Fun-facts om jordbruket i DITT herad - Vestland: Sjekk NIBIOs Arealbarometer og finn ut korleis heradet ditt gjer det på landbruksfronten!
Eksempel frå Ullensvang: Turistane veit kvar dei skal reisa for å sjå fruktbløminga i eit av verdas vakraste naturområde. Men Ullensvang er ikkje berre eit av Noregs mest populære reisemål. Ullensvang er òg Noregs største fruktherad med eit areal på 5624 dekar frukt i 2024.

Ullensvang er Noregs største fruktherad
Eksempel frå Ullensvang: Turistane veit kvar dei skal reisa for å sjå fruktbløminga i eit av verdas vakraste naturområde. Men Ullensvang er ikkje berre eit av Noregs mest populære reisemål. Ullensvang er òg Noregs største fruktherad med eit areal på 5624 dekar frukt i 2024. På andreplass ligg Midt-Telemark herad i Telemark fylke. To kommunar til frå Vestland ligg på ti på topp lista over frukt- og bærherad i landet: Sogndal og Stryn.
Vestland er fylket med størst areal med frukt og bær i heile Noreg med nesten 12 700 dekar.
Ullensvang har i alt 25 874 dekar jordbruksareal og ligg dermed på 16. plass i Vestland når det gjeld jordbruksareal. 27 % av jordbruksarealet i Ullensvang vert nytta til frukt, resten til eng og beite. Sunnfjord er den største jordbrukskommunen i Vestland med 103 844 dekar.
Graset i Ullensvang vert ete av om lag 480 mjølkekyr, 5600 vinterfôra sau, 175 geiter og 75 ammekyr. Det betyr at det bur fleire folk enn drøvtyggjarar i Ullensvang, i alle fall vinterstid. Kommunen hadde 10 981 innbyggjarar ved årsskiftet. Reknar ein derimot med alle husdyr, må ein ta med dei over 31 000 verpehønsa, og då vinner dyra.
Fleire viktige jordbruksherad i Vestland
Når det kjem til husdyr er det andre herad som toppar statistikken i Vestland. Sunnfjord har flest mjølkekyr med 3372 dyr. Voss kjem på andreplass med 2543 kyr. Aller flest mjølkekyr i landet har Hå kommune i Rogaland med 8645 dyr. Alver kommune har flest vinterfôra sau i Vestland med 16489. Sunnfjord og Voss kjem på andre og tredjeplass. I alt bur det over 177 000 vinterfôra sauer i Vestland fylke. (Vinterfôra sauer er i hovudsak vaksne mordyr (søyer)).
Finn tal for ditt herad - supert agurkstoff i sommar-månadane
Tal for ditt herad finn du i NIBIO sitt Arealbarometer, ei skattekiste med lett tilgjengeleg statistikk om landbruk og skogbruk i ditt herad, ditt fylke og for heile landet. Her kan du finna nøkkeltal framstilt på ein lettfatteleg og oversiktleg måte. Mange av tala er og illustrert med enkel grafikk. Sammanlikn med nabokommunen eller med tal for fylket og landet.
-
Kor mykje skog, jordbruksareal og nedbygd areal er det i din kommune?
-
Kva vert dyrka og kor mange husdyr finst det i kommunen din?
-
Kva er kvaliteten på jorda (tilgjengeleg i om lag 50 % av landet)?
-
Kor mykje jord kan dyrkast opp til nytt jordbruksareal i din kommune?
-
Verdiskaping i jordbruket (berre tilgjengeleg for utvalde fylke).
Meir informasjon om arealbarometeret: https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/arealbarometer
Arealbarometer for Vestland fylke: https://arealbarometer.nibio.no/nb/fylker/vestland/
Ønsker du tilgang til regnearket me har nytta for å samanlikna herad frå heile landet? Send forespørsel til: hege.ulfeng@nibio.no
Nøkkelord
Kontakter
Ingrid TengeNIBIO/avdeling landbrukskart
Tel:90104465Tel:90104465ingrid.tenge@nibio.noBilder


Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Fun-facts om jordbruket i DIN kommune: Trøndelag - Sjekk hvordan din kommune gjør det på landbruksfronten med NIBIOs Arealbarometer!3.7.2025 12:06:41 CEST | Pressemelding
Eksempel fra Levanger: Mens bare 3,5 prosent av Norge er jordbruksareal, dekker jordbruksarealer over tjue prosent av Levanger kommune. Kommunen har 136 710 dekar jordbruksareal og er dermed Norges femte største jordbrukskommune og nest størst i Trøndelag, bare slått av Steinkjer.
Fun-facts om jordbruket i DITT herad – Møre og Romsdal: Sjekk NIBIOs Arealbarometer og sjå korleis ditt herad gjer det på landbruksfronten!3.7.2025 11:51:18 CEST | Pressemelding
Eksempel frå Stranda: Sjølv om geita passar godt inn i norsk natur, er det lite geit i Noreg samanlikna med sau og kyr. Men i Stranda er det gode sjansar for å treffa på geiter i sommar, for heradet ligg på førsteplass på geitestatistikken i Noreg.
Fun-facts om jordbruket i Innlandskommunane - Sjekk NIBIOs Arealbarometer og finn ut korleis kommunen din gjer det på landbruksfronten!3.7.2025 11:38:37 CEST | Pressemelding
Eksempel frå Ringsaker: Etter kvart som mjølkebruka vart færre og større har mange gardsbruk lagt om frå mjølk til ammeku. Ringsaker er kommunen med flest ammekyr i heile landet, 3130 dyr i 2024.
Fun-facts om jordbruket i Buskeruds kommuner - Sjekk hvordan din kommune gjør det på landbruksfronten med NIBIOs Arealbarometer!2.7.2025 09:55:26 CEST | Pressemelding
Buskerud strekker seg fra Drammensfjorden med mildt klima i sør til høyfjell og kort vekstsesong i nord. Det gjenspeiler seg i landbruksstatistikken der Lier kommune er nest størst på frilandsgrønnsaker i Norge mens Ål kommune i nord er Norges femte største geitekommune.
Fun-facts om jordbruk i Rogalands kommuner: - Stavanger er Norges største verpehøns-kommune1.7.2025 13:47:02 CEST | Pressemelding
Visste du at Stavanger er størst i Norge dersom man ikke teller folk, men en annen tobeint skapning? Ingen annen kommune i Norge har så mange verpehøner som Stavanger kommune*, nesten en kvart million.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom