Ingen nye fisketiltak
Miljødirektoratet innfører ikkje nye reguleringar i laksefisket denne sesongen. Samtidig er situasjonen for villaksen framleis svært alvorleg.

– Det er veldig viktig at laksefisket er berekraftig og at vi ikkje overfiskar enkeltbestandar. Gjer vi det forsvinn villaksen. Eg er glad for at det ikkje er nødvendig med fleire innstrammingar i laksefisket denne sesongen. Det er framleis ein alvorleg situasjon for villaksen, men vi kan vere tryggare på at enkeltbestandar ikkje overfiskes, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Her kan du lese om status og tiltak for å ta vare på vill laksefisk:
Laks og laksefiske - miljodirektoratet.no

Tidleg innstramming gir rom for vidare fiske
Etter å ha innført historisk strenge reglar for laksefisket i vår, har Miljødirektoratet gjennomført ein midtveisevaluering av innsiget av laks så langt i sesongen. Direktoratet har med grunnlag i dette vedteke at det ikkje er behov for fleire innstrammingar denne sesongen. Samtidig understrekar direktoratet at krisa for norsk villaks langt frå er over.
– La det ikkje vere nokon tvil: Villaksen er framleis i krise. 2024 var eit historisk botnpunkt, og det er framleis langt igjen før vi kan seie at villaksen er trygg. Skal kommande generasjonar få oppleve villaks i norske elvar, må vi forvalte med ansvar. Sesongen i år ser førebels betre ut enn i fjor, og sidan vi stramma inn tidleg, kan laksefisket halde fram, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
Les meir om innføringa av dei strenge reglane her:
Det mest avgrensa elvelaksefisket i historia vedteke - miljodirektoratet.no
Opnar for noko sjølaksefiske i Finnmark - miljodirektoratet.no
Vurderer lakseinnsiget kvar sommar
I vår vart det innført dei strengaste reglane for laksefiske nokosinne både i elv og sjø. Laksefisket vart i mange elvar opna forsiktig, med moglegheit for å opne for større fiskekvotar eller lengre fisketid. Sjølaksefiske er no tillate berre nokre få stader i landet, og i dei fleste regionar der det er tillate, har mesteparten av den største laksen allereie sumt forbi når fiska startar.
Midtvegs i laksesesongen pleier Miljødirektoratet å gjere ei vurdering av korleis innsiget avvillaksen ser ut, og om det må gjerast endringar i reglane for inneverande sesong. Vurderinga byggjer mellom anna på eit notat frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), som følgjer utviklinga gjennom fangststatistikk og fisketeljingar i elvar og fjordar. Dersom innsiget av laks er 50 prosent lågare enn venta, kan direktoratet innføre ekstra avgrensingar i fisket, både i elv og sjø.
Årets samanstilling viser at innsiget av laks er svakt, men ikkje svakt nok til at Miljødirektoratet vil innføre nye nasjonale tiltak.

Litt betre enn i fjor
Sammenstillingen frå NINA viser at det førebels har komme få mellom- og storlaks, særleg i Sør- og Midt-Noreg. Samanlikna med botnåret 2024 er situasjonen noko betre, men framleis langt under normalen. I Nord-Noreg er det framleis tidleg i sesongen, og resultata varierer.
– Sjølv om sesongen så langt i år ser betre ut enn i fjor, er det viktig å hugse at 2024 var det dårlegastelakseåret i historia, seier Singsaas.
Elveeigarlag og fiskarar må ta ansvar
Miljødirektoratet understrekar at elveeigarlaga må følgje opp med nødvendige tiltak gjennom sine eigne midtsesongevalueringar. Også fiskarar i både elv og sjø blir bedne vise måtehald.
– Elveeigarlag og fiskarar må halde fram med å ta ansvar for å verne villaksen. Det er heilt avgjerande at alle er ansvarsmedvitne og unngår å auke skattlegginga der det ikkje er rom for det, understrekar Singsaas.
Les meir om fiskereglane her:
Når og kvar kan eg fiske laks, sjøaure eller sjørøye? - miljodirektoratet.no
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder



Dokumenter
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Stanser oppdraget med å felle bjørn i Jarfjord3.7.2025 15:51:27 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet stanser oppdraget med å felle bjørnen som skadet en mann i Finnmark.
SNO har felt en bjørn i Jarfjord2.7.2025 12:48:11 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet vil nå samle mer informasjon og vurdere kunnskapen som foreligger, og deretter gjøre en helhetlig vurdering av situasjonen.
Følg pukkellaks-fangsten fra dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommer ventes storinvasjon av pukkellaks til norske elver. Du kan følge fangsten av den uønskede fremmedarten på Miljødirektoratets nettside.
Følg pukkellaks-fangsten frå dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommar er storinvasjon venta av pukkellaks til norske elvar. Du kan følgje fangsten av den uønskte framandarten på Miljødirektoratets nettside.
Forbereder bjørnefelling i Jarfjord1.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet besluttet i forrige uke å iverksette felling av bjørnen som angrep en person i Jarfjord 23. juni. DNA-prøver viser nå mulig kjent individ og det jobbes videre med å identifisere riktig bjørn. Se oppdatert informasjon om status i saken under.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom