Dette kan du sjå på NRK i sommar
Kjendisar i konkurransemodus, fiskefeber, masse humor og moralske dilemma i jungelen. Her er NRKs sommarmeny.

20-stjerners sommerferie
NRKs nye sommarsatsing er laga av gjengen bak suksessen «24-stjerners julekalender». Men no står altså sommarferien for tur.
Silje Nordnes står ved roret når 20 kjende personar kastast ut i ei rekke sommarlege konkurransar. Samtidig blir vi kjent med dei på ein heilt ny måte.
Alle deltakarane har nemleg på førehand tatt ein omfattande personlegdomstest: Big Five. I kvar episode blir resultat frå testen avslørt. Deretter blir kjendisane utfordra i konkurranse der det gjeld å utnytte eller overkomme eigne styrkar og svakheiter.
Kvar dag må ein person forlate gjengen. Den som står igjen som vinnar, kan sole seg i glansen av å vere den ultimate sommarstrategen.
Det blir humor, overraskingar og høg gjenkjenningsfaktor i sommarsol og bølgeskvulp!
Les meir om programmet og kven som deltek her
- Premiere 30. juni i NRK TV og på NRK1
- Ny episode kvar måndag til torsdag
- Kommunikasjonsansvarleg: Ingrid Kvitrud
Ville fristelser

Underhaldningsserien «Ville fristelser» er eit spektakulært sosialt eksperiment. Ei gruppe på ti vidt forskjellige personar legg ut på ei knallhard reise gjennom jungelen på øya Langkawi i Malaysia.
Kjem alle fram til målet, kan dei dele ein stor pengesum seg imellom. Men undervegs blir kvar og ein utsett for forlokkande freistingar til skyhøge prisar – som tappar den felles premiepotten deira.
Det moralske kompasset til deltakarane og evna til å halde ut blir sett skikkeleg på prøve. Her blir dei store verdispørsmåla sette på spissen: Meg sjølv mot fellesskapet, materialisme mot idealisme. Kva veit vi om oss sjølv i pressa situasjonar – og kva ville vi, TV-sjåarane, sjølv ha gjort?
Programleiar for «Ville fristelser» er Nathan Kahungu. Serien er basert på suksessformatet «Tempting Fortune» frå britiske Channel 4.
- Premiere 6. september i NRK TV og på NRK1
- Kommunikasjonsansvarlege: Heidi Gjestad Frogg og Helene Amlie
Team Bachstad i Afrika

Dei har tidlegare vore på tur til blant anna Mongolia, India, Sør-Amerika, Indokina og Japan. På den ellevte reisa deira er det den sørlege delen av Afrika som er destinasjonen.
Gjennom sju veker har Øystein Bache og Rune Gokstad opplevd noko av det beste kontinentet har å by på. Først reiser radarparet opp langs Namibia-kysten, før dei dreg austover mot Botswana. Derfrå går turen vidare til Zambia, Zimbabwe, Sør-Afrika, Eswatini og Mosambik.
I løpet av sesongen får vi sjå i ørkenen i Namibia, Okavangodeltaet og diamantar i Botswana, Victoriafalla, eksotiske dyr, millionbyen Johannesburg, fjellfolk i Eswatini og viktigast av alt: fleire fantastiske menneskemøte.
- Premiere 18. juli i NRK TV
- Kommunikasjonsansvarleg: Vetle Nielsen
Seltzer: Den norske fattigdommen

I ein ny dokumentarserie forsøker Thomas Seltzer å forstå korleis det er å vere fattig i eit av verdas rikaste – og likaste – land. Kva hender når fleire og fleire nordmenn slit med å få endane til å møtast?
Gjennom fire episodar utforskar han tema som skamma rundt det å ha lite, kva det å vekse opp i fattigdom gjer med barn, og gåta rundt kvifor det er så mange nordmenn som blir uføretrygda.
- Premiere 6. august i NRK TV
- 4 episodar, ein episode i veka
- Kommunikasjonsansvarleg: Sarah Jordanson Fauske
Jakten på monstermakrellen

Bård Tufte Johansen og Lars Lenth drar ut på eventyr igjen!
Den største tunfisken i verda, den majestetiske makrellstørja, er tilbake i Noreg etter femti års fråvær, og Lars får los.
Etter kveitefadesen på Sørøya nektar Bård å bli med på enda eit håplaust fiskeprosjekt, så Lars legg ein slu plan for å lokke han tilbake på fiskekøyret.
«Jakten på monstermakrellen» er ei historie om vennskap, løgn og ein frykteleg stor fisk. Serien blandar eventyr, natur, fiske og humor.
Forgjengaren «Jakten på monsterkveita» blei ein stor suksess på NRK hausten 2023 med over ein million sjåarar per episode.
- Premiere 15. august i NRK TV og på NRK1
- 7 episodar
- Kommunikasjonsansvarleg: Helene Amlie
Norges tøffeste

Den sjette sesongen av «Norges tøffeste» blir både større og tøffare. Tidlegare har ti personar fått mogelegheit til å vinne den harde realityserien – denne gongen er det tolv.
I tillegg er det ein tvist: Programleiarane har mykje makt i starten og sender heim fleire samtidig.
I år har Jørgine Massa Vasstrand for første gong med seg Isak Dreyer som programleiar. Saman byr dei to på eit opplegg som både er mentalt og fysisk tøffare enn tidlegare. Deltakarane skal blant anna sove med betongrøyr som «seng» i ein 5-gradar varm industrihall dei første nettene.
Men deltakarane i år er ein gjeng som faktisk har lyst å gå i kjellaren, så såpass må det vere. Kven dei er, blir kjent 27. juni.
- Premiere 22. august i NRK TV og på NRK1.
- 10 episodar
- Kommunikasjonsansvarleg: Ingrid Kvitrud
Singelgåten

Fem single er i ferd med å gi opp håpet om å få seg kjærast. Dei blir utfordra av kjærligleiksentusiast og programleiar Thomas Engeset til å tenke nytt om kva som kan auke sjansane deira. Men funkar det?
Med eit humoristisk blikk tar serien for seg datingkulturen og det som bidrar til eller motverkar at folk får seg kjærast.
- Premiere 12. august i NRK TV og på NRK1
- 7 episodar
- Kommunikasjonsansvarleg: Heidi Gjestad Frogg
Humoretaten

Den vittige gjengen i Humoretaten held fram med å lage humor om aktuelle hendingar og sjølve livet. Det blir sketsjar, parodiar og andre humorinnslag frå scena på utestaden Carls i Oslo kvar veke. Publikum er som alltid til stades. I tillegg kan det dukke opp ein overraskingsgjest av og til.
- Premiere 29. august i NRK TV og på NRK1
- Kommunikasjonsansvarleg Nan Kristin Myhre
Peak TV, sesong 2
Det kvinnelege kollektivet Peak TV stakk av med både Humorprisen og ein Gullruten-nominasjon etter første sesong. No kjem Peak TV tilbake med ein ny sesong med enda meir grensesprengande humor
I andre sesong tar humorspirene deg med inn i seks nye, unike sketsjeunivers. Her får du blant anna sjå traileren til Dag Johan Haugeruds hittil ukjente film om ei and på jakt etter far sin, ein musikalversjon av NRK-suksessen «Exit», og (sjølvsagt) Skavlan. Teatertruppen frå første sesong er også tilbake – denne gongen for å sette opp eit spel.
- Premiere 19. juni i NRK TV
Gautes dokumentarprogram

Gaute har forlate pulten sin for å lære meir om dei store og små spørsmåla i livet. Han vil dykke djupare i tema som han har lurt på lenge, men som han aldri har komme til botns i: Som korleis Gaute kan bli likt, korleis Gaute kan bruke tida si betre, Gautes hår, Gautes barndom og ettermælet til Gaute.
- Premiere 7. august i NRK TV
- Kommunikasjonsansvarleg: Vetle Nielsen
Fantorangen på ferie

Fantorangen, Pivi og Fantus drar på Skjellstranda camping, og det blir alt anna enn ein roleg sommarferie.
Fan rangen får ein mygg som kjæledyr, Pivi kranglar med ein innpåsliten måke på stranda, Maurora finn eit skattekart i havet og den sure naboen Besser prøver seg som barnevakt for Fantus.
Fantorangen på ferie byr på feriestemning og latter for heile familien.
- Premiere 27. juni i NRK TV og NRK Super
Seriesommar
NRK held fram med seriesommar og doku-sommar i NRK TV.
Her er eit knippe av dramaseriane du kan kose deg med:
- Familiehemmelegheiter (23.06)
- Den siste festen (23.06)
- Sherlock og datter (23.06)
- Eks-kona, sesong 2 (28.07)
- Malpractice, sesong 2 (28.07)

Desse dokumentarane ligg allereie i NRK TV:
- Brennpunkt: Den sorte svane – nye episodar
- Bedragaren – tilbake frå dei døde
- Evnukkmakerens univers
- Liket hos naboen
- Brennpunkt: Psyk
Slik blir valdekninga på NRK
Det er mykje som står på spel ved årets stortings- og samtingsvalg, og publikum kan følge utviklinga gjennom heile valet på NRK. Det blir brei dekning på både på nett, TV og radio. Med valomaten, sametingsvalomaten og partiguiden tilbyr NRK tre digitale tenester som skal hjelpe folk med å ta valet.
NRK vil også skape nokre store fellesopplevingar på direktesendt TV frå Arendal, Trondheim og Oslo. Opningsdebatten i Arendal blir den 11. august.
NRK planlegg ein fest av eit valdøgn på alle plattformer, med ei maratonsending med innhald frå heile landet, til heile landet.
Dei to seriane «Mørch og makta» og «Seltzer: Den norske fattigdommen» inngår også i NRKs valdekning.
Mørch og makta

Korleis skal norske politikarar sørge for at kunstig intelligens kjem nordmenn til gode? Ville Guri Melby gitt frå seg Vestfold til Russland dersom det stansa klimakrisa? Og kva meining har statsminister Støre først etter fem pils?
I videopodkasten «Mørch og makta» møter Erlend Mørch leiarane for dei ni største politiske partia til uformelle, ærlege og overraskande samtaler inn mot stortingsvalet i haust.
- Premiere i NRK Radio 28. juli og i NRK TV 4. august
- Kommunikasjonsansvarleg: Marit Holmquist Fenne
Historier fra virkeligheten: Krigeren fra Tysfjord
Rune Cato Liljebakk frå Tysfjord blei funnen drepen, aleine i ein leigebil. Kven var han? Den prisvinnande podkastjournalisten Joachim Førsund vil finne ut kvifor Liljebakks liv enda så brutalt.
Seriesnakk: SKAM 10 år
Seriesnakk inviterer deg inn til å sjå SKAM – 10 år etter første sesong kom. Torkil Risan fråtsar i dei ikoniske scenene, finn skjult gull fra serien og snakkar med både dei som laga SKAM og dei serien har betydd mest for.
- Premiere 23. juni i NRK Radio
- 9 episodar som kjem i veke 26, 27, 28 og 29
- Kommunikasjonsansvarleg: Nan Kristin Myhre
Monsens univers sesong 2
Lars Monsen held fram å møte folk som deler kjærleiken hans til dyr, natur og villmark. Men denne gongen er Monsens univers også ein videopodkast. Blant gjestene denne sesongen finn vi mellom anna treningsprofil Jørgine Massa Vasstrand, jeger Lars Kjeldsaas og insektforskar Anne Sverdrup Thygeson. I tillegg er ein heil episode via til spørsmål og svar, etter overveldande mange spørsmål til Lars Monsen frå lyttarane.
- Premiere 14. juni i NRK Radio
Reiseradioen
Også i år vil ei rekke NRK-profilar by på godt selskap gjennom sommaren i Reiseradioen på NRK P1. Slik fordeler dei sommarvekene seg i mellom
- Veke 26: Rune Gokstad og Øystein Bache
- Veke 27: Galvan Mehidi og Ragnhild Silkebækken
- Veke 28: Anne Lindmo og Halvor Haugen
- Veke 29: Silje Nordnes og Tete Lidbom
- Veke 30: Olav Viksmo Slettan og Nina Stensrud Martin
- Veke 31: Marte Stokstad og Kåre Magnus Bergh
- Veke 32: Mia Hundvin og Magnus Devold
- Veke 33: Solveig Kloppen og Thomas Numme
Sommar i P2
Det blir også gjenhøyr med Sommer i P2 der eit breitt utval av svært ulike nordmenn fortel personlege historier. Vi vil blant anna høyre frå Maud Angelica Behn, Øystein «Pølsa » Pettersen, Henriette Steenstrup, Carl I. Hagen og Amir Asgharnejad for å nemne nokre.
Fotball-EM

Dei beste landslaga på kontinentet skal samlast i Sveits for å kjempe om å løfte trofeet som europameistrar. Noreg er som vanleg kvalifisert til sluttspelet. Kor langt kan dei norske jentene nå denne gongen?
Meisterskapet ser du på NRK og TV 2 fra 2. til 27. juli.
Les meir om meisterskapet her
Diamond League
Friidrettssesongen held fram med fleire spennande stemne i Diamond League gjennom sommaren. Dei kommande vekene skal fleire av dei største stjernene i aksjon i blant anna Stockholm, Paris, Eugene, Monaco og London.
Kommunikasjonsansvarleg: Vetle Nielsen
Med atterhald om endringar
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:414 28 800pressevakt@nrk.noBilder

















Lenker
Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Dette er deltakerne i NRKs nye sommersatsing13.6.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Silje Nordnes står ved roret når 20 kjente personer skal konkurrere om hvem som mestrer sommeren best. Deltakernes personlighet blir også sentral i «20-stjerners sommerferie».
Se verdens beste dødsere på NRK11.6.2025 11:59:33 CEST | Pressemelding
Det er en ekstremsport med stadig økende popularitet internasjonalt. Nå har NRK sikret seg rettighetene til å sende både verdensserien og VM i dødsing.
Klare for fotballfest på NRK og TV 211.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Sommerens store sportshøydepunkt får du på NRK og TV 2. Norge har fått en drømmetrekning i forkant av årets fotball-EM. 2. juli braker det løs på TV 2 når kvinnelandslaget møter vertslandet i åpningskampen.
Partiguiden 202510.6.2025 06:30:00 CEST | Pressemelding
I dag lanserer NRK Partiguiden, den tredje av NRKs digitale tjenester i forbindelse med høstens stortingsvalg.
NRK Sápmi inviterer publikum til valgdebatt om Sametingsvalget6.6.2025 10:35:37 CEST | Pressemelding
NRK Sápmi inviterer til direktesendt valgdebatt under Lávdan Sámi Arena i Kautokeino, 11. juni kl. 10.00–11.00.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom