Den fjerde internasjonale Fossefestivalen – DIFF – meir slagkraftig enn nokon gong
29.4.2025 08:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - blir i år arrangert for fjerde gongen med eit knallsterkt program. Både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang kan oppleve Jon Fosses verk og avtrykk i scenekunsten på nært hald gjennom ein ni dagar lang festival.

DIFF - DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN
5. – 13. september 2025
arrangert av Det Norske Teatret og Samlaget
I OSLO
- Kva gjer det at ein forfattar får Nobelprisen i litteratur? For Jon Fosse har det ført til fulle teatersalar. Publikum har fått opp auga for forfattaren, men også teatermannen Fosse, internasjonale media følgjer norsk teater og vi blir inviterte ut i Europa, seier teatersjef Kjersti Horn, som for tida er i ferd med å sende si eiga oppsetjing av Einkvan til London.

– Med den fornya interessa, er det med stor glede og forventning at eg for første gong kan invitere til DIFF. Med Fosse som rettesnor vil festivalen rette søkelyset mot eksistensielle spørsmål, det usagde og det universelle i mellommenneskelege relasjonar. Vi vil utforske nye tolkingar av Fosses verk og invitere til å senke tempoet, lytte, føle og reflektere, seier den ferske festivalsjefen.
- Årets festival tar opp tema som klasse, alderdom, annleisheit og døden. Det er mykje alvor. Men i Fosses verk er det også mykje humor, og det håpar eg denne festivalen vil løfte fram.
Urpremiere på nytt Fosse-stykke

Det Norske Teatret har premiere på to eigne Fosse-framsyningar under festivalen – Vinter og Skodespelet. Den unge belgiske regissøren Lisaboa Houbrechts er eit spennande namn frå det sentraleuropeiske scenefeltet. Stykka hennar er ofte kjenneteikna av ei blanding av ulike disiplinar, og ho tar med seg ein spennande kreativ gjeng til Noreg for å iscenesette Vinter.
Skodespelet er eit splitter nytt, og litt u-Fossesk teaterstykke som kanskje ikkje så uventa går føre seg på ei kai. To par ventar på båten - så dukkar ein teatertrupp opp.
Dramatiseringa av den svenske romansensasjonen Ett ord för blod av Faysa Idle, søstera til leiaren i det svenske Shottaz-nettverket, får også noregspremiere under festivalen i samarbeid med Riksteatret.
Internasjonale gjestespel

I år tar festivalen også pulsen på europeisk scenekunst i breiare forstand, og har henta inn nokre av dei fremste, mest nyskapande og originale framsyningane innan europeisk teater akkurat no. Frå Schauspiel Köln kjem Kay Voges oppsetjing av Fosses Namnet. Frå Schaubühne Berlin kjem regissør Thomas Ostermeiers oppsetjing av Kven drap far min? av og med Édouard Louis. Frå Sverige kjem teaternestoren Etienne Glaser, som skal framføre monologen Slik var det. 87-åringen filosoferer rundt dei store spørsmåla om livet og døden.
Festivalprofil: Édouard Louis

For første gang har DIFF invitert ein festivalprofil som vil vere æresgjest under heile festivalen. I år er dette Édouard Louis, den franske litterære superstjerna, som gir stemme til dei som ikkje har ei tydeleg røyst sjølve. Han vil vere på plass under heile den ni dagar lange festivalperioden og vil prege både det kunstnarlege programmet og diskusjonane i tilknyting til festivalen. I tillegg står han sjølv på scenen og framfører forteljinga om sin eigen far i Kven drap far min, som gjestar frå Schaubühne Berlin.
Les meir om Édouard Louis som festivalprofil.
- Eg hadde ikkje anna val enn å spele skodespel, skriv Édouard Louis i denne teksten om teater, som han har skrive spesielt for DIFF.
Samtalar, paneldebattar og frynsearrangement
I tillegg til det kunstnarlege programmet, blir det sjølvsagt også panelsamtalar, fagprogram og kunstnarmøte. Det blir lansering av Vaim, den første romanen Fosse gir ut etter nobelprisen i litteratur, det blir sidersmaking, Grotte-vandring og mykje anna i det som blir ein scenekunstfestival som løfter nye sider ved Fosse og vil gi mange og ulike vegar til Fosses litteratur.
Programmet vil bli oppdatert med fleire framsyningar og arrangement.
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder








Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Pelicot-rettssaka som teater opnar Heddadagane8.6.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Pelicot-rettssaka kjem til Oslo for berre ein kveld, og opnar med det teaterfestivalen Heddadagane på Det Norske Teatret.
Kva har 22. juli hatt å seie for ettertida?5.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
I år er det 15 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Kva var det som engasjerte ungdommen som var på Utøya den gongen? Og korleis har det prega ungdommeleg engasjement i dag?
Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater18.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom