Kystverket

155 tilskotsmillionar som skal gjere hamnene meir effektive og miljøvennlege

Del

Kystverket gir no tilsagn om til saman 155 millionar kroner i tilskot til 9 prosjekt gjennom tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner. Målet er å legge til rette for betre logistikk, lågare utslepp og meir overføring av gods frå veg til sjø.

– Tilskotsordninga spelar ei avgjerande rolle for å få realisert prosjekt som elles ville blitt liggande i skuffa rundt om i hamne-Noreg. Dette er prosjekt med høg samfunnsnytte, som bidreg til både klima- og miljømål, betre flyt i varetransporten og auka bruk av sjøvegen, fortel direktør for transport, hamn og farlei  Sven M. Tønnessen.

Tilskotsordninga gir økonomisk støtte til investeringar i hamneinfrastruktur – både fysiske anlegg og digital løysingar – som effektiviserer logistikken og reduserer kostnader. Ordninga skal støtte opp under nasjonale mål om grøn omstilling og styrking av sjøtransporten si rolle i transportsystemet.

– Prosjekta som får tilskot er godt vurderte og viser til dokumenterte gevinstar for logistikken og samfunnet. Samtidig er dei ikkje bedriftsøkonomisk lønsame nok til å bli prioriterte utan statleg støtte. Nettopp derfor er denne ordninga viktig: Den gjer det mogleg å gjennomføre investeringar som gir varige og breie positive effektar, både lokalt og nasjonalt. Hamnene er bindeleddet mellom sjøtransport og landbasert næringsliv. Når vi investerer i meir effektive hamner, styrkar vi også verdiskaping, transportsikkerheit og forsyningssikkerheit langs heile kysten, avsluttar Sven M. Tønnessen.

Kystverket forvaltar ordninga, og tildelinga blir gjort etter klare kriterier som legg vekt på gjennomføringsevne, samfunnsgevinst og korleis prosjektet vil bidra til ei meir effektiv og miljøvennleg transportkjede.

Då søknadsfristen gikk ut 26. februar hadde Kystverket mottatt 19 søknader om tilskot på godt over 300 millionar kroner. Etter grundig vurdering får no 9 prosjekt tilsagn om støtte på til saman om lag 155 millionar kroner. Av dette er 2 av prosjekta eittårige investeringar og 7 toårige. Prosjekta med eittårige investeringar må vere ferdigstilt innan 30. november 2026, og toårige investeringar må vere ferdigstilt innan 30. november 2027.

Tabellen under viser prosjekta som no får tilsagn om midlar gjennom tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner. Tal i kroner eks. mva.

Søkar

Tilsagn

Type prosjekt

Harstad havn KF

5 266 800

Harstad havn skal koblast på digital plattform som styrker samhandlinga mellom hamner og aktørane i hamn med sikte på betre utnytting av eksisterande infrastruktur.

Bodø havn KF

3 990 000

Bodø havn skal koblast på digital plattform som styrker samhandlinga mellom hamner og aktørane i hamn med sikte på betre utnytting av eksisterande infrastruktur.

Ørland kommune

54 287 000

Mudring og forbetring av kai og bakareal for redusert ventetid og auka trafikk ved Uthaug havn i Ørland kommune.

Føresvikvegen 40 AS

28 210 730

Utvide kaifront og etablering av roro-rampe for å redusere ventetid og meir effektive laste- og losseoperasjonar ved Føresvik i Bokn kommune.

Kristiansand havn IKS

37 440 582

Oppgradering av tilkomstveg for auka trafikkmengde og betre trafikkflyt ved Ringknuteodden.

Moss havn KF

4 348 000

Installasjon av smart gate-system for betre adgangsstyring og utvida kontroll i inn-/utkøyringa til Moss havn.

Oslo havn KF

8 000 000

Oppgraderingar på Tankskiputstikkeren i Oslo havn. Gjennom investering i betre betongkonstruksjonar og fendring skal kaia kunne ta imot større tankskip.

Oslo havn KF

4 144 000

Kartlegging og kartfesting av kvalitetssikra og høyoppløyselege djupnedata i hamnene i Listerhavnene, Tvedestrand, Sirevåg, Stord, Åfjord, Balsfjord, Vestvågøy, Vindafjord, Skjervøy, Båtsfjord, Hjelmeland, Solund og Senja.

Yilport Oslo Terminal Investments AS

9 792 848

Oppgradering av smart gate-løysing ved utviding av talet på køyrefelt og oppgradert teknologi.

Sum tilsagn

155.479.960

Nøkkelord

Lenker

Om Kystverket

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Følg pressemeldinger fra Kystverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kystverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye