Andreas Rotevatn med liveplate - Weather Report møter Odd Nordstoga
Fest eller flinkis, klubb eller kyrkje, håvamål eller autotune, alternativ pop eller tilgjengeleg jazz? Trombonist, komponist og artist Andreas Rotevatn gjev deg alt saman, og alt midt i mellom - no live fra Vestlandet!

“Rotevatns konsert er glede i sin aller reneste og mest potente form.Tenk at musikk kan være så leken og innfallsrik, så energisk, drivende og kødden, så smart og så dum! Musikken er pop, men ikke popete. Det er jazzete, men ikke jazz. Men hvem bryr seg egentlig om slike kategorier? Rotevatn er rett og slett grisebra musikk. Terningkast 6/6”
Etter debut-konserten på Vill vill vest i november 2024, skreiv anmeldar Joakim Randa Bertelsen dette i Bergens tidende. No får òg dei som ikkje var på konserten sjansen til å høyre om Andreas Rotevatn live verkeleg er so bra.
På plata På Vestlandet (Live), får ein servert 6 låtar. Spor 2, 4 og 5 er frå den nemnte konserten i Bergen. Dei andre er frå konserten dagen etter på Nordfjordeid, Andreas Rotevatn si fødebygd.
Med ein innhaldsrik festivalsommar i vente for Andreas Rotevatn og bandet, kjendest det naturleg å gje publikum ein forsmak på kva dei kan vente seg på ein konsert med dei. På turnéplakaten for 2025 står Mandaljazz, Bergtatt-festivalen, Moldejazz, Malakoff Rockfestival og Sommarljom.
Som Bertelsen er inne på i sin anmeldelse, er det ikkje nødvendigvis so enkelt å setje musikken til Rotevatn i bås. 5 høgt utdanna jazzmusikarar, som spelar poppa låtar med nynorsk tekst er jo ikkje noko ein høyrer kvar dag. Det elitistiske møter det tilgjengelege; bruksmusikk og kunstmusikk i ein og same konsert. Og som de ser, er det ei god blanding av pop/rock- og jazz-festivalar som har booka inn gjengen for sommaren.
Kanskje ein kunne trekke veksel på den velkjende jazzfusion-gruppa Weather report? Kor lange låtar med intrikat form og avansert samspel, fungerte foran tusenvis av mennesker. Musikarar som kunne å improvisere på ein måte som både var interessant og inviterande.
Men samstundes er det jo noko vise-aktig over musikken, med nynorske tekstar med inderleg og friskt språk. So ein Odd Nordstoga-fan vil òg kunne få noko ut av ein konsert med Rotevatn.
“Det å spele musikken live for første gong, var ei kjempeoppleving” seier Rotevatn. “Og særleg for eit stappfullt Landmark ved midnatt. Publikum og bandet stod saman på golvet, sikkert ikkje meir enn 1,5 meter frå kvarandre. Det skapte ei intens stemning, som eg syns ein kan merke på albumet!”
Med seg i bandet, hadde Rotevatn nokon av dei dyktigaste instrumentalistane i den nyare generasjonen av musikarar:
- Sander Nordahl, gitar
- Martin Morland, bass
- Elias Tafjord, trommer
- Ragnhild Moan, vokal
“Desse musikarane går like naturleg inn i eit pop-band, som i fri-impro; i elektronika-prosjekt som i country; og i studio som live”, seier Andreas. “Dei er nøye kuratérte for å nettopp klare balansen mellom det intrikate og det tilgjengelege.”
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Å. HeenLabel Manager - A&R - Promotion
Tel:970 26 728cathrine@grappa.noDionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder


Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Benedicte Maurseth slipper singelen “Simleflokk under månen” – et måneskinnsportrett av villreinens liv på Hardangervidda8.8.2025 09:10:00 CEST | Pressemelding
I dag slipper Benedicte Maurseth singelen Simleflokk under månen, andre spor ut fra det kommende albumet Mirra – en etterlengtet oppfølger til det prisbelønte Hárr fra 2022.
Benedicte Maurseth releases the single “Simleflokk under månen” – a moonlit portrait of wild reindeer life on the Hardangervidda plateau8.8.2025 09:10:00 CEST | Press release
Today, August 8, Benedicte Maurseth releases Simleflokk under månen, the second track from her upcoming album Mirra – the long-awaited follow-up to her award-winning 2022 release Hárr.
Fra drøm til driv: Liv Andrea Hauge Trio slipper singelen «Karja»1.8.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag slipper Liv Andrea Hauge Trio sin andre singel «Karja», fra det kommende albumet Døgnville, som lanseres 5. september på Hubro. Der første singel, «Natt natt natt», inviterte lytteren inn i et drømmelignende rom, åpner «Karja» dørene til et annet landskap – beatdrevet, rytmisk komplekst og fullt av energi.
From Dream to Drive: Liv Andrea Hauge Trio Releases New Single “Karja”1.8.2025 09:00:00 CEST | Press release
Today, Liv Andrea Hauge Trio releases their second single, “Karja,” from the upcoming album Døgnville, out September 5th on Hubro.
Frode Alnæs med nytt album - "Cooderland" er ny positiv musikk, pakket inn i herlig og varmende Ry Cooder-landskap - siste singel ute i dag!25.7.2025 09:30:00 CEST | Pressemelding
Den 29.august slipper Frode Alnæs sitt nye album "Cooderland", som er inspirert av en av hans gitarhelter. Sammen med et stjernelag av norske musikere, har han skapt optimistisk musikk med en helt unik og rik instrumentering.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom