Klarte ikkje å knekke hamnespy med brend kalk
12.7.2025 19:18:52 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Ny rapport viser at brend kalk ikkje klarer å fjerne hamnespy der det er mykje av den uønskte framandarten.

– Etter lovande forsøk i laboratorium hadde vi håpa at brent kalk kunne vere effektivt mot hamnespy også i sjøområde der det finst mykje av den framande arten. Dosane med kalk som trengst for å kunne klare det blir så sterke at det kan skade andre artar, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Tydeleg effekt – men ikkje nok
Etter vellykka laboratorieforsøk behandla forskarar frå Havforskingsinstituttet hausten 2023 koloniar av hamnespy med brend kalk i Haugesund hamn, for å teste om dei klarte å fjerne hamnespy på den måten.
– Kalken hadde tydeleg effekt, men klarte ikkje å drepe koloniane heilt. To og ein halv månad etter behandlinga var det framleis levande hamnespy i alle områda som vart kalka, og då byggjer koloniane seg opp igjen, seier prosjektleiar Vivian Husa i Havforskingsinstituttet.
Kan fungere enkelte stader
Ho meiner det vil krevje uforsvarlege mengder kalk for å klare å fjerne hamnespy i område der spreiinga allereie er stor, som i hamna i Haugesund og andre delar av Vestlandet.
– Det er mogleg at kalking kan vere eit alternativ i område der hamnespy nettopp er oppdaga og framleis har avgrensa utbreiing, seier Husa.
Hamnespy kjem frå Japan, og har spreidd seg til Europa. I Noreg vart den uønskte framandarten oppdaga i 2020. Det er særleg på Vestlandet han har spreidd seg. Hamnespy legg seg som eit kvelande teppe over sjøbotnen, og fortrengjer andre artar.
Treng hjelp frå båteigarar
Fordi hamnespy feste seg på skipsskrog, oljeinstallasjonar og mindre båtar, speler Noregs over ein million småbåteigarar ei viktig rolle for å hindre at ho spreier seg vidare.
– Forsøka på å fjerne hamnespy i sjøen med brend kalk viser endå ein gong at framande artar kan vere vanskelege å få bukt med når dei først har komme til Noreg. For å unngå at hamnespy får gjere stor skade på naturen vår er det derfor viktig å hindre at han spreier seg vidare. Der spelar både småbåteigarar og større skip ei nøkkelrolle, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Det viktigaste båteigarar kan gjere for å hindre spreiing av hamnespy er å sjekke båten og anna utstyr jamleg, og reingjere det dersom det har lege ute i sjøen over lengre tid.
Hamnespy døyr ved uttørking i løpet av éi veke, eller ved kontakt med ferskvatn i minst seks timar.
Som småbåteigar er det særleg viktig med tiltak for å redusere spreiing av hamnespy fordi båtane gjerne bevegar seg mykje rundt, og ofte kjem til grunnare område der hamnespy trivst best.
Les meir om korleis ein kan hindre hamnespy i å spreie seg på Miljødirektoratets temaside.
Har foreslått nye reglar for skip
Sjøfartsdirektoratet har foreslått nye reglar for vask av skipsskrog ved ankomst til Noreg, med mellom anna krav om at skroget skal vere vaska seinast 24 timar etter at skipet har komme til norske farvatn. Forslaget er no ute på offentleg høyring.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Tiltak i skog kan gi gevinster for både klima og natur6.5.2026 09:01:41 CEST | Pressemelding
En ny rapport viser at det er mulig å styrke skogens bidrag for å nå klimamål samtidig som naturverdier ivaretas.
Klima-støtte til 123 prosjekter i kommuner og fylker28.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Kommuner i hele landet får til sammen 130 millioner kroner for å kutte utslipp av klimagasser fra blant annet avfallshåndtering, anleggsplasser og transport.
Klima-støtte til 123 prosjekt i kommunar og fylke28.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Kommunar i heile landet får til saman 130 millionar kroner for å kutte utslepp av klimagassar frå mellom anna avfallshandtering, anleggsplassar og transport.
Kommuner og virksomheters avfallshåndtering må forbedres17.4.2026 14:01:59 CEST | Pressemelding
En landsomfattende tilsynsaksjon viser at både kommuner og virksomheter har mangler i ordningene for avfallshåndtering.
Kommunar og verksemders avfallshandtering må forbetrast17.4.2026 14:01:59 CEST | Pressemelding
Ein landsomfattande tilsynsaksjon viser at både kommunar og verksemder har manglar i ordningane for avfallshandtering.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom