Medietilsynet: NRK nær å oppfylle nynorsk-kravet i 2024
NRK innfridde i 2024 kravet om 25 prosent nynorsk på radio og tv, og var nærmare kravet på nett enn nokon gong tidlegare. Tilsynsrapporten frå Medietilsynet viser elles at NRK i det store og heile oppfylte allmennkringkastingsoppdraget i fjor.

– Språkoppdraget til NRK er viktig, og Medietilsynet har i fleire tilsyn peika på at NRK må styrke nynorskbruken i tilbodet sitt. Derfor er det bra at NRK har jobba systematisk med dette, og at tiltaka nå verkar, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på kvar av dei tre medieplattformene sine. I 2024 blei kravet oppfylt på radio for første gong sidan 2019, med 25,2 prosent nynorsk. Også på tv blei nynorsk-kravet nådd, med 29,4 prosent. NRK hadde i 2024 framleis for lite nynorsk på nett, men var med 23,2 prosent nærmare minstekravet enn nokon gong tidlegare.
Medietilsynet ser positivt på samarbeid
I 2024 har NRK vidareført samarbeidet med andre norske medium og faktisk.no om faktasjekk og verifisering av bilde og videoar frå krigsområde som Ukraina og Israel/Gaza. Materialet blir også gjort tilgjengeleg for alle norske redaktørstyrte journalistiske medium uavhengig om dei deltar i prosjektet eller ikkje.
– Dette tiltaket er ei god tilnærming i det viktige arbeidet for å motverke feil- og desinformasjon. Samansette truslar som påverking gjennom feil- og desinformasjon i sosiale medium er framheva av Totalberedskapskommisjonen som ein av dei største truslane mot demokratiske verdiar og den høge tilliten som pregar det norske samfunnet, seier Velsand.
Medietilsynet ser også positivt på at innsikt og ressursar blir delt på tvers av ulike medium lokalt, regionalt og nasjonalt, og samarbeidet med kompetansemiljø som faktisk.no og Senter for undersøkande journalistikk.
– Dette er gode eksempel på korleis NRK og andre redaktørstyrte journalistiske medium samarbeider og utviklar ny kompetanse til beste for mediemangfaldet og publikum, seier Velsand.
NRK oppfylte utvida oppdrag for språk og musikk
Frå 2023 fekk NRK utvida språkoppdraget sitt med eigne krav om innhald på teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk, i tillegg til innhald på norsk og samisk. Dei nye språkkrava tydeleggjer samla det ansvaret NRK har for å vere ein fellesarena som reflekterer at Noreg rommar eit mangfald av identitetar og kulturar, også språkleg.
Frå 2023 blei kravet om å spele 40 prosent norsk musikk utvida frå å gjelde dei tre hovudkanalane, til å gjelde i alt ti kanalar. I tillegg skal NRK fremme musikk av samiske artistar, komponistar og tekstforfattarar og talent frå nasjonale minoritetar. Medietilsynet vurdere4r at alle desse krava blei oppfylte i 2024.
NRK må totalt oppfylle om lag 50 krav til programverksemda.
– Tilsynsresultatet for 2024 viser at NRK i det store og det heile oppfylte samfunnsoppdraget sitt i samsvar med krava, seier Mari Velsand.
Heile allmennkringkastingsrapporten for NRK i programåret 2024 finn du her.
Utvalde konklusjonar frå tilsynet i 2024:
- NRK styrker mediemangfaldet i Noreg gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget sitt.
- NRK har hatt distriktssendingar alle kvardagar både på tv og radio og har eit løpande oppdatert regionalt nyheits- og innhaldstilbod på nett.
- NRK hadde i 2024 eit breitt nyheits- og aktualitetstilbod, ei rekke debattprogram og faste program som forklarer nyheitsbildet og set det i ein større samanheng. Nyheits- og aktualitetstilbodet er retta mot ulike aldersgrupper inkludert barn og unge.
- Det samla tilbodet til NRK hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar i 2024. Vidare hadde NRK eit solid innhaldstilbod som kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap. NRK oppfylte også kravet om å stimulere til kunnskap, forståing og bruk av andre medieplattformer blant brukarar i alle aldrar.
- NRK Sápmi har daglege samiskspråklege program for den samiske befolkninga og har sendt innhald på både nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. NRK oppfylte også krava til jamlege program på samisk for barn og unge.
- NRK oppfylte kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og tilbod som appellerer til alle aldersgrupper.
- NRK oppfylte krava om å formidle norsk drama og film og stimulere norske produksjonsmiljø. NRK oppfylte også kravet om å legge ut minst 40 prosent av det frie programbudsjettet på tv frå 2022 til og med 2024 med eit snitt på 49,7 prosent.
- NRK spelte minst 40 prosent norsk musikk i NRK P1, P2 og P3, NRK P1+, NRK P13, NRK mP3, NRK Nyheiter, NRK Sport, NRK Super og NRK Folkemusikk i 2024. NRK oppfylte også krava om å fremme musikk frå samiske artistar, komponistar og tekstforfattarar og å fremme musikk av talent frå nasjonale minoritetar i Noreg.
- NRK har samla formidla og belyst eit breitt spekter av religiøse perspektiv og livssyn i 2024. Formidlinga har eit tyngdepunkt i kristne tradisjonar i tilbodet, men speglar også eit mangfald av livssyn og religionar i det norske samfunnet. NRK har dei seinare åra styrkt formidlinga frå islamske høgtider.
- NRK har i 2024 hatt sportssendingar som dekte både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar. NRK har også dekt idrettsøvingar for personar med funksjonsvariasjonar.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noMari Velsanddirektør i Medietilsynet
Tel:+47 913 28 448mari.velsand@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet støtter økt aldersgrense og alderskontroll i sosiale medier7.7.2025 10:02:42 CEST | Pressemelding
Medietilsynet støtter regjeringens lovforslag om å øke aldersgrensen for sosiale medier til 15 år og å innføre en reell alderskontroll i disse tjenestene. – Vi vet at mange barn og unge eksponeres for skadelig påvirkning i sosiale medier, og derfor trengs det risikoreduserende tiltak, sier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
19 nominasjoner til Ibelin-prisen7.7.2025 07:50:00 CEST | Pressemelding
Fristen for å nominere kandidater til den første Ibelin-prisen – årets rollemodell innen gaming – er gått ut. 19 unge forbilder er nominert, og nå starter juryen sitt arbeid mot prisutdelingen i høst.
Medietilsynet får nytt tilsyns-ansvar når lov om digitale tjenester innføres i Norge2.7.2025 16:30:32 CEST | Pressemelding
Medietilsynet får ansvar for flere viktige tilsynsområder gjennom den nye loven om digitale tjenester, som regjeringen nå har sendt på høring. – At EUs forordning om digitale tjenester (DSA) nå blir innført i Norge, er et viktig skritt mot et tryggere internett, sier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Rekord-låge annonseinntekter for norske aviser i fjor27.6.2025 06:50:00 CEST | Pressemelding
Annonseinntektene til norske aviser var på eit historisk lågt nivå i 2024, viser ein ny rapport frå Medietilsynet. Sett under eitt blei fjoråret nok eit svakt driftsøkonomisk år for avisene, sjølv om lønnsemda var noko betre enn året før.
TV 2 oppfylte alle krav som kommersiell allmennkringkastar i 202426.6.2025 06:50:01 CEST | Pressemelding
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2024 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Dette er det første året med den nye femårige avtalen mellom TV 2 og staten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom