155 tilskotsmillionar som skal gjere hamnene meir effektive og miljøvennlege
25.6.2025 13:11:37 CEST | Kystverket | Pressemelding
Kystverket gir no tilsagn om til saman 155 millionar kroner i tilskot til 9 prosjekt gjennom tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner. Målet er å legge til rette for betre logistikk, lågare utslepp og meir overføring av gods frå veg til sjø.
– Tilskotsordninga spelar ei avgjerande rolle for å få realisert prosjekt som elles ville blitt liggande i skuffa rundt om i hamne-Noreg. Dette er prosjekt med høg samfunnsnytte, som bidreg til både klima- og miljømål, betre flyt i varetransporten og auka bruk av sjøvegen, fortel direktør for transport, hamn og farlei Sven M. Tønnessen.
Tilskotsordninga gir økonomisk støtte til investeringar i hamneinfrastruktur – både fysiske anlegg og digital løysingar – som effektiviserer logistikken og reduserer kostnader. Ordninga skal støtte opp under nasjonale mål om grøn omstilling og styrking av sjøtransporten si rolle i transportsystemet.
– Prosjekta som får tilskot er godt vurderte og viser til dokumenterte gevinstar for logistikken og samfunnet. Samtidig er dei ikkje bedriftsøkonomisk lønsame nok til å bli prioriterte utan statleg støtte. Nettopp derfor er denne ordninga viktig: Den gjer det mogleg å gjennomføre investeringar som gir varige og breie positive effektar, både lokalt og nasjonalt. Hamnene er bindeleddet mellom sjøtransport og landbasert næringsliv. Når vi investerer i meir effektive hamner, styrkar vi også verdiskaping, transportsikkerheit og forsyningssikkerheit langs heile kysten, avsluttar Sven M. Tønnessen.
Kystverket forvaltar ordninga, og tildelinga blir gjort etter klare kriterier som legg vekt på gjennomføringsevne, samfunnsgevinst og korleis prosjektet vil bidra til ei meir effektiv og miljøvennleg transportkjede.
Då søknadsfristen gikk ut 26. februar hadde Kystverket mottatt 19 søknader om tilskot på godt over 300 millionar kroner. Etter grundig vurdering får no 9 prosjekt tilsagn om støtte på til saman om lag 155 millionar kroner. Av dette er 2 av prosjekta eittårige investeringar og 7 toårige. Prosjekta med eittårige investeringar må vere ferdigstilt innan 30. november 2026, og toårige investeringar må vere ferdigstilt innan 30. november 2027.
Tabellen under viser prosjekta som no får tilsagn om midlar gjennom tilskotsordninga for effektive og miljøvennlege hamner. Tal i kroner eks. mva.
|
Søkar |
Tilsagn |
Type prosjekt |
|
Harstad havn KF |
5 266 800 |
Harstad havn skal koblast på digital plattform som styrker samhandlinga mellom hamner og aktørane i hamn med sikte på betre utnytting av eksisterande infrastruktur. |
|
Bodø havn KF |
3 990 000 |
Bodø havn skal koblast på digital plattform som styrker samhandlinga mellom hamner og aktørane i hamn med sikte på betre utnytting av eksisterande infrastruktur. |
|
Ørland kommune |
54 287 000 |
Mudring og forbetring av kai og bakareal for redusert ventetid og auka trafikk ved Uthaug havn i Ørland kommune. |
|
Føresvikvegen 40 AS |
28 210 730 |
Utvide kaifront og etablering av roro-rampe for å redusere ventetid og meir effektive laste- og losseoperasjonar ved Føresvik i Bokn kommune. |
|
Kristiansand havn IKS |
37 440 582 |
Oppgradering av tilkomstveg for auka trafikkmengde og betre trafikkflyt ved Ringknuteodden. |
|
Moss havn KF |
4 348 000 |
Installasjon av smart gate-system for betre adgangsstyring og utvida kontroll i inn-/utkøyringa til Moss havn. |
|
Oslo havn KF |
8 000 000 |
Oppgraderingar på Tankskiputstikkeren i Oslo havn. Gjennom investering i betre betongkonstruksjonar og fendring skal kaia kunne ta imot større tankskip. |
|
Oslo havn KF |
4 144 000 |
Kartlegging og kartfesting av kvalitetssikra og høyoppløyselege djupnedata i hamnene i Listerhavnene, Tvedestrand, Sirevåg, Stord, Åfjord, Balsfjord, Vestvågøy, Vindafjord, Skjervøy, Båtsfjord, Hjelmeland, Solund og Senja. |
|
Yilport Oslo Terminal Investments AS |
9 792 848 |
Oppgradering av smart gate-løysing ved utviding av talet på køyrefelt og oppgradert teknologi. |
|
Sum tilsagn |
155.479.960 |
Nøkkelord
Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
LMZ Pluto er på vei mot land30.3.2026 14:10:52 CEST | Pressemelding
Etter en vellykket aksjon er det havarerte bulkskipet LMZ Pluto nå på vei mot land.
Liten satellitt med stor samfunnsnytte skytes opp mandag30.3.2026 10:12:38 CEST | Pressemelding
Kystverkets satellitt som skal sikre viktig oversikt over skipstrafikk i norske havområder skytes opp tirsdag. Oppskytingen som vil finne sted i California er utsatt til 13:02 mandag. Liten satellitt med stor samfunsnytte.
Ny satellitt styrker beredskapen i norske havområder29.3.2026 11:11:52 CEST | Pressemelding
Oppskytingen av AISSat-4 er en viktig brikke i å sikre trygg ferdsel, beredskap og kontroll i noen av verdens mest krevende og strategisk viktige havområder.
Kystverket planlegger nødslep av LMZ Pluto i dag27.3.2026 10:16:01 CET | Pressemelding
Tirsdag 24. mars fikk bulkskipet LMZ Pluto maskinstans i Norskehavet, i et område med svært krevende værforhold. Samme kveld ble mannskapet på 23 personer evakuert av Hovedredningssentralen, etter ønske fra kapteinen.
Kystverket vil pusse opp mer enn 30 fyrstasjoner i år6.3.2026 08:51:48 CET | Pressemelding
I 2026 vil Kystverket legge ned en betydelig innsats for å redusere vedlikeholdsetterslepet på fyrstasjonene. Mer enn 30 fyrstasjoner står på gjennomføringsplanen med både mindre tiltak og mer omfattende vedlikeholdsprosjekt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom