Første pukkellaks har gått i fella
21.6.2025 11:20:41 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Den første pukkellaksen fanga i felle vart teken i Munkelva i Finnmark natt til laurdag. Dei første fellene kom på plass før helga.

– No er dei første pukkellaksane i Nord-Noreg byrja å gå i fella i elvane, men den største oppgangen ventar vi i slutten av juli, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
– Regjeringa er oppteken av å redde villaksen, og det å få bukt med pukkellaks er eit viktig tiltak. Vi har eit ansvar for å stanse pukkellaks frå å etablere seg i norske elvar, og for å forhindre at han spreier seg vidare til andre land. Også i år er vi veldig godt førebudde, med statleg finansierte tiltak i over 60 elvar. Dette er over dobbelt så mange som i 2023, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Normalt at nokre få pukkellaks kjem tidleg
Natt til laurdag hamna 3 pukkellaksar i fangstburet i Munkelva. Dei første av over 50 statleg finansierte pukkellaksefeller stod ferdig monterte i Munkelva og Karpelva fredag. Fangsten er også i gang i Neiden. Alle desse tre elvane er i Sør-Varanger kommune.
– Som i 2023 ser vi at dei første pukkellaksane går opp i elvane i slutten av juni. Vi håpar at dei fleste fellene kan setjast ut før det blir stor oppgang, men dei lokale foreiningane som gjer jobben må vente til flaumen er over slik at det er trygt å jobbe i elva seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Feller er på veg opp og kan vere på plass allereie no i andre elvar òg.
Mykje vatn i elvane gir utfordringar
Sein snøsmelting i fjella gjer at det er mykje vatn og sterk straum i elvane i Nord-Noreg, særleg i Troms.
– Vi har tru på at vi kan klare å stoppe pukkellaksen endå meir effektivt enn ved førre invasjon i 2023. Samtidig rår vi ikkje over forhold i naturen som speler ei vesentleg rolle for arbeidet, slik som mengd vatn i elvane, seier Hilde Singsaas.
Både statlege og lokale tiltak mot pukkellaksen
Pukkellaksen kjem til norske elvar annakvart år, og i sommar er den uønskte framandarten venta å komme i stort tal til elvane i Nord-Noreg. Staten finansierer feller og andre tiltak mot pukkellaksen i 63 elvar. I tillegg er det mange lokale initiativ som speler ei viktig rolle.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Sjøbunnen ved Herøya Industripark er ferdig ryddet8.10.2026 09:02:45 CEST | Pressemelding
Oppryddingen i Gunnekleivfjorden i Porsgrunn har redusert spredning av miljøgifter fra sterkt forurensede sedimenter.
Forbyr evighetskjemikalier i vanlige produkter24.9.2026 09:46:38 CEST | Pressemelding
Fra 10. oktober blir PFAS-stoffene PFHxA og relaterte stoffer forbudt i blant annet klær, sko, kosmetikk, matemballasje og impregneringsspray.
Forbyr PFAS-stoff i vanlege produkt24.9.2026 09:46:38 CEST | Pressemelding
Frå 10. oktober blir PFAS-stoffa PFHxA og relaterte stoff forbode i mellom anna klede, sko, kosmetikk, matemballasje og impregneringsspray.
36 nye friluftslivsområder sikres for allmennheten23.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet gir 30 millioner kroner til statlig sikring av 36 nye friluftslivsområder for allmennheten.
Foreslår nytt regelverk som skal gi mindre emballasje19.9.2026 12:48:08 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår nye regler om bruk av emballasje. Det vil blant annet føre til mindre plastavfall fra emballasje rundt mat og drikkevarer.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom