Desse kommunane tek grep for naturmangfaldet
23.6.2025 08:05:18 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
44 % av kommunane i Noreg har ein plan for å ta vare på naturmangfaldet – anten under arbeid eller ferdigstilt. Sjå kartet her.

– Vi må bremse nedbygginga og ta vare på naturen vi har i Noreg. Her er kommunane heilt sentrale. Tilskot gjennom Natursats har vore ei viktig satsing for regjeringa, og eg er glad for at ho gjer at snart halvparten av kommunane no har ein plan for å ta vare på naturen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Til saman 158 kommunar lagar eller har laga ein kommunedelplan for naturmangfald. 152 av dei har fått støtte frå Miljødirektoratet til arbeidet.
Sjå kart over alle kommunane som er i gang eller ferdig med planen, inkludert dei som får støtte i 2025:
Ein kommunedelplan for naturmangfald er ein plan der kommunane identifiserer og får oversikt over naturverdiar i kommunen sin. Dette gir kommunane eit betre kunnskapsgrunnlag for å ta vare naturen når dei planlegg kva areala i kommunen skal brukast til.
Fleire kommunar får støtte i 2025
I 2025 har Miljødirektoratet gitt støtte til 32 kommunar som har søkt om tilskot til å lage kommunedelplan for naturmangfald. Her er kommunane, som får tilskudd på kr 400 000:
- Agder: Grimstad, Tvedestrand
- Akershus: Gjerdrum, Jevnaker, Nittedal
- Buskerud: Lier, Nore og Uvdal, Rollag
- Finnmark: Loppa
- Innlandet: Nord-Aurdal, Øystre Slidre
- Møre og Romsdal: Averøy, Herøy, Rauma
- Nordland: Beiarn, Hadsel, Rødøy, Sortland / Suorttá Souhkan
- Rogaland: Klepp, Kvitsøy, Suldal
- Telemark: Tokke, Vinje
- Troms: Kvænangen, Lyngen
- Trøndelag: Frøya, Åfjord
- Vestland: Bjørnafjorden, Stad, Stryn, Sveio, Ulvik Herad
I tillegg gir Miljødirektoratet tilskot til å revidere tidlegare vedtekne kommunedelplanar for naturmangfald:
- Fredrikstad kommune: kr 250 000
- Nannestad kommune: kr 250 000
- Agder fylkeskommune: kr 2 000 000
43 kommunar får støtte til å gå gjennom eldre arealplanar for å vareta naturmangfald, såkalla planvask. Sjå lista over kommunane nedst i saka.
– Det er gledeleg å sjå at stadig fleire kommunar tek grep for å bevare naturen sin – det viser at vi er på rett veg. Det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg, er nettopp å unngå å byggje i verdifull natur, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Å bevare naturområde bidreg også til å redusere klimagassutslepp, fordi karbon blir mellom anna lagra i jord, skog og myr. Samtidig styrkar det evna naturen har til å dempe konsekvensane av klimaendringar, som flaum og tørke.
Natursats gir totalt 107 millionar til kommunane
Støtta til kommunane blir delt ut gjennom tilskotsordninga Natursats.
Natursats skal bidra til at kommunar og fylkeskommunar kan gjennomføre tiltak og innhente kunnskap som grunnlag for å ta vare på naturmangfaldet.
Dei 41 millionane som no blir delte ut, kjem i tillegg til 70 millionar som vart delt ut i april for å gjennomføre ulike lokale tiltak for å betre tilstanden til naturmangfaldet i kommunen.
Desse kommunane får tilskot til planvask:
| Fylke | Kommune | Beløp |
| Agder | Valle | 750 000 |
| Akershus | Hurdal | 500 000 |
| Akershus | Ullensaker | 800 000 |
| Buskerud | Flesberg | 400 000 |
| Buskerud | Gol | 500 000 |
| Buskerud | Nore og Uvdal | 1 000 000 |
| Buskerud | Ringerike | 1 000 000 |
| Buskerud | Sigdal | 600 000 |
| Innlandet | Øystre Slidre | 400 000 |
| Innlandet | Vågå | 500 000 |
| Innlandet | Vang | 840 000 |
| Innlandet | Sør-Odal | 340 000 |
| Innlandet | Ringebu | 535 000 |
| Innlandet | Lesja | 1 940 000 |
| Møre og Romsdal | Giske | 400 000 |
| Møre og Romsdal | Molde | 600 000 |
| Møre og Romsdal | Ørsta | 400 000 |
| Møre og Romsdal | Ålesund | 500 000 |
| Nordland | Bodø | 400 000 |
| Nordland | Moskenes | 250 000 |
| Nordland | Sortland / Suorttá Souhkan | 500 000 |
| Rogaland | Sandnes | 300 000 |
| Rogaland | Karmøy | 650 000 |
| Telemark | Bamble | 100 000 |
| Telemark | Hjartdal | 500 000 |
| Telemark | Tinn | 240 000 |
| Telemark | Vinje | 275 000 |
| Troms | Nordreisa | 1 000 000 |
| Troms | Tromsø | 1 186 500 |
| Trøndelag | Åfjord | 450 000 |
| Trøndelag | Ørland | 800 000 |
| Trøndelag | Tydal | 250 000 |
| Trøndelag | Trondheim | 3 400 000 |
| Trøndelag | Rindal | 300 000 |
| Trøndelag | Orkland | 433 000 |
| Trøndelag | Melhus | 800 000 |
| Trøndelag | Høylandet | 100 000 |
| Vestland | Aurland | 300 000 |
| Vestland | Lærdal | 300 000 |
| Vestland | Stad | 500 000 |
| Vestland | Vik | 250 000 |
| Vestland | Øygarden | 400 000 |
| Østfold | Sarpsborg | 450 000 |
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ny rapport: Pukkellaksfella i Tana fungerte godt12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fjorårets fangstanlegg for pukkellaks i Tanavassdraget ga gode resultater og verdifull kunnskap for videre bekjempelse av arten.
Ny rapport: Pukkellaksfella i Tana fungerte godt12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fangstanlegget for pukkellaks i fjor i Tanavassdraget gav gode resultat og verdifull kunnskap for vidare kamp mot arten.
Sápmi rammes hardt av klimaendringer11.5.2026 14:05:17 CEST | Pressemelding
Samiske aktører forteller om stadig mer krevende forhold i en ny rapport om klimaendringers konsekvenser i Sápmi.
Sápmi blir hardt ramma av klimaendringar11.5.2026 14:05:17 CEST | Pressemelding
Samiske aktørar fortel om stadig meir krevjande forhold i ein ny rapport om klimaendringars konsekvensar i Sápmi.
Tiltak i skog kan gi gevinster for både klima og natur6.5.2026 09:01:41 CEST | Pressemelding
En ny rapport viser at det er mulig å styrke skogens bidrag for å nå klimamål samtidig som naturverdier ivaretas.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom