim kommune.
Syklister dør mens bilister blir tryggere: EU-rapport slår alarm11.5.2026 09:32:10 CEST | Pressemelding
Syklister blir ikke tryggere i trafikken – mens bilister blir det. En ny rapport fra European Transport Safety Council (ETSC) viser nesten stillstand i nedgangen i sykkeldødsfall i EU. Nå ber ekspertene om 30 km/t der biler og sykler møtes, og mer sykkelveier.
Legg om lokaltrafikken i E39 Veibustkrysset9.5.2026 09:54:37 CEST | Pressemelding
Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.
Første prosjekt i Bypakke Kristiansund er utlyst8.5.2026 10:51:34 CEST | Pressemelding
Kollektivfelt, rundkjøring og undergang for myke trafikanter lyses nå ut på anbud. Dette betyr at arbeidet med Bypakke Kristiansund kan starte opp til høsten.
Arbeid på rv. 651 Folkestad og Søre Bjørkedalen-Stigedalen8.5.2026 10:17:22 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal frå 18. mai gjere arbeid ved Folkestad og på strekninga Søre Bjørkedalen – Stigedalen i Volda kommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom