Langt igjen til samanhengande digitale tenester
Arbeidet med livshendingane har i liten grad gitt innbyggjarane betre samanhengande digitale tenester. Usikker finansiering og dårleg samordning er hovudproblema.

– Departementa veit kva innbyggjarane treng. I fleire tilfelle har dei utvikla digitale løysingar som kan hjelpe folk. Likevel får dei ikkje levert løysingar som heng saman, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Ei rekke livshendingar møter oss på vegen gjennom livet. Vi kan miste jobben. Vi kan få eit alvorleg sjukt barn. Våre næraste døyr.
Det er eit mål at dei som står i slike situasjonar, skal få eit enklare møte med det offentlege. Dei digitale tenestene skal vere samanhengande og heilskaplege. Riksrevisjonen har undersøkt fire av dei såkalla livshendingane som er utgangspunktet for dette arbeidet:
- Alvorleg sjukt barn.
- Miste og finne jobb.
- Dødsfall og arv.
- Starte og drive ein frivillig organisasjon.
Les undersøkinga som omfattar perioden 2019 til 2024.
Styresmaktene har mykje innsikt i kva ein som til dømes opplever dødsfall i næraste familie, treng. Nye digitale løysingar er utvikla for fleire av livshendingane, men dei fleste er ikkje satt i drift enno.
– Digitaliseringsstrategien for offentleg sektor setter brukaren i sentrum. Det er positivt, men det er ikkje tilfredsstillande at resultata uteblir, seier Schjøtt-Pedersen.
Jamt over er arbeidet forseinka og har i liten grad gitt innbyggjarane betre samanhengande digitale tenester. Det er framleis like krevjande og uoversiktleg å administrere det å ha eit alvorleg sjukt barn eller å miste ein ektefelle.
Usikker finansiering
Undersøkinga viser at styresmaktene ofte prioriterer å utvikle løysingar som det er mogleg å få finansiering til, og ikkje dei som er best for brukarane.
Usikker finansiering har forseinka arbeidet. Pengar er gitt til utvikling, men videre finansiering er usikker, og dermed kan prosjekta stoppe opp.
– Det er viktig at finansieringa er pårekneleg slik at dei digitale tenestene som utviklast, faktisk blir tekne i bruk og kjem innbyggjarane til gode, seier Schjøtt-Pedersen.
Det er utfordrande å få ulike aktørar til å forplikte seg til å gje pengar til drift og vidareutvikling. Verksemdene prioriterer ofte eigne kjerneoppgåver framfor fellesløysingar.
Igjen sviktar samordninga
Samarbeid på tvers er ein føresetnad for å lykkast med samanhengande digitale tenester. Fellesoppgåver må prioriterast, og både ressursar og data delast.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet koordinerer, men dei har i liten grad sett overordna føringar for arbeidet med livshendingane. Arbeidet er ikkje godt nok forankra eller prioritert høgt nok hos dei ulike departementa og verksemdene som jobbar med dei.
– Igjen ser vi at samordning og styring på tvers sviktar. Det hjelper ikkje å ha vilje om man ikkje setter reell kraft bak, avsluttar Schjøtt-Pedersen.
Dei seinare åra har Riksrevisjonen fleire gonger peikt på at både Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og andre departement med samordningsansvar må utøve samordnings- og pådriverrolla si med sterkare autoritet. Departementet må gje tydeleg beskjed til resten av staten: Arbeidet med livshendingane skal prioriterast slik at innbyggjarane får ein enklare kvardag.
Nøkkelord
Kontakter
Siri Bentserud WingereiKommunikasjonssjef
Tel:990 39 479sbw@riksrevisjonen.noOm oss
Riksrevisjonen er Stortingets største og eldste kontrollorgan. Gjennom revisjon av regnskap og undersøkelser sjekker vi hvordan regjeringen og statsforvaltningen gjør jobben sin.
Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Jordbruket langt frå å nå klimamåla sine5.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Jordbruket skal gjennomføre store utsleppskutt innan 2030, men ingenting tyder på at det er mogleg. Målkonfliktane er store og klimaavtalen mellom staten og jordbruket er urealistisk.
Pressekonferanse i dag: Når jordbruket klimamåla sine?5.6.2025 07:30:00 CEST | Presseinvitasjon
I dag kl. 12 legg Riksrevisjonen fram ei ny undersøking om klimagassutslepp frå jordbruket. Innan 2030 skal jordbruket redusere utsleppa sine betydeleg, men er det eigentleg mogleg? Velkommen til pressekonferanse!
Pressekonferanse 5. juni: Vil jordbruket nå klimamåla?2.6.2025 14:37:15 CEST | Presseinvitasjon
Jordbruket står for 9,5 prosent av Noregs klimagassutslepp. Riksrevisjonen har undersøkt om klimapolitikken for jordbruket har hatt ønskja effekt. Velkomen til pressekonferanse torsdag kl. 12.
Sivilsamfunnet er ikke godt nok forberedt på krise og krig20.5.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
- Sivile aktører er ikke godt nok forberedt på å støtte Forsvaret og allierte styrker i en krise eller krig. I dagens sikkerhetspolitiske situasjon kan det få alvorlige konsekvenser, sier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Har ikke oversikt over samfunnsviktige havner20.5.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
Norske myndigheter mangler oversikt over hvilke havneanlegg som har betydning for samfunnssikkerheten, viser Riksrevisjonens nye undersøkelse. Det er kritikkverdig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom