Denne veggen kuttar telefonsamtalen din
Nye bygg er så godt isolerte at mobildekninga blir stengt ute. No etterlyser Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) betre samarbeid mellom byggjebransjen og mobiloperatørane.

- Kommersielle aktørar må skunde seg og ikkje vente på at myndigheitene skal regulere. Vi meiner det er best at aktørane sjølv kjem fram til gode løysingar saman, seier seksjonssjef Inger Vollstad i Nkom.
Det er hovudsakleg endringar i byggtekniske forskrifter som skaper utfordringar med mobildekning i nyare bygg.
- Moderne mobilnett brukar høgare frekvensar, og det gir oss raskare internett. Det krev imidlertid fleire antenner eller spesielle system for å fungere godt inne i tette og moderne bygg. Det kan forklare kvifor mobildekninga forsvinn i moderne bygg sjølv om det har vore dekning i det same bygget med eldre mobilteknologi, seier Vollstad.
Pekar på kvarandre
Nkom har laga eit utkast til ein rettleiar som skal hjelpe bygningseigarar og leigetakarar som slit med dårleg dekning i sine bygg. På denne har det kome inn 18 høyringsinnspel.
- Nokre av tilbakemeldingane vi har fått er at det ofte blir diskusjonar mellom mobiloperatørane og byggherrane, dei som skal drive eit bygg og leigetakarar om kven som har ansvaret for å sikre god nok mobildekning i bygget. Det blir ei peikelek, seier Vollstad.
Ho understrekar at det er uaktuelt for Nkom å kome med pålegg.
- Vi tar sikte på å behandle høyringsinnspela slik at ein oppdatert versjon av rettleiaren blir tilgjengeleg, men det vil ta noko tid. På sikt utelukkar vi heller ikkje at Nkom tek del i den nødvendige dialogen mellom mobiltilbydarane og eigar eller den som brukar bygget, seier Vollstad.
Forbrukaren har makta
Nokre av innspela på rettleiaren, som no har vore ute på høyring, er at enkelte aktørar sit på gjerdet og ventar på ei løysing frå Nkom.
- Vi meiner det ikkje er riktig at dei som leiger eit kontorlokale sit igjen med ei problemstilling dei kanskje ikkje har tenkt over. Difor er det viktig for oss å gjere denne utfordringa kjend slik at leigetakarar og eigedomsforvaltarar kan stille krav til god dekning i sine leigekontraktar og driftsavtalar, seier Vollstad.
- Ingen ønskjer å leige eller drive eit bygg som manglar god mobildekning, legg ho til og avsluttar:
- Skal du bygge ut noko nytt, bør du inkludere mobildekninga i anbodet ditt. Om du skal leige eller framleige eit bygg som allereie har dårleg mobildekning innandørs, bør du la mobilselskapa konkurrere om deg som kunde.
Nøkkelord
Kontakter
Inger VollstadSeksjonssjef i av for marked og tjenesterNasjonal kommunikasjonsmyndighet
Tel:48010523ivo@nkom.noBilder

Lenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Svindeltrender du må passe deg for i sommer9.7.2025 12:05:11 CEST | Pressemelding
Svindlerne blir stadig mer utspekulerte i sine forsøk på å lokke deg i fella. Anti-svindeleksperten advarer særlig mot tre svindeltrender nå.
Opprettholder millionbot mot Telenor3.7.2025 12:06:10 CEST | Pressemelding
Nkom varslet i februar et gebyr på 50 millioner kroner til Telenor for flere lovbrudd knyttet til at nødnummertjenesten var nede flere ganger i fjor. Nå har Nkom fattet endelig vedtak i saken.
58 datasentre har registrert seg2.7.2025 14:48:21 CEST | Pressemelding
Ved fristens utløp 1. juli hadde 38 datasenteroperatører registrert til sammen 58 datasentre i Norge.
Mange vil ha frivillig åpning - men ikke alle30.6.2025 13:38:18 CEST | Pressemelding
Til tross for stort ønske om frivillig åpning av bredbåndsmarkedet fra mange aktører, er ikke alle bredbåndstilbydere enig i at tiden er moden for dette nå.
Full gigabit-dekning kan koste 12,4 milliarder kroner18.6.2025 08:17:55 CEST | Pressemelding
Regningen for å gi alle norske husstander superraskt nett kan bli på hele 12,4 milliarder kroner, ifølge nye tall fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom