NVE vurderer at Nye Tussa kraftverk ikkje krev ny konsesjon
13.6.2025 14:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Tussa Energi AS har bedt NVE om å vurdere konsesjonsplikt for å bygge Nye Tussa kraftverk. NVE meiner tiltaket ikkje vil føre til nye ulemper eller skader for allmenne interesser av eit slikt omfang at tiltaket krev ny konsesjon.

Tussa Energi har allereie konsesjon til å drive kraftverket Tussa på Bjørke i Volda kommune. Dagens kraftverk er over 60 år gamalt, og står overfor omfattande vedlikehaldsarbeid i tida framover. Tussa Energi ønsker derfor å bygge eit nytt kraftverk. Etablering av Nye Tussa kraftverk vil auke installert effekt frå dagens 56 MW til 150 MW. Den årlege produksjonen vil auke med om lag 8 GWh, som svarar til straumforbruket til 400 husstandar.
Tussa Energi har bedt om konsesjonspliktvurdering
Tussa Energi ønsker å bygge eit nytt kraftverk innanfor den eksisterande konsesjonen. Prosjektet inneber at Tussa Energi vil bygge ny kraftstasjon, ny maskinhall og nye vasstunnelar. Det nye kraftverket vil ikkje endre vassføringar i elvestrengar, eller høgaste og lågaste regulerte vasstand i Tyssevatnet.
NVE har vurdert om tiltaket kan føre til nemneverdig skade eller ulempe for allmenne interesser i vassdraget i ei slik grad at tiltaket må ha ny konsesjon. Ei konsesjonspliktvurdering gir verken løyve eller avslag til sjølve tiltaket, men avklarar vidare saksgang.
Bygging av Nye Tussa kraftverk krev ikkje ny konsesjon
Ein auka effekt i Tussa kraftverk gjer det mogleg å tilpasse produksjonen til forbruket i samfunnet og etterspørselen i kraftmarknaden. Det endra køyremønsteret vil føre til at vasstanden i Tyssevatnet vil svinge meir enn tidlegare. Vasstandsendringane synest likevel å vera for små til å ha nemneverdig negativ påverknad for fisk. Sidan det svært sjeldan er overløp over dammen i dag, vil tiltaket heller ikkje gje endringar i vassføringa i elva Tyssa mellom Tyssevatnet og fjorden.
–Då vi vurderte konsesjonsplikt, var konsekvensane av effektkøyring og svingingane i vasstanden som det fører til det mest sentrale temaet. Dagens konsesjonen har allereie vilkår som gir myndigheitene høve til å pålegge Tussa Energi å utføre undersøkingar for fisk. I tillegg gir den NVE moglegheit til å følge opp planlegging, bygging og drift av anlegget. Vi meiner derfor at Nye Tussa kraftverk kan byggast innanfor den eksisterande konsesjonen, seier Håkon Berg Sundet, fagleiar i NVE.
Nøkkelord
Kontakter
Håkon Berg SundetFagleiar
Tel:90530984hbsu@nve.noLenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Mjøndalen er bedre sikret mot flom og kvikkleireskred13.5.2026 10:09:05 CEST | Pressemelding
Etter flere år med arbeid er et av Norges største flomsikringsprosjekter nå ferdigstilt. Rundt 1300 innbyggere i Mjøndalen er bedre beskyttet mot flom, og samtidig er risikoen for kvikkleireskred redusert.
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes13.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
NVE fastsetter utredningsprogram for Stelåga Kraftverk8.5.2026 13:58:25 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Stelåga kraftverk i Rødøy kommune. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft8.5.2026 13:46:05 CEST | Pressemelding
NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkrav i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.
NVE inviterer til høring og møter om havvindanlegg utenfor Utsira og Karmøy5.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
De to selskapene Utsira Nord Havvind DA og Harald Hårfagre AS ønsker å bygge havvindanlegg utenfor kysten av Rogaland. Det er planlagt å koble anleggene til kraftnettet på land i de to kommunene Utsira og Karmøy. Norges vassdrags- og energidirektorat inviterer til en offentlig høring og folkemøter i juni.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom