Leger Uten Grenser

Helsearbeidarar råka av nye tvangsflyttingar

Del

Israelske styrkar har sendt ut nye ordrar om tvangsflytting. Denne gongen for delar av Deir Al Balah, som er det siste området på Gazastripa som var rekna som nokolunde trygt.

På akuttmottaket ved Al Mawasi-klinikken tar Leger Uten Grenser imot pasientar som har blitt såra ved den amerikansk-israelske matutdelinga i Rafah.
På akuttmottaket ved Al Mawasi-klinikken tar Leger Uten Grenser imot pasientar som har blitt såra ved den amerikansk-israelske matutdelinga i Rafah. Foto: Nour Alsaqqa / Leger Uten Grenser

Mellom 50.000 og 80.000 menneske som har flykta fleire gonger, er igjen blitt tvungne på flukt, ifølge FN.

Desse ordrane råkar også våre tilsette som bur i Deir Al Balah. I alt 36 kollegaer måtte brått forlate Al Mawasi-klinikken for å evakuera saman med familiane sine. Klinikken var då full av pasientar som var såra etter å ha prøvd å skaffa mat ved dei israelsk-amerikanske matutdelingane. 

Ei av dei viktigaste vassforsyningane for Sør-Gaza er også råka av ordrane frå israelske styrkar. Tankbilane kjem seg ikkje til anlegget for å fylla vatn, og det er fare for livet til dei som prøver å dela ut vatn. Desse vassanlegga og utdelinga av vatn er ei livline for innbyggarane i Gaza og må beskyttast. 

Ordrar om tvangsflytting kjem raskt og har spreidd seg frå nord til sør. Heile 87 prosent av Gazastripa er no rekna som ei militær sone, og to millionar palestinarar har dermed att mindre enn 13 prosent landområde å søke tilflukt på.

Nøkkelord

Kontakter

Om Leger Uten Grenser

Leger Uten Grenser er en nøytral og uavhengig medisinsk nødhjelpsorganisasjon som redder liv og lindrer nød. Vi rykker ut der nøden er størst, og gir helsehjelp til dem som trenger det mest – uansett hvem, uansett hvor, uansett hvorfor.

Organisasjonen ble stiftet i 1971, og har sørget for helsehjelp til mennesker rammet av krig, kriser og katastrofer i over 50 år. I dag jobber vi i flere enn 70 land.

Følg pressemeldinger fra Leger Uten Grenser

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Leger Uten Grenser på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Leger Uten Grenser

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye