Hadia Tajik og Eirin Larsen nye styremedlemmer i Fritt Ord
Eirin Larsen (36) og Hadia Tajik (42) tek med seg solid erfaring frå journalistikk, teknologi, politikk og juss inn i styret i Fritt Ord.

– Vi er særs nøgd med å få to nye og svært kvalifiserte styremedlemmer til Fritt Ord. Vi trur dei vil løfte styret i ei tid der ytringsfridommen vert utfordra meir enn på lenge, og då vi treng å bruke ressursane våre best mogleg til å fremje modig bruk av det frie ord, seier Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Fritt Ord.
Om Eirin Larsen
– Eirin Larsen har bakgrunn frå arbeid i skjæringspunktet mellom teknologi og journalistikk. Ho har særleg kompetanse på korleis sosiale medium kan fremje, men også utfordre, ytringsfridommen og den offentlege samtalen, seier Bård Vegar Solhjell.
– Algoritmane på Facebook fekk endre verda utan at vi såg det kome og fekk teke gode avgjersler. Det må vi no. Vi står i ein ny teknologisk revolusjon med kunstig intelligens. Då er valet meir kunnskap og betre dialog eller ein meir fragmentert og mindre demokratisk offentlegdom, seier Eirin Larsen.
Larsen er medie- og teknologistrateg med brei erfaring frå norsk mediebransje og offentleg forvaltning, og jobbar no med teknologiutvikling i Telenor Group. Ho har vore journalist og leiar for sosiale medium i DN, Adresseavisen og NRK, samt seniorrådgjevar ved Statsministerens kontor. Larsen er utdanna journalist og har ein mastergrad i digitalisering og innovasjon.
Eirin Larsen. Foto: Martine Torsvik, Telenor
Om Hadia Tajik
– Hadia Tajik var ein av Noregs dyktigaste politikarar, med eit sterkt engasjement for ytringsfridom, menneskerettar og justisspørsmål. Ho har lang erfaring med å vere del av vanskelege debattar i feltet rundt ytringsfridom, seier Bård Vegar Solhjell.
– Ytringsfridommen er under større press enn på lenge, både frå ekstreme aktørar og teknologiske gigantar som legg føringar for ordskiftet. Det er særleg meiningsfullt å bidra til Fritt Ords viktige arbeid i den tida vi no lever i, seier Hadia Tajik.
Tajik startar i august i advokatselskapet Haavind, etter nesten 20 år med ulike nasjonale verv som politikar for Arbeidarpartiet. Tajik har vore statsråd i to ulike regjeringar, og er utdanna journalist og jurist med mastergrad i menneskerettar. No jobbar ho med næringslivsjus, innan blant anna offshore og industri.
Om Fritt Ord
Fritt Ord er ei allmennyttig privat stifting som arbeider for å fremje ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur. Bård Vegar Solhjell tok i juni over for Grete Brochmann som styreleiar. Dei andre styremedlemmene er Anine Kierulf, Bjarne Kveim Lie, Kjersti Gautestad Norheim, Frank Rossavik og Sylo Taraku. Direktør for stiftinga er Knut Olav Åmås.
Nøkkelord
Kontakter
Knut Olav ÅmåsDirektør i Stiftelsen Fritt Ord
Tel:908 68 139knut.olav.amas@frittord.noBård Vegar SolhjellStyrelederStiftelsen Fritt Ord
Tel:93005259bvs@frittord.noHenrik Pryser LibellKommunikasjonsrådgiverStiftelsen Fritt Ord
Tel:41909100henrik.libell@frittord.noBilder


Lenker
Om oss
Fritt Ord er en allmennyttig privat stiftelse som arbeider for å fremme ytringsfrihet, offentlig debatt, kunst og kultur.
I vedtektene våre heter det: «Stiftelsen Fritt Ords fremste formål er å verne om og styrke ytringsfriheten og dens vilkår i Norge, særlig ved å stimulere den levende debatt og den uredde bruk av det frie ord. Fritt Ord kan også støtte andre sider ved norsk kultur, i første rekke den del av kulturen som gjør bruk av ordet.»
Følg pressemeldinger fra Fritt Ord
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fritt Ord på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Fritt Ord
Fritt Ord-konkurransen blir til Mitt frie ord11.11.2025 10:00:00 CET | Pressemelding
I år blir Fritt Ords ytringskonkurranse for vidaregåandeelevar arrangert for 11. gong. Konkurransen har hatt eitt nytt tema kvart år, men vil frå no ha ytringsfridom som det store hovudtemaet. I den nye drakta heiter konkurransen Mitt frie ord.
Den indre fienden – (U)kultur i Forsvaret og nye tildelinger fra Fritt Ord i oktober 20257.11.2025 14:05:00 CET | Pressemelding
Tidligere heimevernsjef og generalmajor Elisabeth G. Michelsen og major Amanda Bergh Schjelderup skal skrive bok om kvinner i Forsvaret: «Den indre fienden – (U)kultur i Forsvaret». Se listen med nye ordinære tildelinger i oktober 2025.
Fritt Ord – Nye tildelinger i journalistikk oktober 20256.11.2025 09:20:00 CET | Pressemelding
Mediehuset iTromsø får støtte til reportasjeserien «AirBnX-files» der de bruker KI til å avdekke hvordan Airbnb påvirker Tromsøs boligmarked. Norsk-arabiske DER skal utgi nye podkaster, Vårt Oslo undersøker folks dårlige råd og Frostingen følger Bye-saken for lokalsamfunnet. Se listen med nye tildelinger i Norsk Journalistikk i oktober 2025.
Ny bok dokumenterer frilansjournalistens rolle17.10.2025 10:55:00 CEST | Pressemelding
NJ Frilans, Nord Universitet, Oslo Met og Fritt Ord har samarbeidet i seks år om kartlegging av frilansjournalistenes vilkår.
Ny fellow til Oxford – om hvordan journalister intervjuer «monstre og ofre»15.10.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
VG-journalist Håkon F. Høydal er tildelt Fritt Ords journaliststipend ved Reuters Institute for the Study of Journalism i Oxford våren 2026. Temaet hans er hva journalister kan lære av ny traumeforskning når de skal intervjue både «monstre og ofre» i krim- og overgrepssaker.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom