Migrasjonsåret 2025: Historiske dokument på reise over Atlanteren
I samband med utvandrarjubileet Crossings 200 markerer Arkivverket den første organiserte norske seglinga med emigrantar til Amerika ved å tilgjengeleggjera unike arkivkjelder. Riksarkivaren overrekkjer også ei spesiell gåve til mannskapet på Restauration, som er ein kopi av skuta som markerte starten på den store utvandringa, under eit arrangement i Stavanger 3. juli.

I samband med utvandrarjubileet Crossings 200 markerer Arkivverket den første organiserte norske seglinga med emigrantar til Amerika ved å tilgjengeleggjera unike arkivkjelder. Riksarkivaren overrekkjer også ei spesiell gåve til mannskapet på Restauration, som er ein kopi av skuta som markerte starten på den store utvandringa, under eit arrangement i Stavanger 3. juli.
– Det er spennande at dokument som ein gong kryssa havet som del av ei historisk reise, no får gjera det igjen. Arkiva er berarar av forteljingar me framleis treng å høyra, seier riksarkivar Inga Bolstad.
På vegner av Arkivverket vil ho overrekkja kopiar av fleire historiske dokument til mannskapet på Restauration. Dokumenta, som opphavleg følgde skipet med 52 personar om bord frå Stavanger til New York i 1825, skal no få ta ferda på nytt. Desse dokumenta inkluderer mellom anna:
- Mannskapslista, med namna på heile besetninga.
- Tollsetelen og tollboka, som dokumenterer varene som vart førte ut av landet.
- Losprotokollen, som viser at lósen Sivert Bech førte Restauration trygt ut frå Stavanger hamn.
- Brev frå konsul Henry Gahn i New York, som rapporterte om innkomsten på skipet og beslaglegging.
- Eit brev frå premierløytnant C.H. Valeur til Finansdepartementet i 1826, der han overleverer mannskapslista og tollsetelen på vegner av konsulen i New York.
Arkivkjeldene dokumenterer ikkje berre den historiske reisa. Dei kastar også lys over formalitetar, avgjerder og lagnader knytte til utvandringa.
Arkivkjelder tilgjengeleg for alle
– Arkiva gir oss ikkje heile historia, men dei gir oss brotstykke av korleis røyndommen var. Dei hjelper oss å forstå at vala menneska tok i 1825, vart gjorde med heilt andre føresetnader enn me har i dag, seier riksarkivaren.
På Digitalarkivet kan dei originale dokumenta studerast nærare. Arkivverket publiserer også ei utstilling med originale og transkriberte dokument, tilgjengeleg på norsk og engelsk. Desse gir mellom anna innblikk i førebuingane før reisa, samansetninga til lasta og behandlinga til styresmaktene av utvandringa.
Markering i Stavanger 3. juli
Arrangementet finn stad ved skutesida av Restauration på Fiskepiren i Stavanger 3. juli kl. 14.30, som ein del av programmet for Crossings 200. Gåva vil bli overlevert til mannskapet, og enkelte dokumentkopiar vil også delast ut i dei hamnene skipet besøkjer.
Nøkkelord
Kontakter
Helene Synnøve MoSeniorrådgiver og pressekontaktStrategi og kommunikasjon
Tel:93434489helsmo@arkivverket.noBilder





Lenker
Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.
Følg pressemeldinger fra Arkivverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arkivverket
Norge får ny arkivlov: Et framtidsrettet og teknologinøytralt regelverk21.6.2025 13:40:46 CEST | Pressemelding
Etter mer enn 30 år med gjeldende lovverk, får Norge en ny arkivlov. Den nye loven gir et moderne og teknologinøytralt rammeverk for dokumentasjon og arkivdanning, tilpasset en digital hverdag.
18 millioner kroner til arkivprosjekter over hele landet19.5.2025 13:47:06 CEST | Pressemelding
I 2025 øker støttepotten til arkivprosjekter med tre millioner kroner. Kultur- og likestillingsdepartementet har besluttet å øke potten, og Arkivverket får dermed 18 millioner kroner å fordele til utviklingsprosjekter.
Kartotek over 50 000 norske krigsflyktninger til Sverige publisert8.5.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
I vårslippene publiserer Arkivverket viktige dokumenter fra 2. verdenskrig på Digitalarkivet. I år handler det om de som flyktet til Sverige.
Styrker samarbeidet om tros- og misjonsarkiv7.5.2025 14:27:16 CEST | Pressemelding
Ny avtale mellom Arkivverket og Misjons- og diakoniarkivet ved VID.
Fotoalbumet til norsk gullgravar publisert på nett5.5.2025 10:21:35 CEST | Pressemelding
I samband med Migrasjonsåret gjer Arkivverket norsk gullgravarhistorie tilgjengeleg for alle, når fotoalbumet etter Martin Wølstad er publisert på Digitalarkivet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom