Miljødirektoratet

Ny felle skal stanse pukkellaksen i Tanaelva

Del

Denne veka startar Veterinærinstituttet bygging av fella som skal sortere ut pukkellaksen i Europas største lakseelv.

Tirsdag var mannskapet som skal arbeide med fella på sikkerhetskurs i Tanaelva.
Tirsdag var mannskapet som skal arbeide med fella på sikkerhetskurs i Tanaelva. Foto: Sturla Brørs/Miljødirektoratet Kan brukes fritt ved omtale av saken

- Den enorme Tanaelva er den største og viktigaste utfordringa i arbeidet med å stoppe pukkellaksen. Basert på erfaringar frå forsøka i 2023 trur  vi at den nye fella skal bli ein meir effektiv stoppar for den skadelege framande arten, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

I sommar forventar vi ein ny invasjon av pukkellaks til norske elvar. Miljødirektoratet melde førre veke at vi har dobla talet på statleg finansierte fiskefeller for å stanse den framande skadelege pukkellaksen som kom til elvane nord i landet i hopetal i 2023.

Les meir om dette den totale innsatsen her.

Det   klart største enkeltprosjektet er fiskefella i Tana. Sjølv om storleiken gjer at Tana kan produsere mykje meir laks enn noka anna europeisk lakseelv, har dei lokale laksebestandane i Tana vorte så reduserte at dei er sårbare. Det er spesielt viktig å stanse pukkellaksen her både for å verne vår eigen laks og for å hindre at produksjon av pukkellaks i Tana bidreg til spreiing til andre elvar i Finnmark.

Då pukkellaksen sist invaderte norske elvar i 2023 vart det også gjort forsøk på å stoppe han med ei felle i Tana. Slik fella var utforma så klarte ho ikkje å stanse pukkellaksen effektivt nok. Om lag 170.000 pukkellaksar klarte å komme opp i Tana, medan 7666 vart fanga i fella.

- Sommaren 2023 gav oss og forskarane mykje god og ny kunnskap om kva som skal til å for å stanse pukkellaksen i Tana. No har vi brukt tida sidan då på å utvikle og teste nye løysingar, og har eit godt håp om å lykkast mykje betre når Veterinærinstituttet no går i gang med å byggje årets felle, seier Singsaas.

Her kan du lese meir om pukkellaks og Miljødirektoratets arbeid med å få bukt med han.

Siste førebuingar før den nye fella blir bygd

Om få dagar startar arbeidet med å byggje sjølve fella ved Seida, omtrent 5 km nord for Tana bru. Arbeidet med stolperekkja over heile elva på 400 meter er allereie igangsett av eit lokalt entreprenørfirma.

Planlegging, bygging og drift av pukkellaksefella ved Seida blir gjennomført av Veterinærinstituttet på oppdrag frå Miljødirektoratet.

- Vi har i år tilsett 21 personar for å drifte prosjektet. Ti av dei tilsette er lokale personar, og det er fleire tilsette frå Finland. 12 av dei var også med i 2023, seier Roar Sandodden, som er Veterinærinstituttets prosjektleiar i Tana.  

Usikkert når vårflaumen går ned nok til å starte bygging av fella

Vatnet der fella blir bygd i år er rolegare, men vesentleg djupare enn der fella vart sett opp i 2023. Vårflaumen kom seint i Tana i år, og fagfolka i Veterinærinstituttet er spent på om dette vil medføre forseinkingar for byggjearbeidet.

- Ideelt sett hadde vi gjerne sett at det var lågare vasstand i byggjefasen. Men vassføring og vêrforholda kan vi uansett ikkje gjere noko med, seier Sandodden.

Pukkellaksefangsten vil bli henta dagleg, og i utgangspunktet skal alt brukast til menneskemat.

Les mer om https://www.vetinst.no/nyheter/slik-skal-pukkellaksen-stoppes-i-tanaelva

Grundig overvaking av korleis lokal fisk blir påverka

Fella som blir sett opp i år vil ha fleire fangstbur for å sikre at laksen raskast mogleg går inn i eitt av bura. I evalueringsrapporten frå 2023 peika Norsk institutt for naturforsking (Nina) og Naturressursinstituttet i Finland (Luke) på at både lokal fisk og pukkellaks viste generell lita lyst til å gå inn i fangstburet, og tilrådde fleire bur.

- Uttak av pukkellaks skal i minst mogleg grad forstyrre vandringa av lokal fisk. Det har derfor vore viktig for oss å følgje opp ekspertråd så langt det er mogleg. Eit omfattande system av kameraløysingar gjer at vi kan følgje godt med på korleis fella påverkar fisken, seier  Singsaas i Miljødirektoratet.  

NINA og Luke skal i tillegg studere utvandrande laks i smoltstadiet ved hjelp av telemetri, det vil seie at han blir merka med radiosendarar slik vi kan følgje med på korleis han oppfører seg når han møter fella på veg til sjøen.

Det vil etablerast fleire løysingar for at lokal fisk skal påverkast minst mogleg negativt av fella når dei vandrar ut i sjøen.

Lokale bidrag i sideelvar

I to sideelvar som går ut mellom fella og sjøen vil Tanavassdragets fiskeforvaltning (TF) ha ansvar for pukkellakseuttak. I Máskejohka organiserte TF uttak med felle også i 2023, og vil byggje vidare på dei erfaringane som vart gjorde då. I Luovvtejohka vart det ikkje gjennomført eigne tiltak i 2023. Her ligg det an til uttak med garnreiskapar i år.

Ope informasjonsmøte i Tana bru

I samarbeid med Tana kommune og TF arrangerer Miljødirektoratet og Veterinærinstituttet eit ope informasjonsmøte i Miljøbygget i Tana bru 19. juni kl. 18-20.

Les mer om møtet her

Nøkkelord

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye