Fritt Ord

Hadia Tajik og Eirin Larsen nye styremedlemmer i Fritt Ord

Del

Eirin Larsen (36) og Hadia Tajik (42) tek med seg solid erfaring frå journalistikk, teknologi, politikk og juss inn i styret i Fritt Ord.

Eirin Larsen. Foto: Martine Torsvik, Telenor Hadia Tajik. Foto: Pål Laukli, Tiden forlag Fri bruk ved omtale av Fritt Ord. Se lenke til bilde lenger ned

– Vi er særs nøgd med å få to nye og svært kvalifiserte styremedlemmer til Fritt Ord. Vi trur dei vil løfte styret i ei tid der ytringsfridommen vert utfordra meir enn på lenge, og då vi treng å bruke ressursane våre best mogleg til å fremje modig bruk av det frie ord, seier Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Fritt Ord.

Om Eirin Larsen
– Eirin Larsen har bakgrunn frå arbeid i skjæringspunktet mellom teknologi og journalistikk. Ho har særleg kompetanse på korleis sosiale medium kan fremje, men også utfordre, ytringsfridommen og den offentlege samtalen, seier Bård Vegar Solhjell.
– Algoritmane på Facebook fekk endre verda utan at vi såg det kome og fekk teke gode avgjersler. Det må vi no. Vi står i ein ny teknologisk revolusjon med kunstig intelligens. Då er valet meir kunnskap og betre dialog eller ein meir fragmentert og mindre demokratisk offentlegdom, seier Eirin Larsen.
Larsen er medie- og teknologistrateg med brei erfaring frå norsk mediebransje og offentleg forvaltning, og jobbar no med teknologiutvikling i Telenor Group. Ho har vore journalist og leiar for sosiale medium i DN, Adresseavisen og NRK, samt seniorrådgjevar ved Statsministerens kontor. Larsen er utdanna journalist og har ein mastergrad i digitalisering og innovasjon.

Eirin Larsen. Foto: Martine Torsvik, Telenor

Om Hadia Tajik
– Hadia Tajik var ein av Noregs dyktigaste politikarar, med eit sterkt engasjement for ytringsfridom, menneskerettar og justisspørsmål. Ho har lang erfaring med å vere del av vanskelege debattar i feltet rundt ytringsfridom, seier Bård Vegar Solhjell.
– Ytringsfridommen er under større press enn på lenge, både frå ekstreme aktørar og teknologiske gigantar som legg føringar for ordskiftet. Det er særleg meiningsfullt å bidra til Fritt Ords viktige arbeid i den tida vi no lever i, seier Hadia Tajik.
Tajik startar i august i advokatselskapet Haavind, etter nesten 20 år med ulike nasjonale verv som politikar for Arbeidarpartiet. Tajik har vore statsråd i to ulike regjeringar, og er utdanna journalist og jurist med mastergrad i menneskerettar. No jobbar ho med næringslivsjus, innan blant anna offshore og industri.

Om Fritt Ord
Fritt Ord er ei allmennyttig privat stifting som arbeider for å fremje ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur. Bård Vegar Solhjell tok i juni over for Grete Brochmann som styreleiar. Dei andre styremedlemmene er Anine Kierulf, Bjarne Kveim Lie, Kjersti Gautestad Norheim, Frank Rossavik og Sylo Taraku. Direktør for stiftinga er Knut Olav Åmås.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fritt Ord Styret i desember 2023. Fra venstre: Sylo Taraku, Sigrun Slapgard, Bård Vegar Solhjell, Grete Brochmann, Bjarne Kveim Lie, Anine Kierulf og Frank Rossavik. Slapvik er siden gått ut, og Kjersti Gautestad Norheim er gått inn (2024). Grete Brochmann gikk ut i 2025.
Fritt Ord Styret i desember 2023. Fra venstre: Sylo Taraku, Sigrun Slapgard, Bård Vegar Solhjell, Grete Brochmann, Bjarne Kveim Lie, Anine Kierulf og Frank Rossavik. Slapvik er siden gått ut, og Kjersti Gautestad Norheim er gått inn (2024). Grete Brochmann gikk ut i 2025.
Ilja C. Hendel for Fritt Ord Fri bruk ved omtale av Fritt Ord
Last ned bilde
Eirin Larsen.
Eirin Larsen.
Foto: Martine Torsvik, Telenor Fri bruk ved omtale av Fritt Ord
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Fritt Ord er en allmennyttig privat stiftelse som arbeider for å fremme ytringsfrihet, offentlig debatt, kunst og kultur.

I vedtektene våre heter det: «Stiftelsen Fritt Ords fremste formål er å verne om og styrke ytringsfriheten og dens vilkår i Norge, særlig ved å stimulere den levende debatt og den uredde bruk av det frie ord. Fritt Ord kan også støtte andre sider ved norsk kultur, i første rekke den del av kulturen som gjør bruk av ordet.»

Følg pressemeldinger fra Fritt Ord

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fritt Ord på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fritt Ord

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye