Miljødirektoratet

Framleis auka bruk av biodrivstoff i 2024

Del

Medan salet av fossilt drivstoff fell, aukar omsetninga av biodrivstoff. Det har aldri vorte brukt meir biodrivstoff i transportsektoren enn i 2024.

Trafikk på Helsfyr i Oslo, buss og bil
Mesteparten av biodrivstoffet vart seld til vegtrafikk. Det vart omsett 529 millionar liter biodrivstoff til vegtrafikk i 2024. Foto: Aase Marie Lund Evensen, Miljødirektoratet

– Den auka bruken av biodrivstoff, gjer at det blir endå viktigare at regelverket knytt til biodrivstoff blir følgt. Den globale klimaeffekten av bruk av biodrivstoff avheng av kva biodrivstoffet er laga av. Det er derfor viktig med god dokumentasjon for å sikre klimaeffekt og unngå tap av natur. Miljødirektoratet vil følgje nøye med på dette framover, seier direktør for Miljødirektoratet Hilde Singsaas.  

Kvart år rapporterer omsetjarar av drivstoff til Miljødirektoratet kor mykje drivstoff og biodrivstoff dei har selt til vegtrafikk, sjøfart, luftfart og ikkje-veggåande maskiner. I 2024 vart det rapportert inn 704 millionar liter biodrivstoff, som er ein auke på omtrent 27 millionar liter frå 2023.   

Mesteparten av biodrivstoffet vart seld til vegtrafikk, etterfølgd av ikkje-veggåande maskiner, sjøfart og luftfart. Ikkje-veggåande maskiner (også kalla "andre formål") omfattar mellom anna drivstoff til anleggsmaskiner, jordbruksmaskiner og oppvarming.  

Første fulle år med omsetningskrav til alle transportformål  

I Noreg har vi fire omsetningskrav som krev at ein viss del drivstoff som vert selt til spesifikke formål i løpet av eit år skal vere biodrivstoff. Det er den som omset drivstoff som skal sørgje for dette.   

Omsetningskravet for sjøfart vart innført 1. oktober 2023. Dermed var 2024 det første året omsetningskravet for sjøfart gjaldt for eit heilt år. I tillegg auka omsetningskravet til vegtrafikk frå 17 til 19 prosent i 2024. Omsetningskravet for sjøfart var på 6 prosent, luftfart på 0,5 prosent, og ikkje-veggåande maskiner på 10 prosent.

Det vart omsett 529 millionar liter biodrivstoff til vegtrafikk i 2024, som er omtrent likt som i 2023. Omsetninga av fossilt drivstoff til vegtrafikk held fram med å falle, som følgje av høgare omsetningskrav og auka sal av elektriske køyretøy.1 Trass auka krav held salet av biodrivstoff til vegtrafikk seg derfor likevel nokså stabilt.

faktaboks: Biodrivstoff laga av ulike typar råstoff  

Konvensjonelle biodrivstoff er laga av råstoff som også kan brukast til å produsere mat eller dyrefôr (hovudsakleg landbruksvekstar), som raps og palmeolje. Konvensjonelt biodrivstoff omfattar også biodrivstoff laga av enkelte biprodukt frå industriprosessar. Bruk av konvensjonelt biodrivstoff er knytt til risiko for avskoging og auka globale utslepp.    

Avanserte biodrivstoff er biodrivstoff laga av eit breitt spekter av teknologisk umodne råstoff, som avfall, restar og biprodukt frå næringsmiddelindustri, landbruk, skogbruk og trebasert industri og enkelte energivekstar. Alle råstoffa er gitt på del A i ei liste i vedlegg V til produktforskrifta kapittel 3. Dette er til dømes matavfall, halm, tallolje og treflis frå treindustri og algar. Fordi desse råstoffa er umodne råstoff som har færre eksisterande bruksområde,  har dei generelt liten risiko for avskoging og auka globale utslepp knytt til seg. Slike råstoff er relativt kostbare å utnytte til biodrivstoff og har behov for vidare teknologi- og verdikjedeutvikling.   

Biodrivstoff laga av råstoff på del B-lista i vedlegg V (B-råstoff) er modne råstoff baserte på avfall og restar. Per i dag er det berre animalsk feitt kategori 1 og 2 (animalsk feitt som er ueigna til mat eller dyrefôr) og brukt frityrolje som er på B-lista. Dette er råstoff som i dag blir utnytta i stor skala, og som blir omdanna til biodrivstoff med moden teknologi. Biodrivstoff laga av B-råstoff har ein viss risiko for avskoging og auka globale utslepp. Høg etterspurnad etter B-råstoff gir desse høg økonomisk verdi, og det er også risiko for bedrageri med feilmerking av råstoffa. Det er til dømes krevjande å kontrollere at brukt frityrolje som blir brukt til biodrivstoffproduksjon faktisk er brukt.  

Omsetningskrava kan i hovudsak berre oppfyllast med avansert biodrivstoff og biodrivstoff laga av B-råstoff. Det er berre omsetningskravet i vegtrafikk som opnar for bruk av konvensjonelt biodrivstoff, på inntil 6,5 prosent av det totale kravet på 19 prosent. Det er mest biodrivstoff laga av B-råstoff som vert brukt i Noreg i dag.  

Brukt frityrolje frå Kina er det mest brukte råstoffet til biodrivstoff  

Mesteparten av biodrivstoffet som er rapportert til Miljødirektoratet er laga av brukt frityrolje. Det vart brukt 437 millionar liter biodrivstoff laga av brukt frityrolje i 2024. Dette tilsvarar 62 prosent av totalt volum biodrivstoff. Det er ein auke på 177 millionar liter frå 2023. Omtrent halvparten av alt biodrivstoff laga av brukt frityrolje i 2024 kom frå Kina.   

Rapporterte volum av sokalla avansert biodrivstoff auka frå 83 millionar liter i 2023 til 129 millionar liter i 2024. Generelt sett er avansert biodrivstoff laga av meir umodne råstoff og har betre berekraftseigenskapar enn andre typar biodrivstoff. Dette kjem av at råstoffa har få andre bruksområde i dag. I 2024 var det auka bruk av avansert biodrivstoff laga av restar frå papirproduksjon og avløpsslam. I tillegg ser vi at bruk av biodrivstoff laga av avfall frå palmeoljeproduksjon har meir enn dobla seg sidan 2023, og utgjorde i 2024 fire prosent av totalt volum biodrivstoff.   

Mengda biodrivstoff laga av råstoff som også kan brukast til mat- og dyrefôr (konvensjonelt biodrivstoff), har sokke frå 316 millionar liter i 2023 til 102 millionar liter i 2024.  

Biodrivstoffet som blir brukt til å oppfylle omsetningskrava er i all hovudsak laga av råstoff frå utlandet. Norske omsetjarar importerer mest biodrivstoff laga av råstoff frå Kina, etterfølgde av USA og Malaysia. Til saman er 60 prosent av omsett biodrivstoff laga av råstoff frå desse tre landa.   

I 2024 var omtrent 2 prosent av alt omsett biodrivstoff i Noreg laga av norske råstoff. Dette svarer omtrent til 12 millionar liter biodrivstoff, som er ein liten auke frå 2023. Mesteparten av det norske råstoffet var brukt frityrolje og avfall frå prosessering av vegetabilsk eller animalsk olje.   

Miljødirektoratet avdekkjer fleire brot på omsetningskrava  

Dei seinaste åra har Miljødirektoratet avdekt fleire brot på omsetningskrava. Fleire brot er også avdekte i gjennomgangen av rapporteringa for 2024. Det er varierande alvorsgrad på brota.   

19. februar 2025 melde Miljødirektoratet om at ti norske omsetjarar hadde feilrapportert biodrivstoff laga av dyrefeitt som avfall og restar sidan 2017 og fram til 2023. Omsetjarane hadde ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon på at dyrefeittet var avfall og restar. Dei aktuelle partia med biodrivstoff kom frå to amerikanske drivstoffprodusentar. I 2024 vart det omsett 87 millionar liter av same type drivstoff. Fire omsetjarar brukte dette til å oppfylle omsetningskrava i 2024. Miljødirektoratets undersøkingar viser at biodrivstoffet brukt i 2024 heller ikkje kan reknast som biodrivstoff laga av avfall og restar. Dette fører til at desse fire omsetjarane ikkje oppfyller omsetningskrava i 2024.    

– Miljødirektoratet ser alvorleg på brota. Frå og med 1. januar 2025 er det innført lovbrotsgebyr for brot på omsetningskrava. Miljødirektoratet kan ikkje gi lovbrotsgebyr for regelbrot gjort før dette tidspunktet, men direktoratet har no fleire moglege verkemiddel for å sanksjonere framtidige brot, seier miljødirektøren.  

Nøkkelord

Kontakter

Dokumenter

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye