Stenger E16 ved Dale grunna støyping av tunnelportal
31.7.2025 15:07:17 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
E16 vert stengd ved Dalseidtunnelen laurdag 16. august kl. 06.00 og i litt over eitt døgn. Ein ny seksjon av rassikrings-portalen på tunnelen skal støypast.

- Om eit par veker er me klare for nok ein stor støyp ved Dalseidtunnelen. Denne gongen er den sokalla «trompeten» på enden av portalen som skal støypast, altså stykket ut mot enden der diameteren på portalen aukar. Medan betongen går i forma og det herdar, kan me ikkje ha trafikk på dette strekket av E16. Tunnelen vil vere stengt for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning. Me har lagt arbeidet til ein laurdag, for å gje minst muleg heft for trafikantane, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.
E16 Dalseidtunnelen bli stengt frå kl 06.00 på morgonen laurdag 16. august og fram til klokka 12.00 søndag føremiddag.
E16 blir stengt ved Dalseidtunnelen, og omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.
Dirigentar ute
Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og iverkset dirigering ved behov.
Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.
Blir ferdig i haust
I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet.
Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Arbeidet med forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av dette arbeidet. Betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026. Arbeidet inne i dei fem tunnelane er ferdig, og det nye ustyret er satt i drift.
Oppdatert info om stenginga blir lagt ut på 175.no i løpet av den aktuelle helga.
Kontakter
Eirik RøtheProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging Tunneloppgradering
Tel:412 06 131eirik.rothe@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Øving i rv. 13 Butunnelen10.3.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Tysdag 17. mars held Statens vegvesen brannvernøving i rv. 13. Butunnelen i Eidfjord.
Fortsetter med arbeid i Brattlitunnelen10.3.2026 08:10:00 CET | Pressemelding
Mandag 16. mars starter Statens vegvesen opp igjen med utbedringsarbeidet i Brattlitunnelen på riksveg 827 nord for Kjøpsvik i Narvik kommune. Tunnelen blir stengt om natten.
Sprengingsarbeidet er ferdig i Lerstadtunnelen9.3.2026 14:42:52 CET | Pressemelding
Dei siste store salvene er no avfyrte i tunnelen, og med det er den mest støyande fasen av tunnelbygginga på E136 Breivika-Lerstad unnagjort.
E18/E39 Kristiansand: Stenger Vestervegbrua for all trafikk én helg9.3.2026 12:00:00 CET | Pressemelding
Vestervegbrua (lavbrua) stenges for all trafikk helgen 20.– 23. mars på grunn av anleggsarbeid i forbindelse med prosjektet E18/E39 Gartnerløkka-Kolsdalen.
Brannøvelse i E39 Byfjordtunnelen9.3.2026 09:23:42 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har mandag 16. mars brannøvelse i E39 Byfjordtunnelen nord for Stavanger sentrum.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom