God start for pukkellaksfella i den viktige Tanaelva
17.7.2025 14:47:17 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Pukkellaksefella i Tanaelva har på under to veker teke dobbelt så mykje pukkellaks som vart fanga i elva under heile den førre invasjonen i 2023.

– Tanaelva er ei av dei viktigaste lakseelvane i verda. Pukkellaksen er ein trussel mot atlantisk villaks, og det er svært positivt at pukkellaksefella så langt ser ut til å fungere godt. Her er det lagt ned mykje arbeid i forkant, med bidrag frå både lakseforskarar og lokale fiskarar. Den tette overvakinga gir tryggleik for at både villaks og andre lokale artar i elva blir varetekne, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Førebels ser den 400 meter lange pukkelaksfella i Tana ut til å fungere godt. Pukkellaks blir teken ut og slakta medan mykje atlantisk laks og andre lokale artar har vorte sleppt uskadd vidare, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
Halvparten av pukkellaksen tekne i Tanaelva
Så langt er totalt 29 000 pukkellaks fanga i elvane med pukkellaksfeller, mesteparten i Finnmark. Av desse er nesten 13 300 tekne ut i Tanaelva, som blir rekna som ei av dei viktigaste lakseelvane i verda. Førebels er det små førekomstar av pukkellaks elles i landet.
Veterinærinstituttet driftar fella i Tanaelva på oppdrag frå Miljødirektoratet. Ein viktig jobb er å sørgje for at atlantisk villaks og andre lokale artar kjem seg forbi fella. Veterinærinstituttet får hjelp av Norsk institutt for naturforsking (NINA), Mohn Tecnology og det finske naturressursinstituttet, Luke, i ei omfattande overvaking av villaksen i området ovanfor og nedanfor fella ved Seida i Tana. Overvakinga gir viktig informasjon for å vurdere behov for ekstra tiltak for å sleppe forbi villaks, som står nedanfor fella. I tillegg til villaks blir også dei andre lokale fiskeartane sortert ut frå pukkellaksen i fangstbura. Begge delar har så langt fungert godt.
– Det er svært viktig å lykkast med å stoppe pukkellaksen frå å gå opp og formeire seg i Tanaelva, for elva har eit stort potensial til å produsere pukkellakseyngel. Samtidig er det teknisk komplisert, sidan elva er 400 meter brei der fella står. I 2023 stoppa vi berre ein liten del av dei rundt 170 000 pukkellaksane som sumde opp i Tana-elva. Det ser førebels ut til at den nye fella, som er plassert på ny stad i elva, fungerer langt betre, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Følg fangsten frå dag til dag
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark oppdaterer jamleg med nyheiter om pukkellaksefangsten i omtrent 60 andre elvar som dei har ansvaret for.
På Miljødirektoratets temaside om pukkellaks kan ein følgje pukkellaksefangsten frå dag til dag.
Kom 580 000 pukkellaks ved førre invasjon
Ved førre pukkellaksinvasjon i 2023 registrerte Norsk institutt for naturforsking (NINA) nesten 580 000 pukkellaks i norske elvar og kystområde. Av desse kom 97 prosent til Finnmark. Rundt 250 000 pukkellaks vart fanga i 2023. NINA gjennomførte desse berekningane i 2023 på oppdrag frå Miljødirektoratet, og vil gjere det same i etterkant av pukkellakssesongen i år.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ny rapport: Pukkellaksfella i Tana fungerte godt12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fjorårets fangstanlegg for pukkellaks i Tanavassdraget ga gode resultater og verdifull kunnskap for videre bekjempelse av arten.
Ny rapport: Pukkellaksfella i Tana fungerte godt12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fangstanlegget for pukkellaks i fjor i Tanavassdraget gav gode resultat og verdifull kunnskap for vidare kamp mot arten.
Sápmi rammes hardt av klimaendringer11.5.2026 14:05:17 CEST | Pressemelding
Samiske aktører forteller om stadig mer krevende forhold i en ny rapport om klimaendringers konsekvenser i Sápmi.
Sápmi blir hardt ramma av klimaendringar11.5.2026 14:05:17 CEST | Pressemelding
Samiske aktørar fortel om stadig meir krevjande forhold i ein ny rapport om klimaendringars konsekvensar i Sápmi.
Tiltak i skog kan gi gevinster for både klima og natur6.5.2026 09:01:41 CEST | Pressemelding
En ny rapport viser at det er mulig å styrke skogens bidrag for å nå klimamål samtidig som naturverdier ivaretas.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom