Klimasats-støtte til 99 prosjekt i kommunar og fylke
4.7.2025 09:03:08 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Fleire enn 45 kommunar og fylkeskommunar får til saman 100 millionar kroner i støtte til klimatiltak. Sjå kva prosjekt som får støtte der du bur.

Klimavennlege byggjemateriale, ombruk av bygg og elektriske maskiner er blant dei 99 prosjekta som får Klimasats-støtte i 2025. Andre kommunar og fylkeskommunar skal kutte utslepp frå langtransport og flytting av steinmassar i anleggsprosjekt. Éin kommune byter ut den dieseldrivne krematorieomnen sin med ei elektrisk utgåve.
– Gjennom Klimasats legg regjeringa til rette for at kommunane kan kutte klimagassutslepp og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Eg vil rose alle kommunar som nyttar ordninga til å gå føre i klimaarbeidet og finne gode løysingar for å få ned klimagassutsleppa, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Her kan du sjå alle prosjekta som har fått Klimasats-støtte i 2025
Fekk søknader for 255 millionar
I 2025 vart det sett av 108 millionar kroner til Klimasats-ordninga. Rundt 8 millionar vart fordelte tidlegare i vinter, samtidig som Miljødirektoratet lyste ut 100 millionar kroner til. Innan søknadsfristen 1. april fekk vi 185 søknader for totalt 254 millionar kroner.
Trøndelag på topp
Det er kommunar i Trøndelag, Oslo, Akershus, Vestland og Buskerud som har fått størst utteljing i denne tildelingsrunden. Samla er det 45 kommunar og fylkeskommunar som får tilsegn om støtte i denne runden. I mange prosjekt er fleire kommunar involverte, slik at det i praksis er fleire enn dei 45 søkjarkommunane som får nytte av støtta. Ein del kommunar har fått støtte til fleire tiltak, og totalt er det sendt ut tilsegn om støtte til 99 prosjekt.
Meir vekt på raskare utsleppskutt
Klimasats-ordninga skal bidra både til utsleppskutt på kort sikt og meir langsiktig omstilling til eit lågutsleppssamfunn. I tråd med føringar i statsbudsjettet for 2025, har vi i større grad enn tidlegare vektlagt rask gjennomføringstid og om den klimagassreduserande effekten av eit prosjekt kan kvantifiserast når vi har vurdert søknadene.
I kategoriane klimavennlege byggjemateriale, utsleppsfrie maskiner og køyretøy og byggje- og anleggsplassar – som er dei tre kategoriane som får mest pengar – er det mange slike prosjekt.
Løyser komplekse utfordringar saman
Det store fleirtalet av prosjekta vil også bidra til meir langsiktig omstilling. Auka bruk av nye klimaløysingar kan gjere teknologiar og materiale betre og billigare, som igjen aukar etterspurnaden. Og i mange prosjekt går kommunar og fylkeskommunar framfor for å løyse komplekse utfordringar saman med næringsliv og andre samfunnsaktørar.
Eit døme på dette er Bergen, Bodø, Bærum, Hamar, Stavanger, Tromsø, Trondheim, Tønsberg og Trøndelag fylkeskommune som skal samarbeide om å kutte utslepp frå varedistribusjon. Saman, og i dialog med transportnæringa og andre aktørar, skal dei utvikle samleterminalar, rettleiarar, kontraktsmålar, betre logistikk i offentlege anskaffingar og forbetre datadeling.
Kommunar har store moglegheiter
– Kommunar og fylkeskommunar har store høve til å kutte klimagassutslepp frå eiga drift, og bidra til at næringsliv og innbyggjarar kan kutte utsleppa sine. Eg vil gi honnør til kvar einaste kommune som tek ordentleg tak i dette, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Viktig rolle som innkjøper
Eitt av grepa kommunane kan og skal ta, er å stille klimakrav i anskaffingar. Kommunesektoren kjøper varer og tenester for nærare 300 milliardar kroner årleg, og det er no krav om at klima- og miljøomsyn skal vektast med minimum 30 prosent av totalen i tildelingskriteria.
Ettersom dette no er lovpålagt, støttar ikkje Klimasats lenger systematisk arbeid med anskaffingar. Men kommunane kan få dekt 75 prosent av meirkostnadene når dei kjøper inn meir klimavennlege varer og tenester enn dei elles ville ha gjort, til dømes ved å kjøpe elektrisk hjullastar i staden for ein dieseldriven.
Kommunane har også stor påverknadskraft i rollene som planstyresmakt, eigar og drifter og samfunnsutviklar.


Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noOm oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Økt innsats og færre pukkellaks18.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Tiltak mot pukkellaks har vært svært effektive i mange elver. Mengden har gått ned i Øst- Finnmark, men den fortsetter å spre seg.
Fortsatt behov for streng regulering av laksefisket17.6.2026 09:12:49 CEST | Pressemelding
Statusrapport for norske laksebestander viser at tilstanden er kritisk og at det er få tegn til bedring. Det vil fortsatt være behov for streng regulering av fisket.
Restaurering av marin natur kan bidra til å hjelpe Oslofjorden15.6.2026 14:01:37 CEST | Pressemelding
Restaurering og andre naturforbedrende tiltak kan bidra til en bedre miljøtilstand i fjorden.
Hvor mange er det plass til i naturen vår?11.6.2026 09:34:46 CEST | Pressemelding
Stadig flere velger norsk natur som reisemål. En ny rapport gir Miljødirektoratet gode innspill til hvordan vi kan sikre god besøksforvaltning – slik at naturen tåler presset også i framtiden.
Kor mange er det plass til i naturen vår?11.6.2026 09:34:46 CEST | Pressemelding
Stadig fleire vel norsk natur som reisemål. Ein ny rapport gir Miljødirektoratet gode innspel til korleis vi kan sikre god besøksforvaltning – slik at naturen toler presset også i framtida.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom