25 distriktskommunar får støtte til nye bustadtiltak

Del

25 kommunar får til saman 21 millionar kroner i tilskot frå Husbanken til bustadtiltak i distrikta i 2025. Kommunane skal bruke pengane til å prøve ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer som kan gi fleire egna bustader.

Flyfoto av dalføre med spredt bebyggelse.
25 prosjekt i hele landet får tilskot til bustadtiltak i distrikta i 2025. Getty Images Redaksjonell, ikke kommersiell bruk

Husbanken mottok 129 søknader på til saman 125 millionar kroner innan fristen 1. april. 47 av desse gjaldt bustadtiltak i distrikta. Saman med Distriktssenteret har Husbanken valt ut 25 prosjekt som får støtte.

Døme på prosjekt som får støtte

Samhandling for bustadutvikling i små kommunar

Holtålen kommune får 640 000 kroner til å samle fagmiljø og koordinere bustadutviklinga. Små kommunar har ofte ikkje ressursar til eigne bustadkontor, og prosjektet skal teste ut ei ny løysing for samhandling.

Smarthus og velferdsteknologi

Meløy kommune får 1 310 000 kroner til å greie ut korleis smarthus og velferdsteknologi kan brukast i aldersvennlege og fleirfunksjonelle bumiljø. Dei skal samarbeide med teknologileverandørar og fagmiljø for å utvikle konsept som kan overførast til andre kommunar.

Møteplass for nytenking i bustadbygg

Dyrøy kommune får 400 000 kroner til å etablere ein møteplass for samarbeid mellom kommunen, utbyggjarar og arkitektar. Målet er å finne nye, fleksible måtar å bygge bustader på, og dermed auke bustadbygginga. Prosjektet byggjer vidare på nettsida boidyrøy.no, etablert i 2024.

Samarbeidsmodell for bustader i sentrum

Åsnes kommune får 615 000 kroner for å utvikle ein samarbeidsmodell for offentleg og privat sektor. Modellen skal vise korleis ulike aktørar kan jobbe saman for å skaffe bustader i Flisa sentrum - særleg bustader for eldre.

Konkurranse om nytt sentrumsbygg med bustader og næring

Åseral kommune får 1 000 000 kroner til ein plan- og designkonkurranse for eit nytt sentrumsbygg med omsorgsbustader, ordinære leilegheiter og næringsareal. Prosjektet skal også omfatte medverknad, reguleringsarbeid og planlegging av uteområde.

Kartlegging av bustadbehov for framtida

Bømlo kommune får 553 000 kroner til å kartlegge bustadbehov og utfordringar - særleg for eldre og personar som treng tilrettelagt bustad. Kommunen skal samarbeide med innbyggjarar, arkitektar, Husbanken og nabokommunar for å utvikle konkrete forslag til framtidsretta bustadområde.

Dette skal til for å få tilskot

For å få tilskot, må tiltaka bidra til

  • auka bustadbygging
  • eit meir variert bustadtilbod
  • tilgang til fleire eigna bustader for ulike grupper i distriktskommunar

Kommunane skal utvikle nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel, til dømes:

  • modellar for å eige, dele eller leige
  • ordningar som reduserer risiko og fare for tap ved sal av nye bustader
  • samarbeid med utbyggjarar og andre for å styrke eige- og utleigemarknaden
  • interkommunalt samarbeid om bustadutvikling
  • inkluderande, sosiale og fleirfunksjonelle bumiljø
  • transformasjon og gjenbruk av eksisterande bygg
  • kunnskapsdeling om effektar og gevinstar av bustadsatsingar

– Vi har også lagt vekt på at prosjekta skal dokumentere og dele kunnskapen dei utviklar, slik at andre kan lære av det, seier prosjektleiar Gry Kongsli i Husbanken.

Husbanken og Distriktssenteret vil følgje opp kommunane som får tilskot, blant anna med kompetansestøtte og arenaer for å dele erfaringar.

Desse prosjekta får tilskot

Søkar

Namn på prosjekt

Beløp

Berlevåg kommune

Studio Bygdevekst Vestre Varanger - Kurs ved NTNU, Fakultet ved Arkitektur og planlegging - Steds- og boligutvikling i Vestre Varanger

1 050 000

Bindal kommune

Bo trygt og nært i Bindal kommune

700 000

Bømlo kommune

Eit generasjonsvenleg samfunn ved kysten med gode bumiljø og høg livskvalitet

553 000

Dyrøy kommune

Bo i Dyrøy - Utvikling av fleksible boformer i distriktskommuner

400 000

Gjemnes kommune

Boliger til tvers og interkommunalt samarbeid

600 000

Grue kommune

Offentlig og privat samarbeid for boligutvikling i Grue

840 000

Hamarøy kommune

Revitalisering av kommunal boligmasse i Hamarøy kommune

980 000

Hemsedal kommune

Fra skole til prioriterte boligformål i Hemsedal

1 000 000

Holtålen kommune

Riktig samhandling for aktiv boligutvikling i Holtålen

640 000

Hyllestad kommune

Bu i Hyllestad, her kan du leige til eige, eller få gjenkjøpsgaranti om du vil vere i tvil

900 000

Høylandet kommune

Boligsosialt forprosjekt i Miljøarbeidertjenesten

1 050 000

Kautokeino kommune

Ruoktu mu vaimmus (boligtiltak som ivaretar samisk kultur, identitet og språk)

1 150 000

Lom kommune 

Omstilling - frå ord til handling

410 000

Luster kommune

Samarbeid om boligutvikling i Luster kommune

840 000

Meløy kommune

Smarte boliger for aldersvennlig boligutvikling i Meløy

1 310 000

Nordreisa kommune

Identifisering av eksisterende bygg med potensial for transformasjon i Nord-Troms

1 200 000

Rindal kommune

Framtidsrettet boligutvikling for eldre

600 000

Røyrvik kommune

Røyrvik fjellandsby - nye boformer og bygdevekst i Indre Namdal

1 000 000

Smøla Nærings- og kultur-senter

Innbyggere i sentrum - Smøla & Aure

900 000

Solund kommune

IOS (Informasjon, Organisasjon, Samarbeid)- prosjekt for å utvikle en modell for forbedret kommunalt utviklingsarbeid på boligfeltet i mindre distriktskommuner

830 000

Sunnfjord

Viksdalstunet

300 000

Sør-Varanger

Fra Silo til samspill-bolig som felles løft for Sør-Varanger kommune

907 000

Vang kommune

Bustadutvikling i Vang sentrum i kombinasjon med 13-15 nye omsorgsbustader

700 000

Vegårshei kommune

Slik vil jeg bo - Steg for steg mot egen bolig

525 000

Åseral kommune

Nytt sentrumsbygg Åseral sentrum

1 000 000

Åsnes kommune

"Utvikling av Flisa Sentrum - offentlig og privat samarbeid for framtidens boliger"

615 000

Fakta: 

Tilskotet er ein del av ordninga Tilskot til bustadtiltak. Dei andre to delane er bustadsosiale tiltak og tilskot til Leieboerforeningen. Den totale tilskotsramma i 20205 er 38,9 millionar kroner.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Husbanken

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Husbanken

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye